Litteraturkritikar, omsetjar og forfattar. Foreldre: Prokurator Jonas Lund (1801–71) og Inger Marie Munthe (1802–86). Gift i Gloppen 1874 med bankfullmektig Ole Johan Larsen (31.8.1845–8.12.1928), son til fiskevegar Martines Severin Larsen (1820–80) og Ane Regine Hansen (1820–1908). Systerdotter til Gerhard Munthe (1795–1876); kusine til Gerhard Munthe (1849–1929).

Bolette C. Pavels Larsen var litteraturkritikar i Bergens Tidende. Ho skreiv sjølv fleire historier og sette om litteratur frå andre nordiske språk.

Bolette hadde knapt formell utdanning utover barneskulen, men fekk grundig opplæring i morsmål av morbror sin, Gerhard Munthe på slektsgarden Kroken i Indre Sogn. Ho forlet Sogndal i 18-årsalderen då familien flytte til Bergen, men det finst elles få opplysningar om henne før ho gjer seg gjeldande som litteraturkritikar i Bergens Tidende frå midten av 1880-åra.

Som kritikar og litteraturinteressert hadde Bolette Larsen eit livleg brevskifte med viktige forfattarar og litteratar i samtida, t.d. brørne Edvard og Georg Brandes, Arne og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Werner von Heidenstam, Hans Seland, Jens Tvedt o.fl. Ho skreiv grundige meldingar av bøker som Hamsuns Mysterier, Garborgs Hjaa ho mor, Strindbergs Fadren og Amalie Skrams Lucie. Men ho skreiv også om ei mengd bøker av seinare mindre kjende forfattarar. Ho følgde særleg vel med i svensk litteratur, både ein god del kvinnelege forfattarar og regionalt orienterte forfattarar som delvis skreiv på dialekt. I det norske miljøet var ho interessert i den gryande litteraturen på nynorsk, og ho var oppteken av både å gi god tilbakemelding til forfattarane og lansere dei for eit publikum som delvis avviste dei av språklege grunnar. Særleg streva ho for å få lesarane til å akseptere Jens Tvedts poetiske styrke som bondeforfattar, også med ein større samlande tidsskriftartikkel (i Samtiden 1902). Meldingane hennar av nynorsklitteratur vart ofte prenta også i nynorskavisa Firda.

Larsen var kritikar i Bergens Tidende i bortimot 20 år, men aktiviteten minka noko etter hundreårsskiftet. Då var ho meir oppteken på andre område. Ho hadde forfattarambisjonar sjølv og arbeidde lenge med ei rad forteljingar på sognemål. Dei vart prenta både i serien Småstubbar på Mons Litlerés forlag og i Syn og Segn. 1897 fekk ho nokre av dei ut i bok med tittelen Smaoe Skjeldringa. Samtidig kom dei i ei større samling på riksmål, Smaa Skildringer. Det tyder på at det var vanskeleg å få forleggjar til sognemålet, og neste samlinga, Kløver og Klunger (1902), kom berre på riksmål.

Bolette Larsen dreiv òg noko med omsetjing, og sognemålsrepertoaret vart utvida ved at ho sette om humoristiske forteljingar av den skånske dialektdiktaren Henrik Wranér i boka Staaveprat (1888). Året etter gav ho ut den finske samtidsforfattaren Juhani Ahos Skildringer fra Finland.

Larsens kritikk var akta mellom forfattarar, og ho hadde god kontakt i det skandinaviske miljøet. Av Heidenstam sette ho om reiseboka Fra Col di Tenda til Bloksbjerg (1890) og litteraturpamfletten Pepitas bryllup, en litteraturanmeldelse (1890, skriven saman med Oscar Levertin).

Den eigne diktinga ho gjorde mest lukke med, var nok forteljingane på sognemål. Ho underheldt med opplesing av desse humoreskene i mange samanhengar, ikkje minst i lagsmiljø i Bergen. Ho var med og nya opp att Vestmannalaget 1897, og der ytte ho sitt både administrativt og kunstnarleg i åra framover. På denne tida vart ho òg dregen meir inn i anna organisert målarbeid og skreiv om litteratur og kultur i ungdomsbladet Unglyden i Voss.

Banda til Sogn var svært viktige, og ekteparet Larsen heldt seg mykje der om somrane, særleg i Fjærland. Bolette, embetsmannsdottera, var stolt av å kunne snakke sognemålet, sjølv om det ikkje var så gangbart i bytilværet hennar. Ho skreiv til Garborg etter ei sommarvitjing på Turtagrø 1895: “Det var saa morsomt at prate Sognemaal igjen. […] Jeg blev saa glad over at erfare, at jeg talte det korrekt endnu. Jeg pratede slig, at Byfolkene stod og gabte af Forbauselse.”

    Eigne bøker

  • Smaoe skjeldringa, 1897
  • Smaa Skildringer, 1897
  • Kløver og Klunger, 1902

    Omsetjingar

  • A. Strindberg: Gillets hemlighet, i BTid., mars 1883
  • H. Wranér: Staaveprat, Bergen 1888
  • J. Aho: Skildringer fra Finland, 1889
  • W. von Heidenstam: Fra Col di Tenda til Bloksbjerg, 1890
  • d.s. og O. Levertin: Pepitas bryllup, en litteraturanmeldelse, 1890
  • B. Mörner: Salig Baronessen, 1893

    Ikkje-publisert materiale

  • O. J. Larsens samling, UBB
  • H. Munthe: Efterretninger om Familien Munthe i ældre og nyere Tid, 1883–88
  • O. J. Larsen: “Bolette C. Pavels Larsen. In memoriam”, i Urd 1906
  • A. Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen, 1916
  • A. H. Winsnes: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
  • I. Stegane: “Bolette C. Pavels Larsen”, i I. L. Breivik m.fl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa, 1980
  • M. Fahlgren: “Werner von Heidenstams brev till den norska översättaren Bolette C. Pavels Larsen”, i Edda 1983
  • I. Stegane: “Jens Tvedts dikting møter den litterære institusjonen ved Bolette C. Pavels Larsens resepsjon i Bergens Tidene”, i d.s.: Det nynorske skriftlivet. Nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjon, 1987
  • S. Munthe: Familien Munthe i Norge, 1994
  • d.s.: “Bolette Christine Pavels Larsen”, “Kritikaren” og “Brevskrivaren”, i B. C. P. Larsen: Artiklar, kritikk, forteljingar og brev, ved I. Stegane, Bergen 1997
  • O. J. Larsens samling (Ms. 790K), UBB
  • Teikning av Olav Rusti, 1897; BKM; gjengitt m.a. i Artiklar, kritikk, forteljingar og brev, 1997
  • Minnestein, 1907; Fjærland, Sogn og Fjordane
  • Ulike ex libris; gjengivne i Artiklar, kritikk, forteljingar og brev, 1997