Treskjerar. Foreldre: Bonde (leiglending) Guttorm Estinsson Sandbu og Mari Olsdotter. Gift 22.3.1750 med Ymbjør Larsdotter Einangen (død mai 1763).

Eistein, eller Estin, Guttormsson Kjørrn var ein av dei mest framståande treskjerarane i Gudbrandsdalen. Han var ikkje nyskapande, men den som først tok opp stilen etter Jakob Klukstad og meir eller mindre etterlikna den måten Klukstad skar på.

Estin var født på Gammel-Sandbu i Sel, men sist i 1730-åra måtte familien flytte frå garden. Ein bror festa husmannsplassen Rævshaugen under Slette i Heidal, og Estin flytta med til Rævshaugen og budde der i ungdomsåra. Da Estin gifta seg, festa han plassen Kjørra under Steinfinsbø i Heidal og budde der så lenge han levde.

Estin tok tidleg til å skjere i tre, og da Jakob Klukstad dreiv og skar innreiinga til Heidalskyrkja, måtte Estin sjølvsagt av garde og sjå på arbeidet. Han gav seg ut for å vere ein heimføding som ikkje hadde greie på nokon ting. “Ja, han gjekk og stal Konste fraa meg som ein a'an Skjelm,” er det hermt etter Klukstad.

Etter kvart fekk Estin godt ry som treskjerar, og 1758 fekk han oppdraget med å modernisere den gamle altartavla frå 1675 i Vågåkyrkja. Dei gamle vengene i bruskbarokk vart erstatta med ei ny ramme av akantusrankar. Han skar også korskiljedekorasjon i kyrkja. Seinare laga han inventar til fleire kyrkjer. Til den nye kyrkja i Kvikne i Nord-Fron frå 1760 skar Estin altartavle og preikestol, som han stafferte. Preikestolen er ein kopi av den som Klukstad hadde laga til Heidalskyrkja. Altartavla er i hovudforma lik den i Heidalskyrkja, men her hadde Kjørrn frigjort seg meir frå førebiletet. I tillegg skar Estin korskiljedekorasjon.

Sist i 1760-åra vart det bygd ny kyrkje i Svatsum i Vestre Gausdal, og det var Kjørrn som skar altartavla (no i Olstad kapell i Vestre Gausdal). Eit par år etter skar han ny preikestol til den gamle kyrkja i Follebu. Det er seinare laga ny preikestol, men treskurden til Kjørrn er brukt om att. 1776 vart det bygd ny kyrkje i Kvam, og altartavla til Lars Borg frå 1703 vart flytta over til den nye. Men her vart den for lita, så Kjørrn laga eit nytt biletfelt til den gamle tavla og ramma det heile inn med eit rankeverk i akantus. Kyrkja brann 1940.

Ryet til Estin Kjørn som kyrkjekunstnar nådde også til Valdres. Tre brør som heldt på å miste livet i eit uver på fjellet, lova å koste ny altartavle til kyrkja i Hegge i Øystre Slidre. Kjørrn fekk i oppdrag å lage altartavla, som var ferdig i mars 1780. Da den vart dratt på skikjelke over fjellet, vart ein av figurane, Judas, slått av. Den vart funne att, men målinga hadde bleikna. “Nu har han den rette Judas-farve,” sa presten.

Kjørrn laga altartavle og korskilje til Selskyrkja. Tavla her er bygd opp på same måten som Kvikne- og Hegge-tavlene, men det dekorative arbeidet er rikare enn i dei tidlegare arbeida.

Estin Kjørrn var også ein flink målar og måla og forgylte sjølv kyrkjearbeida sine. Da gudbrandsdølane sist på 1700-talet tok til å bruke gravminne av kleberstein, laga Kjørrn slike. Dessutan prøvde han seg som salmediktar, det er kjent skillingsviser etter han, og han skal ha skrive songar på bygdemål. I så fall var han ein av dei første som dikta på Vågå-mål.

  • J. Meyer: Fortids kunst i Norges bygder. Gudbrandsdalen,1908–11, hf. 1: Hedalen og Kvikne,1908, s. 23–24
  • I. Kleiven: I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-minne fraa Vaagaa,1908, 2. oppl. 1944, s. 259–263
  • d.s.: “Eystein Guttormsson Kjørrn”, i Årbok for Dølaringen,1931, s. 11–23
  • G. Midttun: biografi i NBL1, bd. 7, 1936
  • R. Hauglid: Akantus,bd. 2: Mestrene i norsk treskurd,1950, s. 281–298
  • E. M. Magerøy: biografi i NKL,bd. 2, 1983
  • A. Engen: Treskurd og treskjerarar i Gudbrandsdalen,Lillehammer 1998, s. 32–35