Katolsk prest og apostolisk prefekt.

Bernard Bernard var første apostoliske prefekt i Noreg etter reformasjonen. Han studerte teologi i Reims og blei vigd til prest der 1846. I om lag ti år arbeidde han som prest på heimstaden før han kom til Noreg 1856.

Det som førte Bernard til Noreg, var etableringa av den såkalla Nordpolmisjonen (1855–69). Ved midten av 1800-talet var den katolske kyrkja inne i ein ekspansiv misjonsperiode, og paven, Pius 9, ønskte å få i gang katolsk misjonsarbeid i dei arktiske områda. Den som kom til å stå i spissen for Nordpolmisjonen, som skulle dekkje alle land nord for 64. breiddegraden, var ein fargerik russisk konvertitt, baron og prest, dr. Maria Stefan (Étienne) de Djunkowsky. Han og seks medarbeidarar, med Bernard som ein av dei, var på plass i Alta, der misjonen fekk hovudsetet sitt, 14. mai 1856. Om grunnane sine til å slutte seg til denne heller fantastiske og nokså eksotiske misjonen skreiv Bernard: “Jeg har sluttet mig til min overordnede dr. Etienne, ifølge ønske av min erkebiskop i Reims, som har stor tillid til denne doktor og ualmindelig velvilje for ham paa grund av hans dyder, hans lærdom og hans opofrelse for menneskehetens vel og særlig for de mest forsømte folk som f.eks. eskimoerne, som han haaber en dag at faa forkynde evangeliet for. Min hensigt med at komme hertil [Alta] er altsaa at forberede mig til missionen i de fjerne land, under min overordnedes ledelse.”

Bernard var mellom dei mest aktive av Nordpol-misjonærane. Alt 1857 drog han til Island for å leggje grunnen for ein misjonsstasjon der. 1860 drog han til Wick i Skottland i same ærend. Stasjonen der kom til å tene som utgangspunkt for misjonsverksemd andre stader, m.a. på Shetland og Orknøyane.

1861 overtok Bernard etter Djunkowsky som prefekt for Nordpolmisjonen. Den funksjonen hadde han til misjonen blei lagd ned 1869. Same året, den 18. april 1869, blei han utnemnd av paven til den første apostoliske prefekt i Noreg. Det var då registrert 316 vaksne katolikkar i landet, fordelte på fire kyrkjelydar, i Christiania, Bergen, Alta og Tromsø. I den tida Bernard var apostolisk prefekt, sette han i gang bygging av katolske skolar og sjukehus med ordenssøstrer, ved sida av at han prioriterte arbeidet med å få etablert nye kyrkjelydar. Han arbeidde hardt for at landet skulle få alle dei institusjonane ei nasjonalkyrkje treng, og gjekk derfor så langt som til å få oppretta eit presteseminar, i eit land der den katolske kyrkja talde under 500 sjeler.

Økonomien var skral i heile Bernards prefekttid, og han laut dra på mange kollektreiser til utlandet.

Da Bernard trekte seg attende 1887, forlet han ei norsk katolsk kyrkje i jamn vekst. Det var no dobbelt så mange katolikkar som i 1869; ein tredel av dei var norske konvertittar. Skolar og sjukehus var grunnlagde, og det var etablert fire nye kyrkjelydar. Same året flytte Bernard attende til heimlandet og døydde der 1895.

  • O. Offerdahl: biografi i NBL 1, bd. 1, 1923
  • J. W. Gran, E. Gunnes og L. R. Langslet (red.): Den katolske kirke i Norge, 1993