Faktaboks

Bente Skari
Fødd
10. september 1972, Nittedal, Akershus
Verke
Skiløpar
Familie
Foreldre: Skiløpar, seinare dagleg leiar av Finor Odd Martinsen (1942–) og sekretær Hanne Henriksen (1944–). Gift 2000 med konsulent Geir Skari (3.6.1970–), son til lærar Ingar Skari (1935–) og lærar Gunnvor Flatebø (1945–).

Bente Skari var Noregs beste kvinnelege skiløpar frå slutten av 1990-åra og fram til ho gav seg 2003.

Bente Skari er dotter av skilegenda Odd Martinsen – “stafett-Martin” – som sjølv hadde OL-gull i stafett frå 1968. Bente såg aldri faren i langrennssporet og opplevde heller ikkje noko press om å bli god skiløpar. Odd Martinsen, som i mange år var ein sentral leiar i FIS (det internasjonale skiforbundet), gav likevel gode råd når han vart spurd.

Bente Skari starta relativt seint med å satse på langrenn. Ho byrja å trena aktivt og deltok i konkurransar på ski fyrst som 12-åring. I ungdomen var ho allsidig og dreiv med orientering, friidrett og handball. Likevel var det som langrennsløpar ho var best. I to hovudlandsrenn, som 14- og 15-åring, vann ho gull og sølv, og som juniorløpar (16–19 år) hadde ho medaljar i fire junior-NM på rad. I tillegg deltok ho tre gonger i junior-VM med stafettgull 1991 og sølv i 5 km klassisk 1992 som beste resultat.

Som seniorløpar vart Bente Skari olympisk meister på 10 km klassisk 2002, verdsmeister på 5 km klassisk 1999, på 10 km klassisk og 15 km klassisk 2001 og 2003. I tillegg har ho bronse i 5 km klassisk frå OL 1998 og sølv frå stafett både i OL 1998 og i VM 1997 og 2001. Ho har vunne verdscupen samanlagt fire gonger (1999, 2000, 2002 og 2003) og kome på andreplass to gonger (1998 og 2001). I tillegg har ho vunne sprintcupen fem gonger (1998–2002). Til saman har Skari 42 rennsigrar i verdscupen. Ho er den kvinnelege langrennsutøvaren som har flest NM med 16 gull (1997–2003).

Skari var kjend for å vera målretta og for å trena mykje. Framfor OL 2002 vart det fokusert på at dei norske langrennskvinnene aldri før hadde teke individuelt gull i olympiske leikar. Dette ville Skari gjera noko med og la opp eit treningsprogram med fleire harde treningsøkter enn tidlegare, kombinert med fleire høgdeopphald. På teknikksida hadde ho spesiell oppfølging av sin personlege trenar Dag Kaas. Satsinga gav resultat, og Skari vart historisk: Med siger på 5 km klassisk vart ho den fyrste norske kvinnelege langrennsutøvaren som vann individuelt OL-gull. I dag vert hennar treningsprogram nytta aktivt av Olympiatoppen for å læra opp framtidige skiløparar.

Det var i Val di Fiemme under ski-VM 2003 at Bente Skari verkeleg hadde sjanse til å vinna “storeslem”. Ho gjekk sitt siste internasjonale meisterskap og var godt førebudd. Målet var å forsvara gulla på klassisk distansar frå VM 2001 og OL 2002. I tillegg var ho interessert i å visa styrke i skøyting. Ifølgje VG meinte Bente Skari at det var realistisk å satsa på tre gull, kanskje fire. Etter to gode løp i starten av meisterskapen, der ho innfridde med to gull, vart ho sjuk og fekk ikkje gå fleire distansar.

Bente Skari var ein av få langrennsjenter som har tent pengar på å driva idretten sin. Særleg dei siste åra vart innteninga god. 2002 stod ho oppført med ei inntekt på 6,8 millionar kr. Ein stor del av desse inntektene var likevel knytt til eigarskap i familieselskapet Finor AS (agentur for Fischer-ski i Noreg), men prestasjonane i OL i Salt Lake City samt suksessen i verdscupen gav gode premiepengar og sponsorinntekter.

2001 fekk Bente Skari Holmenkollmedaljen for sine prestasjonar i VM og verdscupen. Ho er æresmedlem i Nittedal IL og innehavar av Noregs Skiforbunds gullmedalje. Etter karrieren har Bente Skari vorte nytta som føredragshaldar ved motivasjonskurs. Ho har òg avtale med Olympiatoppen, der ho vert nytta for å vidareføra sin kompetanse på treningskultur og prestasjonsutvikling innan skiidrett.

Kilder og litteratur

  • Samtalar med Odd Martinsen, Sindre Bergan (tidl. landslagstrenar) og Sigmund Aasen (Olympiatoppen)
  • SNL, bd. 13, 1998
  • intervju i Henne nr. 2/2000
  • SNL Årbok 2004
  • http://www.vg-nett.no
  • http://www.dagbladet.no
  • http://www.skiforbundet.no
  • http://www.fis-ski.com