Biskop og riksråd. Foreldra er ikkje kjende. Ugift.

Audun var biskop i Stavanger før midten av 1400-talet og truleg sentral i det kyrkjelege restitusjonsarbeidet.

Audun Eivindsson var truleg av norsk ætt, kanskje austlandsk lågadel, hadde studert i utlandet og synest ha gjort ein rask geistleg karriere. Han var mellom anna sokneprest i Spydeberg, prost i Eidsberg, kannik ved Mariakyrkja, erkeprest og dermed formann i domkapitlet i Oslo, men visstnok utan tilknyting til Stavanger før han drog dit 1424. Håkon Ivarsson hadde då sete på bispestolen der sidan 1400 og var blitt ein gamal mann, omtala som svak både på lekam og sjel. Han ville ikkje trekkja seg, men etter krav frå domkapitlet vart Audun Eivindsson tilsett som hans medhjelpar for å ta seg av bispefunksjonane. 1426 trekte Håkon seg endeleg frå embetet og Audun vart raskt utnemnd.

Hans avansement kan ha samanheng med at han tidleg i sin karriere var blitt kjent med kongen, og han blir omtala som kong Eriks daglege kapellan i Oslo. Han har dessutan vore nær knytta til den mektige Eindride Erlendsson av Losna, som hadde kontroll med Rogaland. Dei to var seinare saman om eit handelsskip som sigla på Østersjøen. At han alt 1425 vart utnemnd til kollektor av dei pavelege inntekter i landet, tyder på at han både hadde tillit på fleire hald og sans for økonomi.

I si geistlege gjerning blir han oppfatta som energisk og dyktig, og han har fått eit godt ettermæle. Peder Claussøn Friis refererar ein tradisjon om at han “forbedrede kirkerne i dette ganske stift merkelig vel”. Det er overlevert brev som viser at han var venleg innstilt overfor den birgittinske ekspansjonen i hans tid, og gav god stønad då dei etablerte seg i Munkeliv kloster. Sjøl om han ofte var på reiser langt utanom stiftet, sytte han også for å visitera relativt flittig, og han heldt møte med prestane sine. Saman med erkebiskop Aslak Bolt spela han truleg ein sentral rolle i det såkalla kyrkjelege “restitusjonsarbeidet” som hadde samanheng med konsilet i Basel.

Den geistlege gjerninga var kopla saman med den politiske. Audun Eivindsson var aktivt medlem av riksrådet der erkebispen hadde vorte den sentrale person. Viktige hendingar som opprøret til Amund Sigurdsson Bolt, avsetjinga av Erik av Pommern og nytt kongeval stilte rådet på store prøver i denne perioden. Audun var deltakar ved viktige møte både i Noreg og Danmark. I rådet hadde han, i alle fall omkring 1440, ein sterk posisjon, men han hadde likevel ikkje kapasitet til å initiera og driva nokon sterk politikk i samband med desse store sakene.

  • L. Daae: “Om Stavanger Stift i Middelalderen”, i HT, rk. 3, bd. 5, 1899, s. 244–252
  • A. W. Brøgger: Stavangers historie i middelalderen, Stavanger 1915
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • O. Kolsrud: Noregs kyrkjesoga, bd. 1, 1958
  • L. Hamre: Norsk historie frå omlag år 1400. Førelesingar, 1968