Faktaboks

Einar Helgason Skålaglam
Norrønt Einarr Helgason Skálaglamm
Levetidskommentar
Fødd omkring 950 på Vest-Island; Død i første halvdel av 990-åra i Breidafjord, Island
Verke
Islandsk skald
Familie
Foreldre: Helge Ottarsson og Nidbjørg Bjolansdotter.

Einar Helgason Skålaglam var ein av skaldane til ladejarlen Håkon Sigurdsson, og han kan ha vore med i slaget i Hjørungavåg. Det einaste større diktet som er bevart etter Einar Skålaglam, er Vellekla ('Gullmangel'), som er eit hyllingskvad – ei dråpa – til Håkon jarl. Det er også bevart ei enkel strofe av eit anna hyllingsdikt til Håkon jarl og eit par strofer av eit hyllingsdikt til den danske kongen Harald Blåtann, dessutan tre såkalla lausaviser (frittståande strofer).

Einar var truleg fødd rundt – eller litt før – 950, og tilhøyrde ei av dei fremste ættene på Island. Faren var soneson til landnåmsmannen Bjørn den austrøne; mora var, etter opplysningane i Landnámabók, dotter av skottekongen Bjolan og Kadlin, dotter til Gange-Rolv. Brordotter til Einar var Gudrun Osvivsdotter, som det er fortalt om i Laxdœla saga, og Einar var oldefar til Stein Herdisson, ein av skaldane til kong Olav Kyrre.

Vellekla er ikkje overlevert som samanhengande dikt, men lausrivne strofer frå diktet er siterte i ulike kongesoger og i Snorres Edda. Slik diktet står i utgåvene, er det ein rekonstruksjon, og større eller mindre delar av det opphavlege diktet manglar; mellom anna manglar stevstrofene, som ei dråpa skal ha. Diktet fortel om kampane Håkon jarl hadde mot kong Harald Gråfell og brørne hans. Gjennom desse kampane fekk Håkon herredømmet over landet, og han tok hemn for drapet på faren, Sigurd jarl. Vidare blir det fortalt om kampane mot Ragnfrød, ein av sønene til Eirik Blodøks, som prøvde å vinne landet attende, og om kampen ved Danevirke, der Håkon kjempa som den danske kongens mann mot den tyske keisaren Otto 2. Om nokre strofer som fortel om slaget i Hjørungavåg mot jomsvikingane, opphavleg har tilhøyrt diktet, er uvisst.

Kva tittelen på diktet – “Gullmangel” – tyder, har vi ingen sikre kunnskapar om. Men tittelen kan vere ei oppmoding til jarlen om å gi skalden gull som skaldeløn. Vi veit heller ikkje nøyaktig når diktet vart til. Dersom strofene som fortel om slaget i Hjørungavåg, opphavleg har høyrt til diktet, må det vere frå åra etter ca. 986.

Krinsen kring Håkon Sigurdsson ladejarl var ein heiden bastion i ein periode då kristendomen var på frammarsj. Einar Skålaglam teiknar eit bilete av Håkon jarl som ein god landsstyrar, og dette biletet er heilt gjennomsyra av ein heiden ideologi. Håkon er Odins etterkomar. Under hans styre har jorda igjen vorte fruktbar, gudane har vendt tilbake til blota, og heilagdomane – som dei kristne Eirikssønene hadde herja – har igjen vorte sanne heilagdomar. Det er gudane som styrer landet gjennom Håkon jarl, og Håkon styrer etter gudanes vilje. Håkons styre er ei lykke for landet, og den fred han har skapt, blir samanlikna med den fred som fanst under segnkongen Frode.

Drottkvættstilen på slutten av 900-talet var spesielt tung og krevjande med høg bruk av mangelekka kjenningar. Einar Skålaglam meistrar denne stilen til fulle. Diktet går for å vere eit av dei kunstnarleg mest vellukka dikta frå perioden, og Einar Skålaglam er også ein av dei skaldane Snorre ofte siterer i si lærebok i skaldskap, Edda, som døme på korleis ein skal lage kjenningar.

Etter det Jómsvíkinga saga fortel, var Einar først kjend som Skjoldmøy-Einar, men han fekk tilnamnet Skålaglam ('skåleklang') etter at Håkon jarl gav han eit par vektskåler i sølv med vektlodd som hadde ein klang ein kunne ta varsel av.

“Einar var lenge utanlands hos høgborne menn,” står det i Egils saga Skalla-Grímssonar. Men han enda livet sitt på Island. Han drukna i Breidafjorden i første halvdel av 990-åra.

Kilder og litteratur

  • Edda Snorra Sturlusonar (Snorres Edda), utg. av Finnur Jónsson, København 1931
  • Egils saga Skalla-Grímssonar, utg. av Sigurður Nordal, Íslenzk fornrit, bd. 2, Reykjavík 1933
  • Fagrskinna, utg. av Bjarni Einarsson, Íslenzk fornrit, bd. 29, Reykjavík 1985
  • Heimskringla,utg. av Finnur Jónsson, 1911/1966
  • Jómsvíkinga saga, utg. av Ólafur Halldórsson, Reykjavík 1969
  • Landnámabók, utg. av Jakob Benediktsson, Íslenzk fornrit, bd. 1, Reykjavík 1968
  • Finnur Jónsson (red.): Den norsk-islandske skjaldedigtning (utg. av Einars dikting: IA (tekst etter handskrifta), s. 122–132; IB (retta tekst), s. 116–125), København 1912–15
  • F. Paasche: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • H. Patzig: “Die Abfassung von Einars Vellekla”, i Zeitschrift für deutsches Altertum und deutsche Literatur 67, 1930
  • H. Lie: ”Vellekla”, i KLNM, bd. 19, 1975
  • E. Marold: “Einarr Helgason skálaglamm”, i P. Pulsiano (red.): Medieval Scandinavia. An Encyclopedia, New York/London 1993