Norsk skald. Den islandske Landnámabók gjev opplysningar om slekta hans. Han skal ha vore gift med Lofthøna, dotter til skalden Erp Lutande. Dottera, Astrid Sløkedreng, er nemnd som stammor til norske og islandske ætter med tilknyting til Vestlandet. Det er difor truleg at også Brage kom frå Vest-Noreg.

Brage Boddason er den eldste skalden vi har skaldedikting etter. I Skáldatal, ein islandsk katalog frå 1200-talet over skaldar som var knytte til ulike kongar, er Brage nemnd som skald hos fleire kongar som skal ha levd på overgangen til historisk tid: Ragnar Lodbrok, Eystein Bele og Bjørn på Haug. Eystein Bele kan vi ikkje identifisere. Den historiske personen bak segnkongen Ragnar Lodbrok kan vere den danske – eller (iflg. den britiske historikaren A. P. Smyth) den norske – kongen Ragnar, som herja i Seine-distriktet og tok Paris i 840-årene, og som døde i England ca. 865. Bjørn på Haug er i kjeldene ein svensk konge, og kan vere den «rex Bern» som er nemnd i Vita Ansgarii som konge over Birka då misjonæren Ansgar kom dit 827. Landnámabók (dessutan Hálfs saga ok Hálfsrekka og Geirmundar þáttr heljarskinns) nemner at Brage var hos ein kong Hjor i Rogaland.

Diktinga til Brage Boddason er overlevert i ei heller fragmentarisk form. Alle strofene bortsett frå to er overleverte i handskrift av Snorres Edda, ei (Ragnarsdrápa 13) er også overlevert i handskrift av Ynglingasaga, to i Den tredje grammatiske avhandling (den eine berre der) og ei strofe er overlevert i handskrift av Landnámabók, Hálfs saga ok Hálfsrekka og Geirmundar þáttr heljarskinns. Vi har overlevert 26 strofer eller delar av strofer. 20 av desse har ein meint tilhøyrer det same kvadet, ei dråpa som Snorre i si Edda seier Brage dikta om Ragnar Lodbrok. Slik Ragnarsdrápa framstår i utgåver, er dette langt på veg ein rekonstruksjon som er bygd opp både av dei strofene Snorre seier har tilhøyrt kvadet om Ragnar Lodbrok, og andre strofer etter Brage.

Grunnlaget for rekonstruksjonen er den ideen at alle 20 strofene tilhøyrer eit såkalla skjoldkvad som skildrar bilete på eit skjold med fire biletfelt. Ragnarsdrápa skildrar, slik strofene er arrangerte, to scener frå segnhistoria og to scener frå mytologien: Hamde og Sorles kamp mot kong Jormundrek, Hild som eggjar Hogne til kamp mot Hedin (Hjadingekampen), Gefjon som pløyer Sjelland laust frå Sverige, og Tor som fiskar Midgardsormen. I stevet i kvadet seier Brage at han har fått skjoldet med dei mange segner frå Ragnar, og i ei halvstrofe, som er plassert i innleiinga til diktet, er kongen kalla «Sigurds son». Ragnar Lodbrok skal ha vore son til Sigurd Ring. Det kan såleis stemme at kvadet er dikta til Ragnar Lodbrok, slik Snorre seier, men prov på dette har vi ikkje. I Egils saga er det nemnt eit “hovudløysingsdikt” som Brage skulle ha kvede til kong Bjørn på Haug.

Nokre forskarar har meint at Brage var skalden som skapte den spesielle drottkvætt-stilen. Hallvard Lie har føreslege at Brage kan ha skapt drottkvætt-stilen i det han prøvde å overføre stilen i den materielle kunsten (på skjoldet) til ordets kunst. På slutten av 1800-talet var det fleire forskarar som stilte seg tvilande til at Brage var ein historisk person. Eit av argumenta var at ein av gudane heitte Brage, og gudenamn er ikkje personnamn i norrøn tid. I seinare tid har ei vanleg forklaring på at ein skald og ein gud ber same namnet, vore at det er skalden Brage Boddason som etter sin død fekk ein heidersplass i Valhall. Det er i dag vanleg å rekne med at Brage var ein historisk person. Men dei skriftlege kjeldene som fortel om denne skalden, vart førde i pennen rundt 400 år etter at han levde, og opplysningane om Brage er difor høgst usikre.

  • G. Brynjúlfsson: “Brage den Gamles kvad om Ragnar Lodbrogs Skjold”, i Aarbøger for nordisk Oldkyndighed og Historie 1860, s. 3–13
  • Finnur Jónsson: “Om skjaldepoesien og de ældste skjalde”, i Arkiv för Nordisk Filologi 6, 1890, s. 121–155
  • d.s. (red.): Den norsk-islandske skjaldedigtning, København 1912–15 (utg. av skaldedikta etter Brage: IA (tekst etter handskrifta), s. 1–5, IB (retta tekst), s. 1–5)
  • F. Paasche: biografi (Brage den gamle) i NBL1, bd. 2, 1925
  • Finnur Jónsson: “Brage skjald”, i Acta Philologica Scandinavica 5, 1930–31, s. 237–286
  • W. H. Vogt: “Bragis schild”, i Acta Philologica Scandinavica 5, 1930–31, s. 1–28
  • H. Lie: “Skaldestil-studier”, i Maal og Minne 1952, s. 1–92 (opptrykt i Om sagakunst og skaldskap. Utvalgte avhandlinger, Øvre Ervik 1982, s. 109–200)
  • d.s.: “Billedbeskrivende dikt”, i KLNM, bd. 1, 1956, s. 542–545
  • d.s.: “'Natur' og 'unatur' i skaldekunsten”, DNVA Avh. II 1957 nr. 1 (opptrykt i Om sagakunst og skaldskap. Utvalgte avhandlinger, s. 201–315)
  • A. P. Smyth: Scandinavian Kings in the British Isles, Oxford 1977, s. 850–880
  • M. Clunies Ross: “Bragi Boddason”, i P. Pulsiano (red.): Medieval Scandinavia. An Encyclopedia, New York/London 1993, s. 55–56