Hirdgeistleg, diplomat, kanslar og biskop.

Askatins mangslungne karriere i Noreg reflekterer først og fremst eit tett, nært og lojalt tenesteforhold til kongedømmet under Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte.

Første gong vi møter Askatin i kjeldematerialet er på ei kongeleg sendeferd til den tysk-romerske keisaren Fredrik II i Italia hausten 1250. Fordi det var høgt prioriterte utanrikssaker som her skulle drøftast (keisaren døydde før sendelaget nådde fram), kan vi sikkert gå ut frå at han hadde ei sterk stilling i den faste kjernen av kongens nære rådgivarar. Denne posisjonen heldt han sidan, også etter at han gjekk ut av kongens teneste.

I åra fram til 1276 gjorde Askatin i alt seks sendeferder til utlandet for kongane Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte. Som ein av “kongens klerkar” deltok han i leidangstoget til Skottland sommaren og hausten 1263, og hans viktigaste diplomatiske misjonar galdt forhandlingar som følgde av denne konflikten, frå våren 1264 til den endelege fredstraktaten mellom Noreg og Skottland vart inngått i Perth 2. juli 1266. Forhandlingane som førte fram til Perth-avtalen, er godt dekka i kjeldematerialet, og det er ingen tvil om at Askatin spela ei nøkkelrolle i utforminga av norske strategiar og posisjonar.

Perth-traktaten åpna også for tingingar med England om ein norsk-engelsk freds- og handelsavtale, og igjen var Askatin hovudforhandlar. Denne avtalen, inngått i august 1269, var viktig fordi den normaliserte Noregs forhold til England, og sikra gjensidig fri handel over Nordsjøen. Sendeferdene til Dei britiske øyane utgjer hovudinnsatsen i Askatins diplomatiske karriere.

I forhandlingsoppdraga i Skottland og England blir Askatin konsekvent titulert som kanslar, og han var den første vi sikkert veit som bar denne tittelen i Noreg. Noko fast organisert kanselli har det neppe vore tale om i Askatins tid; snarare må vi tenkje oss “et slags ambulerende regjeringskontor” (Bagge), bemanna med hirdgeistlege i kongens teneste. Dei har fungert etter behov som skrivarar, rådgivarar, sendemenn og sjelesørgjarar.

Askatins nære tilknyting til kongedømmet, særleg under Magnus Lagabøte, blir elles understreka gjennom ei rad ulike oppdrag: 1261 forhandla han i Danmark om dronningemne for kong Magnus, og i sentralregjeringas diskusjonar om norske strategiar i skottlandskonflikten 1264–66 har han visseleg vore ei sterk og aktiv støtte for Magnus Lagabøtes modererande forhandlingslinje. Kongens omfattande lovrevisjonsarbeid i 1270-åra hadde sitt sentrum i Bergen, og Askatin var blant dei fremste rådgivarane. Han gav kong Magnus den siste oljen under kongens sjukdom i 1272, medan han 1276 deltok saman med kongen i det nordiske kongemøtet ved Göta älv. Her var han også medlem av valdgiftsdomstolen som mekla i den svenske regentkonflikten. I februar 1277 vart han som biskop i Bergen oppnemnt til ein av Magnus Lagabøtes testamenteksekutorar.

Dette svært nære og personlege forholdet til kongen og kongedømmet verka nok inn da han 1270 vart vald til biskop i Bergen, som første universitetsutdanna magister på denne bispestolen. Som biskop samarbeidde han med kong Magnus om utbygginga av ein kongeleg kapellgeistleghet. l271 skipa såleis kongen eit kannikkollegium ved Apostelkyrkja “med biskop Askatins råd”. 1276 var Askatin medutferdar av kongens fundasjonsbrev for Allehelgenkyrkjas og Katarinakyrkjas hospital i Bergen; begge desse kyrkjene høyrde til dei kongelege kapella. Forholdet mellom biskop og domkapittel ser ut til å ha fungert godt, og Askatin var aktiv i arbeidet med å auke domkapitlets inntektsgrunnlag. 1274 deltok han på det viktige kyrkjemøtet i Lyon.

Som sentral aktør i norsk utanriksteneste markerer Askatin ein interessant spesialiseringsfunksjon i det diplomatiske arbeidet: Personar med utanlandsk bakgrunn vart heretter stadig viktigare som sendemenn til framande makter. Dei forvalta sakkunnskap om tenkjemåte og reaksjonsmåtar hos “den andre sida” i utanrikspolitikken. Slik sett var det ikkje tilfeldig at Skottland og England vart spesialområde for engelskmannen Askatin.

  • RN bd. 2 registrerer alle dokument som omtalar Askatin i DN og andre kjeldeutgåver
  • Isl.Ann.
  • “Soga om Håkon Håkonsson” og “Soga om Magnus Lagabøte”, i Noregs kongesoger, bd. 4, 1979
  • DNFH, del 4, bd. 2, 1859
  • L. Daae: “Om Bergens Bispedømme i Middelalderen”, i HT, rk. 4, bd. 1, 1901
  • E. Bull: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • C. Joys: Biskop og konge, 1948
  • N. Bjørgo: “Om skriftlege kjelder for Hákonar saga”, i HT, bd. 46, 1967
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • S. Bagge: Den kongelige kapellgeistlighet 1150–1319, 1976
  • K. Helle: Kongssete og kjøpstad. Fra opphavet til 1536, bd. 1 i Bergen bys historie, 1982
  • A. Johansen: De utenrikspolitiske sendemenn i Norge på 1200-tallet, utr. h.oppg. i historie, UiTø, 1983
  • N. Bjørgo: “800–1536: Makt – og avmakt”, i Norsk utenrikspolitikks historie, bd. 1, 1995