Faktaboks

Einar Østvedt
Fødd
30. november 1903, Skien, Telemark
Død
11. april 1980, Skien
Verke
Historikar
Familie
Foreldre: Kjøpmann Sophus Andreas Østvedt (1869–1921) og Ellen Helga Johanne Grønneberg (1881–1963). Gift 17.8.1935 i Skien med kontordame Agnes Milberg Ulvin (26.4.1909–26.4.1993), dotter til gardbrukar Halfdan Ulvin (1863–1909) og Agnes Milberg (1875–1944).

Einar Østvedt var ein aktiv kulturarbeidar med lokalmiljøet i Skien som utgangspunkt, men hadde alltid syn for lange kulturelle liner. Som historikar har han ein stor litterær produksjon der han alltid søkte mennesket bak hendingane. Det konservative grunnsynet hans kan i visse samanhenger ha medverka til at somme politikarar ikkje alltid verdsette innsatsen hans.

Som ung var Østvedt aktiv med turn og tennis i idrettslaget Odd, og han fekk tidleg eit romantisk forhold til naturen – fyrst som speidar. På skulen utvikla han interesse for song og musikk, men var ikkje noko skulelys. Etter examen artium 1922 var han i 18 månader huslærar for to elevar hjå sokneprest Hauge i Fyresdal, samstundes som han studerte latin med prost J. L. Qvisling – far til Vidkun. Deretter tok han engelsk og fransk bifag og historie hovudfag ved Universitetet i Oslo og vart cand.philol. 1930. Vinteren 1927–28 hadde han eit studieopphald ved universitetet i Besançon i Frankrike. Dr.philos. blei han 1947 med avhandlinga Christian Magnus Falsen. Linjen i hans politikk.

Østvedt var lektor ved Skien off. høyere almenskole 1931–71 og lektor i fransk ved Skien Handelsgymnas 1939–49, men med avbrot av mange permisjonar og stipendreiser/studieopphald: Storbritannia 1948, Harvard University, USA 1955, Roma 1963 og København 1964. Under den andre verdskrigen tok han aktivt del i læraranes kamp mot nazifisering og vart deportert til Kirkenes 1942. Denne hendinga har han skildra i Straff og samhold.

Som kulturarbeidar hadde Østvedt eit stort engasjement, både for å setje i verk kulturtiltak og for å skrive faglitteratur om kunst, historie, litteratur og friluftsliv. Han var 1935–40 redaktør av det konservative folkeopplysingsbladet Kikut, der nazihatet var tydeleg, og i avisa Varden var han i mange år kunst-, musikk- og litteraturmeldar.

Venen Harald Kihle fekk han til å skrive boka Telemark i norsk malerkunst, der Kihle tok seg av illustrasjonane. Seinare kom mange kunstnarmonografiar og Telemark i norsk billedhuggerkunst, der han m.a. laga eit varmt portrett av venen og bysbarnet, den kontroversielle bilethoggaren Wilhelm Rasmussen.

To store oppdrag arbeidde han med i fleire år: Fløtning i Telemark gjennom 300 år og De norske jernbaners historie i tre band. Desse bøkene fekk rosande omtale, og det blei godt motteke at han i jarnvegsoga skreiv meir om passasjerane enn sjølve toget. Men han skreiv også om den offentlege debatten i pressa og Stortinget om lineval, finansiering og tekniske løysingar.

Østvedt var særleg interessert i lokalhistorie og tok initiativet til Selskapet for Skien Bys Vel 1961, der han var formann så lenge han levde. Selskapet gav ut skriftserien Byminner, og han skreiv sjølv dei 15 fyrste bøkene, m.a. om polarforskaren Hjalmar Johansen. Han var formann i nemnda for Skiens historie og fekk oppdraget med å skrive band 2 og 3 av bysoga til 600-årsjubileet 1958. Østvedts historiske verk byggjer på vitskapleg forsking, han var særleg dyktig til å finne ei populær form, men somme meinte Skiensoga hadde for mykje vekt på kunst- og kulturhistorie.

