Eindride Erlendsson

Faktaboks

Eindride Erlendsson
Levetid - kommentar
Fødselsår og fødestad er ukjende; Død truleg 1440 el. 1441 (siste gong nemnd sumaren 1440); nemnd 1384–1440
Virke
Riddar, riksråd, syslemann, høvedsmann og fehirde
Familie
Foreldre: Faren var væpnaren og riksråden Erlend Filippusson (død 1407), mora er ukjend. Eindride var gift, men vi kjenner ikkje namnet på kona hans. Far til Erlend Eindridsson (nemnd 1429–50).

Eindride Erlendsson høyrde til den fremste gruppa av aristokratiet i Noreg i første halvdel av 1400-talet, med det meste av jordeigedommen sin på Vestlandet. Han var ein av “favorittane” til dronning Margrete og hadde sentrale ombod i hennar og kong Eriks regjeringstid.

Eindride var runnen av den kjende Losnaætta frå Ytre Sogn (sjå Erlend Filippusson). Han er første gong nemnd i kjeldene 1384; då var han lagrettemann i Sogn, men han fekk snart virkefeltet sitt utvida. Som faren vart han medlem av riksrådet og var mellom dei som møtte i Kalmar 1397. Han hadde då fått riddarslaget, truleg skjedde det medan han var i Kalmar.

Han kom for alvor med i rikspolitikken 1405, då den unge kong Erik etter instruks frå dronning Margrete fjerna den aldrande Amund Berdorsson Bolt frå høvedsmannsstillinga på Akershus og sette Eindride inn i staden. På den tid var herr Eindride i aktiv kongsteneste med stilling som kjøkemeister, eit embete som var knytt til hoffet med oppgåver for kongen personleg. Hofftenesta kan ha vore ei opplæringstid, og dronninga må ha funne han vel skikka til å ta over den viktige kommandant- og høvedsmannsstillinga.

Tida på Akershus vart kort, siste gong han er omtala som høvedsmann her var 1408. Det vil ikkje seie at han kom i miskreditt eller fall i unåde; dei mange sentrale omboda han hadde i Erik av Pommerns kongstid, tyder på det motsette. Den lengste tida sat han som høvedsmann på Tønsberghus, truleg frå han sa frå seg Akershus og livet igjennom (omtala 1411, 1419, 1422, 1427 og 1438). 1412 og 1427 er han dessutan nemnd som høvedsmann og fehirde i Bergen, og i tillegg hadde han sysler på Sunnmøre (omtala 1400 og 1421), på Agder (1425, 1427 og 1429) og i Ryfylke (1419, 1423 og 1440).

Historikaren Lars Hamre omtalar herr Eindrides “kystrike”, og det var innanfor dette maktområdet han hadde setegarden sin og tyngda av jordeigedomen. Han hadde dessutan slektstilknyting til Ryfylke. Som ombodsmann der nytta han væpnaren Samson Filippusson, som kan ha høyrt til ei grein av Losna-ætta. Samson budde på Øye i Hjelmeland, der han døydde 1451, og han var medlem av riksrådet.

Ættetilknytinga og dei sterke økonomiske interessene kan ha vore medverkande til at herr Eindride fekk maktområdet sitt drege vestover. Han vart også nytta i diplomatiske ærend, såleis i 1415, då kong Erik sende han og oslobispen Jakob til svogeren sin, kong Henrik 5 i England, for å påklaga at engelskmenn dreiv ulovleg handel og fiske på og ved Island. Det tok tid å få løyst problema, og nokre år seinare, i 1431, vart herr Eindride saman med andre rådsherrar teken til fange av engelske sjørøvarar då dei var på veg til rådsmøte i København.

Det “kystriket” Eindride Erlendsson fekk styringsansvaret for, illustrerer på ein slåande måte den administrative oppløysinga etter Svartedauden. Sjølv oppheldt herr Eindride seg det meste av tida i Tønsberg, syslene sine styrde han med hjelp av ombodsmenn, og det kan berre ha vore for kortare tider han vart kalla inn til Bergen (“gjesteroller” kallar Absalon Taranger det). Kong Erik la vekt på å få trugne medarbeidarar inn på dei kongelege slotta, særleg i det austlege Noreg. Han sette danske menn inn på Båhus og Akershus; Eindride var den einaste norske, og han hadde kongen full tiltru til.

1424 klaga allmugen i Tønsberg len over auka skattetrykk. Klagemåla var retta mot futen, men vi må tru at herr Eindride som lensherre hadde godkjent pålegga, som m.a. galdt ein ny skatt etter dansk mønster (hestelaup eller hestegang). Klagene førde ikkje til strid slik det skjedde om lag på same tid på andre sida av Oslofjorden, i Rakkestad, der tyskaren Herman Molteke vart skyteskive. Det var futestyret til kong Erik bøndene klaga på, og reaksjonane var retta mot det dei opplevde som brot på gammal sedvane og “St. Olavs lov”. Kanskje greidde herr Eindride å roe gemytta.

Som våpenskjold hadde herr Eindride ein kross sett saman av ni ruter, same merket som faren Erlend Filippusson hadde. Herr Eindride hadde berre ein son, Erlend, som både arva det store jordegodset og gjekk inn i fleire av dei posisjonane faren hadde hatt. Far og son er begge omtala som høvedsmenn på Tønsberghus mot slutten av 1430-åra, noko som kan tyda på at Eindride var sjuk dei siste åra han levde.

Kilder og litteratur

  • DN, bd. 2, nr. 625 og 662, bd. 3, nr. 552, bd. 4, nr. 827, 838 og 877, bd. 7, nr. 382 og 383, bd. 11, nr. 120, bd. 12, nr. 168, bd. 21, nr. 297
  • RN, bd. 7
  • NgL, rk. 2, bd. 1, 1857
  • A. Taranger i NHfNF, bd. 3, del 1, 1915
  • H. Sollied og P. R. Sollied: “Losna-ætten”, i NST 1, 1928, s. 14–31
  • L. Hamre: Norsk historie frå omlag 1400, 1968
  • G. Leistad: “Nesøya og nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig nytid”, i Asker og Bærum historielag. Skrifter 37, 1997, s. 311–346
  • Om Losnaætta sjå i tillegg under Erlend Filippusson