Faktaboks

Christopher Hansteen
Fødd
26. september 1822, Moss, Østfold
Død
10. mars 1912, Kristiania
Verke
Jurist og dommar
Familie
Foreldre: Tollinspektør Nils Lynge Hansteen (1782–1861) og Petronelle Severine Clementin (1787–1829). Gift 16.11.1853 med Lagertha Cecilia Wulfsberg (10.9.1820–9.5.1897), dotter til amtmann Gregers Winther Wulfsberg (1780–1846) og Johanne (“Hanne”) Iverine Friborg (1787–1863). Tremennings son til Christopher Hansteen (1784–1873).

Christopher Hansteen var dommar i Høgsterett i heile 38 år samanhengande. Det er lengre enn nokon annan dommar.

Hansteen voks opp i Moss, Christiania og Drammen. Han vart student 1838 og cand.jur. 1843. Etter nokre år som ekstraskrivar og kopist i Finans- og Indredepartementet vart han 1847 tilsett i Justisdepartementet, der han 1854 rykka opp til byråsjef. 1857 vart han konstituert som fogd og kriminaldommar i Christiania og fortsette i denne stillinga fram til 1866. Året etter blei han utnemnd til assessor i Høgsterett, der han vart verande til han søkte avskil 1905, 82 1/2 år gammal.

Hansteen var på mange måtar den arketypiske dommaren i den norske embetsmannsstaten. Han var ein framifrå jurist og ein høgt akta dommar. Han søkte inn i realitetane i kvar einskild sak, og sjølv om han bøygde seg for lova, ville han likevel i det lengste unngå å la seg binde av gjeldande juridiske teoriar eller tidlegare prejudikat, når desse streid mot det han meinte var den mest rettferdige og høvelege løysinga av saka som låg føre. Under den munnlege prosedyren noterte han ned mest kvart einaste ord som vart sagt, og det var først når han på kontoret hadde gått gjennom alt dette stoffet at han byrja å sikte og vege det for å kome fram til eit domsresultat.

Som menneske hadde Hansteen eit eldfullt temperament; han uttalte seg gjerne om saker som låg langt utanfor hans eige arbeidsfelt, og han gav tydeleg uttrykk for kva og kven han likte eller mislikte, både munnleg og gjennom innlegg i avisene. Det vart òg sagt at når han kjende seg krenkt i rettskjensla si, var han ikkje lenger fullt ut objektiv og at han greip til grunnar og resonnement som han elles ville ha funne for lettvinte.

Hansteen var medlem av Riksretten 1883–84, og i dei førebuande møtene gav han klart til kjenne kva han meinte om at to assessorpostar var dregne inn og at tiltalespørsmålet var utsett, og han uttalte seg på ein måte som fekk stortingspresidenten til å gripe inn. Lenge trudde mange at Hansteen hadde arbeidd aktivt for at Høgsterett skulle tre ut av Riksretten for å sprenge denne, men det er faktisk ikkje rett. I ein anonym artikkel i Morgenbladet hevda han klart og bestemt at som ein minoritet i Riksretten måtte Høgsterett bøye seg for fleirtalet, og at domstolen ikkje hadde nokon heimel for å tre ut av Riksretten. Plikten han kjende som dommar gjekk altså framfor det politiske engasjementet.

Frå 1859 var Hansteen medlem av den store kyrkjekommisjonen som ut gjennom 1860-åra la fram lovforslag om ordninga av den norske kyrkja. Han vart vald til 2. suppleant frå Christiania, Hønefoss og Kongsvinger til Stortinget 1868–69, men trong aldri møte. Han var òg medlem av representantskapet (bystyret) i Christiania 1867–76. Etter 1884 var han fleire gonger nemnd som mogleg sjef for eit konservativt kampministerium. Da unionskrisa spissa seg til 1892, gav til og med Oscar 2 han eit formelt kall til å danne regjering, men Hansteen avslo av omsyn til alderen; han var då 70 år gammal.

Hansteen var i det heile teke ein svært konservativ mann, og dette gjorde nok sitt til at regjeringa Sverdrup gjekk forbi han da det skulle utnemnast ny justitiarius i Høgsterett etter Iver Thomle. Regjeringa ville heller ha den meir moderate assessor Lambrechts, og Hansteen kjende seg krenkt over dette.

Christopher Hansteen vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1868, fekk kommandørkrossen av 1. klasse 1882 og storkrossen 1895.

Verker

    Eit utval artiklar og pamflettar

  • Om Dødsstraffens Afskaffelse, (anonymt) 1864
  • Bidrag til Oplysning om, med hvor ringe Udgift Landmanden kan sikre sig imod de ødelæggende Virkninger af Regn under Kornhøsten, i Mgbl. nr. 280/1866
  • Om Nødvendigheden af, at vor Armé uden Ophold forsynes med tidsmæssige Bagladningsgeværer, i Mgbl. nr. 311/1866
  • Lad os betegne Tingen med dens rette Navn (om motstanden mot kongens framlegg i statsrådssaka), i Mgbl. nr. 221/1882
  • Centrum – Forsoningspolitik, i Mgbl. nr. 54A/1883
  • Eds-Institutionen. En Udvikling af Edens Betydning og Vigtighed for Samfundet, 1884 (først trykt i Mgbl. nr. 85A og 88A/1883)

Kilder og litteratur

  • Biografi i NFL, bd. 2, 1888
  • HEH 1912
  • biografi i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • G. Hallager: biografi i NBL1, bd. 5, 1931