Østvedt er internasjonalt kjend for arbeidet sitt med å dokumentere Ibsens forhold til Skien, t.d. presten Lammers som ein av modellane for Brand. Arbeidet med å gjere Skien til sjølve Ibsen-byen opptok han heile livet, og han skipa Ibsenforbundet 1948. Der var han formann 1950–78 og kjempa for å få reist eit Ibsen-monument og Ibsenhuset. I alt skreiv han 12 bøker om Ibsen i tillegg til at han starta Ibsen-årboka og var redaktør for seks årbøker 1952–62.

Forholdet til naturen og fjellet førte også til at han tok på seg arbeidet med å redigere Skien–Telemark Turistforenings årbok 1936–46, og seinare skreiv han mange artiklar om å ferdast i villmarka. Siste boka hans var uvanleg nok ei novellesamling, Den siste glede, der det er sjølvbiografiske innslag.

Østvedt var bystyremedlem for Høgre 1946–48. Han var formann i Skiensavdelinga av Norsk Lektorlag 1945–46, og 1968–71 var han nestleiar i Statens kunstnarstipendnemnd.

Einar Østvedt fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1964, Telemark fylkes kulturpris 1978 og vart same året utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Trass i desse påskjøningane var det også ting som plaga han dei siste åra; han sleit med helsa, måtte amputere ein fot, og ordførar Namløs tok til orde for at æra for Ibsenhuset like mykje kunne tilleggjast fagforeiningane som Ibsenforbundet og Østvedt.

Verker

Eit utval

  • Hermann Bagger som redaktør og politiker, 1932
  • Telemark i norsk malerkunst, 1942
  • Straff og samhold. En dagbok fra lærernes Kirkenesferd 1942, 1946
  • Christian Magnus Falsen. Linjen i hans politikk, dr.avh. UiO, 1945
  • Frits Thaulow, 1951
  • De norske jernbaners historie 3 bd., 1954
  • Skiens historie, bd. 2 og 3, Skien 1958–59
  • Fra vei og vidde. Skien–Telemark turistforening gjennom 75 år, Skien 1962
  • Dyre Vaa. Telemarking og européer, 1963
  • Fløtning i Telemark gjennom 300 år, Skien 1963
  • Henrik Ibsen og la bella Italia, Skien 1965
  • Telemark i norsk billedhuggerkunst, Skien 1967
  • Med Henrik Ibsen i Fjellheimen. Henrik Ibsens egne tegninger og malerier, Skien 1967
  • Henrik Ibsen. Miljø og mennesker, 1968
  • Peer Gynt. Mennesker og motiver, Vinstra 1969
  • Mogens Heinessøn. Et Ibsen-skuespill som aldri ble skrevet, Skien 1969
  • Skien gymnas gjennom halvannet sekel, Skien 1972
  • Høyfjellet i Ibsens liv og diktning. Henrik Ibsens egne tegninger og malerier, Skien 1972
  • Henrik Ibsen. Barndom og ungdom, Skien 1973
  • Henrik Ibsen og hans venner, Skien 1974
  • På gamle tufter. Ti Telemarksprofiler, Skien 1975
  • Et dukkehjem. Forspillet. Skuespillet. Etterspillet, Skien 1976
  • Hjalmar Johansen. Hans biografi med tillegg av hans dagbøker fra Sydpolsferden, Byminner nr. 14, Skien 1978
  • Henrik Ibsen. Studier og streiftog, Skien 1978
  • Den siste glede. Ni noveller, Skien 1979
  • Sjå også Einar Østvedts forfatterskap 1932–78, Skien 1978

Kilder og litteratur

  • Stud. 1922, 1950
  • NFoR, 1950
  • HEH 1979
  • S. Steen: biografi i NBL1, bd. 19, 1983
  • J. E. Holand: Ingen dag uten en linje, Skien 1998

Portretter m.m.

  • Byste av Wilhelm Rasmussen, 1955; Ibsenhuset, Skien
  • Teikning, truleg av Pedro (Salo Grenning), 1956; p.e
  • Byste av Dyre Vaa, ca. 1964; sst