Einar kongsmåg tente fire birkebeinarkongar som militær befalingsmann og sivil administrator i åra kring 1200.
Einar trer fram i kjeldematerialet mot slutten av kong Sverres regjeringstid. I desember 1201 var han ein av leiarane i det vellykka åtaket mot baglarhæren i Lusakaupang i Sogn. Etter at Håkon Sverresson var tatt til konge på Øyratinget våren 1202, vart syslene refordelte, og det var truleg no Einar vart syslemann i Rogaland, med sete i Stavanger. Det var eit viktig administrasjonsdistrikt med store inntekter, og utnemninga syner at Einar må ha hatt ein sentral posisjon i den indre krinsen kring kongen. Den stutte versjonen av Bǫglunga sǫgur (Soga om birkebeinar og baglar) understrekar da også at det var nær vennskap mellom svograne Håkon Sverresson og Einar kongsmåg. Like etter konungstekja på Øyratinget var Einar med som sveithøvding i den flokken som drog sørover mot baglarane. Det kom til kamp ved Stavanger, som enda med at baglarhæren vart driven bort frå Rogaland.
Etter at Håkon Sverresson døydde første nyårsdag 1204, vart Guttorm Sigurdsson ny birkebeinarkonge, berre fire år gammal. Det vart bestemt at Einar og kongsfrenden Peter Støype skulle ha ansvaret for fostring og tilsyn med barnekongen, medan den nyutnemnde jarlen Håkon Galen fekk den politisk-militære leiarskapen. Som fosterfedre hadde Einar og Peter truleg også privat verjemål for kongsbarnet. Dei må derfor ha vore med i den stormannskrinsen som førte regjeringa, og i realiteten også ha vore med i formyndarstyret. Kong Guttorm døydde alt i august 1204.
Einar må deretter ha vendt tilbake til syslemannsgjerninga i Stavanger. Etter å ha reist kring i Rogaland og kravt inn leidangskost, vart han i april 1205 overrumpla av ein baglarhær medan han heldt forliksstemne i Stavanger. Saman med mennene sine søkte han tilflukt i Svithunskyrkja. Etter å ha fått grid svor han i koret i kyrkja – på St. Svithuns skrin – at han aldri meir skulle kjempe mot baglarkongen Erling Steinvegg. Han vart likevel hoggen ned då baglarane førte han ut av kyrkja. Ifølgje den lengre og birkebeinarvennlege versjonen av Bǫglunga sǫgur møtte han døden som ein ekte sagahelt, med spottord på leppene: “Ureint er baglargridet”. Etter ein eldre tradisjon i Stavanger var den kjende runekrossen, som tidlegare stod ved innfartsvegen til byen, reist til minne om drapet på Einar kongsmåg. Men det er no godtgjort at steinen er frå 1000-talet, og truleg reist over Erling Skjalgsson.
Eit brev frå pave Innocens 3 til erkebiskop Tore i Nidaros (mars 1206) innskjerpar reaksjonsmåten mot prestar som deltar i krig, og mot personar som drep slike prestar. (Canones Nidrosiensis frå ca. 1170 sette strenge forbod mot at geistlege greip til våpen.) Den aktuelle norske bakgrunnen for brevet er mykje truleg Einar prests militære aktivitetar, og drapet ved St. Svithuns kyrkje.
Med sine militær-strategiske og administrative evner, og sin geistlege bakgrunn, tente Einar kongsmåg lojalt under fire kongar i Sverre-ætta. Den stutte versjonen av Bǫglunga sǫgur kallar han ein “stor høvding”. Hans posisjon under kong Sverre synes å ha vore heller perifer. Men under dei harde konfrontasjonane mellom baglar og birkebeinar etter Sverres død, da regentskifta også var hyppige, må hans erfaring og handlingsevne ha vore ein betydeleg ressurs for birkebeinarkongane.