Skiløpar og forretningsmann. Foreldre: Rektor Erling Dæhlie (1934–) og lektor Bjørg Dagrun Vikne (1936–). Sambuar frå 1992 med stud.jur. Vilde Falck-Ytter (2.7.1967–), dotter til sivilingeniør Oluf Falck-Ytter (1933–) og adjunkt Eva Leth-Olsen (1938–).

Bjørn Dæhlie var den mest dominerande norske og internasjonale langrennsløparen i 1990-åra. Samanlagt har han vunne verdscupen seks gonger mellom 1992 og 1999, og han er den vinterolympiaren som har flest individuelle medaljar (seks gull og tre sølv) og flest poeng.

Dæhlie var med i troppen til OL i Calgary 1988 utan å få gå ein distanse, men allereie året etter vann han sin første internasjonale siger i verdscuprennet i Salt Lake City. Etter at verdscupen i langrenn vart innført sesongen 1978/79 er Dæhlie den mestvinnande med siger i 44 renn (t.o.m. vinter/vår 1999). 1991 var den første store sesongen for Bjørn Dæhlie. Då tok han individuelt gull på 15 km fristil i verdsmeisterskapen i Val di Fiemme i tillegg til gull i stafett. Men dette var berre innleiinga til ein enorm suksess i 1990-åra. I løpet av tre OL og fire VM vann han 11 individuelle gullmedaljar og seks stafett-gull for Noreg.

Bjørn Dæhlie, som på ingen måte var ungdomsstjerne, var ein del av det norske “idrettsunderet” i 1990-åra, då norske toppidrettsutøvarar, særleg i vinteridrettane, merka seg ut med gode resultat internasjonalt. Saman med Vegard Ulvang var Bjørn Dæhlie med på å setje dei norske langrennsløparane på kartet att etter at svenskane hadde dominert i skisporet i 1980-åra. Under OL i Albertville 1992 tok Dæhlie og Ulvang tre gullmedaljar og ein sølvmedalje kvar. Etter OL i Nagano 1998 tronar likevel Bjørn Dæhlie på toppen åleine. Han er den vinterolympiaren, uansett grein, som har flest individuelle medaljar (6 gull, 3 sølv) og flest poeng.

På mange måtar er Bjørn Dæhlie representanten for den nye generasjonen toppidrettsutøvarar, der det er vanskeleg å skilje mellom idrettsutøvaren, underhaldningsartisten, og for Bjørn Dæhlie sin del, forretningsmannen. Dei seinare åra har Dæhlie hatt fleire parallelle prosjekt på gang. Av større prosjekt kan nemnast boka Gulljakten, videoen Bjørn, eigen kleskolleksjon – Bjørn Dæhlie technical wear – og utleige og sal av hytter m.a. i Trysil og Ringebu.

For å klare å administrere forretningsinteressene sine i tillegg til å gå fort på ski har Dæhlie frå 1996 hatt Rolf Nereng som personleg rådgivar og manager. Det er tydeleg at Dæhlie saman med samarbeidspartnarane har handsama økonomien godt. 1998 var han ein av dei rikaste idrettskjendisane i Noreg.

Bjørn Dæhlie er òg “underhaldningsartist”. Mange vil spesielt hugse at han i OL 1992 gjekk baklengs over mål, andre vil minnast spurtduellen på 15 km jaktstart mellom han og Vladimir Smirnov i VM i Falun 1993, der Dæhlie gjekk sigrande ut på fotofinish. Underhaldning i ei anna gate var fjernsynssuksessen Gutta på tur, der programleiar Arne Hjeltnes saman med Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og kokken Arne Brimi laga mat, filosoferte og besøkte spanande stader over heile verda.

Sidan Dæhlie har hatt slik suksess, ville det kanskje vore naturleg om dopingrykta hadde svirra rundt han. Det har dei ikkje, sjølv om mange utlendingar nok seier at “det går ikkje an å gå så fort på ski over så lang tid utan å dopa seg”. Tidleg i 1997 vart likevel Dæhlie dregen inn i dopingdebatten. Då braka han og den norske OL-meisteren på 800-meter baneløp Vebjørn Rodal saman direkte på NRK Radio. Rodal hevda at treningsmetodane som Dæhlie brukte, spesielt bruken av “høgdehus” og “spesialcampingvogn”, absolutt kunne samanliknast med doping. Debatten førte til at Dæhlie vart skipla i oppladinga til VM-sesongen 1997, men i Trondheim dette året viste Dæhlie seg likevel som ein ypparleg idrettsmann, med to individuelle gull, ein stafettgull, ein sølv og ein bronse.

Bjørn Dæhlie har heile tida vore oppteken av riktig trening, kosthold og utstyr. Ingenting av det som er viktig i høve det å gå fort på ski, har vore overlate til tilfeldigheitene. Sjølv kallar han seg ein egoist, og meiner dette er nødvendig for å ha suksess i toppidretten. På område som ikkje direkte kan knytast til prestasjon i skisporet, kan han derimot vere vimsete. I langrennsmiljøet var det gjengs oppfatning at Dæhlie trengde “barnevakt” når han var ute og reiste. Erik Røste, landslagstrenar for herrane 1994–98, hadde alltid med seg ekstrautstyr som var tilpassa Bjørn Dæhlie. Dæhlie kunne gløyme skidress, stavar og til og med ski før viktige konkurransar.

Til slutt må det nok nemnast at Bjørn Dæhlie har vore rett mann på rett plass til rett tid. I 1990-åra var det tre OL (1992, 1994 og 1998) og VM kvart andre år (1991, 1993, 1995, 1997 og 1999). Det vil seie at Dæhlie kunne profilere seg i 7 internasjonale meisterskap i eitt tiår. Det har aldri vore mogleg tidlegare. Så når ein først skulle ha ein god norsk langrennsløpar, var det viktig å ha det i denne perioden. I tillegg har Noreg hatt OL på Lillehammer, noko som medførte auka satsing på vinteridrettane, og Olympiatoppen har ført pengar og ressursar i form av treningskunnskap og støttepersonell inn i mellom anna skiforbundet. Dette har gjort sitt til at systemet rundt har vore tilpassa den satsinga som Dæhlie sjølv gjorde.

  • Gulljakten, 1997
  • Bjørn. Den offisielle filmen om Bjørn Dæhlie, video, artikkelnr. 190632, 1998
  • P. Jorsett: 100 år med olympiske leker. Norges olympiske komités offisielle jubileumsbok,1996
  • SNL,bd. 4, 1996
  • B. Dæhlie: Gulljakten,1997
  • d.s.: Bjørn,video, 1998
  • H. Slettan: Olympiske vinterleker i navn og tall,1998
  • samtale med Bjørg Vikne Dæhlie
  • samtale med Sindre Bergan, Norges Skiforbund