Landhandlar og politikar. Foreldre: Bonde Mads Jensen Haugland og Martha Baardsdatter Haugland (f. 1801). Gift 18.12.1863 med Oline Marie Iversdatter (26.10.1828–5.8.1913), dotter til bonde Iver Olsen Alvøen og Berte Marie Knudsen.

Baard M. Haugland har fått ein plass i norsk historie som “den første bonde i kongens råd”. Om han ikkje nett var bonde, var han den første allmugemann, utan embete eller akademiske grader, som vart utnemnd til medlem av statsrådet. Det skjedde 1884, da Johan Sverdrup skipa regjering, stødd til eit venstrefleirtal i Stortinget. Utnemninga av Haugland var ei symbolsk handling som markerte overgangen frå embetsmannsregimet til eit folkeleg, parlamentarisk styre. “Egentlig er han meget ulykkelig over sin Ophøielse,” skreiv venstreleiaren O. A. Qvam, “men han blev tvunget til at modtage den, fordi Optagelsen i Raadet af en slet og ret Bonde er den mest illustrerende Betegnelse paa Demokratiets Seier og Gravlæggelsen af de gamle bureaukratiske Fordomme.”

Haugland voks opp på garden Haugland på Stord. Noka utdanning fekk han ikkje utover allmugeskolen, og som 16-åring drog han til Bergen for å finne seg eit levebrød. Han tok seg arbeid m.a. hos ymse bondehandlarar og nytta tida til å skaffe seg både praktisk og bokleg kunnskap. Etter 11 år vende han tilbake til Stord, kjøpte den gamle gjestgjevargarden på Leirvik saman med ein annan kar og opna krambu der. Ei tid var han òg engasjert i partsreiarlag som hadde skuter i nordlandshandelen og i fiske ved Island. Kring midten av 1880-åra selde Haugland hus og handel og flytte til Kristiania, der han hadde fått større oppgåver.

Stord-folket oppdaga tidleg Haugland som “ressursperson” i bygda. Same året som han kom heim frå Bergen, valde dei han inn i formannskapet og to år seinare til ordførar. Det ombodet hadde han i 20 år (1863–83), ei tid med store omskifte i bygda, særleg når det galdt samferdsle. 1870 vart han vald til stortingsrepresentant frå Søndre Bergenhus amt, og han sat på tinget heilt fram til statsrådutnemninga. I Stortinget vann han stor respekt som ein sindig og innsiktfull representant med bank- og pengespørsmål som spesialområde. Han slutta seg til den venstreopposisjonen som voks fram i 1870-åra og som etter kvart kom under Johan Sverdrups leiarskap. 1883–84 var han med på å organisere partiet Venstre både i Stortinget og på landsplanet, men han høyrde – saman med Sverdrup – til dei som ikkje ville gje partiorganisasjonen makt over politikken. Da Venstre på same tid tok Riksretten i bruk mot Selmer-ministeriet, vart Haugland sett inn i aksjonskomiteen.

I Sverdrups regjering (1884–89) styrte Haugland Finansdepartementet. Han stod lojalt på Sverdrups side i alle dei kløyvande konfliktane som snart melde seg mellom statsministeren og fleirtalet i Venstre, og etter partisplittinga 1888 slutta han seg til det moderate Venstre, som rådde grunnen i hans eige amt. Helsa hans hadde da fått ein knekk; i brev til ein ven klaga han over gikt og “vedvarende Nervøsitet og Skjelven”. Han vart vald til Stortinget på nytt 1891, men kunne ikkje møte dei to første åra. 1892 vart han utnemnd til tollkasserar i Kristiansand. Også ved valet 1894 fekk han plass i tinget, og da Francis Hagerup skipa si samlingsregjering etter unionskrisa 1895, kom Haugland med som representant for dei moderate. Han vart medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, men fekk ei kort tenestetid. Haugland døydde våren 1896 og vart gravlagd i Kristiania på statens kostnad.

Baard Haugland var ein jordnær politikar med måtehald som prinsipp. Han vantreivst med strid og søkte sameinte løysingar i bygdepolitikken som på det nasjonale plan. 1884 let han seg plassere i ein utsett posisjon som han neppe søkte. Av plikt ofra han 1895 siste resten av helse og arbeidskraft i det mislykka forsøket på unionell og nasjonal forsoning. Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1886 og fekk kommandørkrossen av 1. klasse 1895, og han var kommandør av den svenske Nordstjärneorden.

    Upublisert materiale

  • O. A. Qvams og F. M. Qvams arkiv (privatarkiv 3, DKNVS' bibliotek), Trondheim
  • Aarflot-arkivet, Volda
  • Biografi i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • S. Landa: Baard Haugland. Stortingsvirke og forhold til Johan Sverdrup 1871–1880, h.oppg. UiO, 1968
  • L. Mjeldheim: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880 åra til 1905, 1984
  • A. Lohndal: “Lokalpolitikaren Baard M. Haugland”, i Sunnhordland (årbok) 1999, s. 21–39
  • T. L. Moe: “Baard M. Haugland og lokalmiljøet”, ibid., s. 9–20

    Kunstnarlege portrett

  • Byste (bronse) av Torleiv Agdestein, 1911; Leirvik, Stord
  • Byste (marmor) av Torleiv Agdestein, 1923; Stortinget

    Fotografiske portrett

  • Fotografi fra ca. 1884; attgjeve i Sunnhordland 1999