Islandsk skald. Foreldre: Faren heitte Skule, mora er ukjend.

Einar Skulason var den mest kjende av dei islandske skaldane på 1100-talet. Han dikta kvad til ei rekkje av dei norske kongane, men blir helst hugsa for si store dråpa Geisli om Olav den heilage.

Einar må ha vore fødd seint på 1000-talet og voks truleg opp i Borgarfjordområdet, men budde den lengste tida av sitt vaksne liv i Noreg. Etter eitt av handskrifta til Gunnlaugs saga tilhøyrde Einar den slekta som blir kalla myramennene, og han var høgst sannsynleg ein etterkomar til Egil Skallagrimsson.

Einar Skulason hadde presteutdanning, men vi veit ikkje om han fekk utdanninga på Island eller ein annan stad. Seinast ein gong mellom 1112 og 1114 må han ha kome til Noreg, der han var hos kong Sigurd Jorsalfarar. Þinga saga fortel at Einar var brukt som sendebod mellom kongen og mågen hans, Sigurd Ranesson, i stridane mellom dei i åra 1112–14. Av Morkinskinna går det fram at Einar Skulason også var hos Sigurd Jorsalfarar på den tida kong Harald Gille kom til Noreg, rundt 1124. Han må også ha opphalde seg hos Harald Gille i den tida denne var konge (1130–36), for han dikta to kvad til kongen, og etter opplysningar i Skáldatal dikta han også eit kvad (tapt) til kong Magnus Blinde, som delte kongedømmet med Harald i åra 1130–35. Om Einar Skulason har vore samanhengande i Noreg i denne perioden, eller om han har reist att og fram, er vanskeleg å vite.

I ei islandsk presteliste frå året 1143 er Einar Skulason førd opp mellom dei islandske prestane, og han må altså i ein periode ha vore i arbeid som prest heime på Island. Plasseringa på lista indikerer at han var prest i heimetraktene, truleg på Borg i Borgarfjorden. Ein gong under styret til dei tre Haraldssønene, Sigurd, Inge og Øystein, har Einar Skulason vendt tilbake til Noreg. Han dikta kvad til alle desse kongane, men eit særleg nært forhold hadde han til kong Øystein, som gjorde Einar Skulason til sin stallare. Truleg var Einar hos kong Øystein til denne døydde 1157. Seinare må han ha vore hos kong Inge. Ein gong mellom slaget ved Elv (1159) og 1161, då kong Inge og fosterfaren Gregorius Dagsson fall, dikta Einar Elfarvísur til Gregorius Dagsson. I den politisk stormfulle tida han oppheldt seg hos norske kongar, ser det ut for at han har klart å halde seg utanfor stridane.

Einar Skulason var ein svært produktiv skald. Han dikta kvad til alle norske kongar frå Øystein Magnusson (død 1122) og Sigurd Jorsalfarar til og med Inge Krokrygg (død 1161) og om dei norske stormennene Gregorius Dagsson og Einride Unge. Han dikta også kvad til kong Sørkve i Sverige og Jon, sonen hans (tapt), og til kong Svend i Danmark (tapt). Sjølv om mykje av diktinga hans har gått tapt, og dei fleste kvad berre finst i fragmentarisk form, er det bevart så mykje som 147 strofer eller delar av strofer etter han, mellom desse fragment av ikkje mindre enn 8 kvad til kongar. Berre etter Sigvat skald er det overlevert fleire strofer. Men det er ingen skald Snorre i si Edda siterer så mange strofer av, som Einar Skulason. Det er bevart ein tått om Einar Skulason i Morkinskinna. Dei anekdotane som er fortalde i denne tåtten, har alle som føremål å vise kor lett Einar hadde for å dikte.

Sjølv om Einar Skulason dikta kvad til mange kongar på 1100-talet, er det diktet Geisli ('Stråle') som prisar helgenkongen Olav den heilage, som for ettertida vart ståande som det mest kjende av dikta hans. Denne dråpa (lovkvad med stev) på 71 strofer er også det einaste fullstendig bevarte av kvada etter Einar Skulason. Diktet vart til etter oppfordring frå kong Øystein, og framsagt ved grava til helgenkongen i Kristkyrkja i Nidaros, med kongane Øystein, Sigurd og Inge og erkebiskop Jon Birgersson til stades.

I diktet reknar Einar opp ei rad av jartegnene til helgenkongen. Olavs heilagdom blir understreka av at han blir samanlikna med Kristus. I diktet stig Einar Skulason fram som ein lærd teolog, og biletbruken knytt til kjenningar med rot i eit førkriste skaldespråk vert her blanda med ein ny biletbruk knytt til kristen symbolikk. Kong Olav er ein stråle (geisli) frå nådens sol (Kristus) som let seg føde av den klare havstjerne (Maria).

  • Edda Snorra Sturlusonar (Snorres Edda), utg. av Finnur Jónsson, København 1931
  • Gunnlaugs saga, utg. av Sigurður Nordal og Guðni Jónsson, Íslenzk fornrit, bd. 3, Reykjavík 1938
  • Heimskringla, utg. av Finnur Jónsson, 1911/1966
  • Morkinskinna, utg. av Finnur Jónsson, København 1932
  • Finnur Jónsson (red.): Den norsk-islandske skjaldedigtning (utg. av Einar Skulasons dikting: IA (tekst etter handskrifta), s. 455–485, IB (retta tekst), s. 423-457), København 1912–15
  • F. Paasche: Kristendom og kvad. En studie i norrøn middelalder, 1914
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • W. Lange: Studien zur christlichen Dichtung der Nordgermanen 1000–1200, Palaestra 222, Göttingen 1958
  • Bjarni Einarsson: “Geisli”, i KLNM, bd. 5, 1960
  • B. Fidjestøl: Det norrøne fyrstediktet, Øvre Ervik 1982
  • M. Chase: “Einar Skúlason”, i P. Pulsiano (red.): Medieval Scandinavia. An Encyclopedia, New York/London 1993