Forfattar. Foreldre: Arsenalløytnant Sven Adolf Antonisen (Amundrød frå 1933) (1861–1942) og husmor Ragnhilde Wilhelmsen (1865–1942). Gift 25.9.1915 i Kristiania med Ruth Evensen (9.4.1891–6.4.1970), dotter til fabrikkbestyrer Ketil Evensen (1853–1934) og Marie (“Mimmi”) Larsen (1864–1939). Skifte namn frå Antonisen til Omre 1937.

Arthur Omre førte eit omskifteleg liv fram til han slo gjennom som forfattar 1935. Kanskje kan ein seie at litteraturen redda han frå den kriminelle løpebanen. Med skildringar i “hardkokt” stil av heil- og halvkriminelle miljø var han med på å føre noko nytt inn i norsk litteratur.

Omre vart fødd i Horten og fekk namnet Ole Arthur Antonisen ved dåpen. Omre-namnet, som var eit slektsnamn, tok han først 1937. I ein periode kalla han seg Arthur Antoniussen, og som kriminalromanforfattar brukte han pseudonymet Arthur Juel. Desse namnebyta kan oppfattast som uttrykk for viktige sider ikkje berre ved Omres personlegdom, men også ved forfattarskapen hans, der motiv som flukt og spel og bruk av dekknamn går igjen.

Omre tok middelskoleeksamen i Horten 1904. Han prøvde seg som sjømann med tanke på å bli skipper, men slo det frå seg. Seinare gjekk han på Horten tekniske skole, der han tok eksamen 1908. 1909 fekk han jobb som turbinoperatør på Rjukan. Året etter gjekk ferda til Tyskland og deretter til USA. Her vart han i fire år og arbeidde bl.a. som teiknar på eit ingeniørkontor i Cleveland, Ohio og som sluseportmontør i Panama. Han prøvde seg også som journalist. Våren 1914 kom Omre tilbake og skaffa seg arbeid på Thunes mekaniske Værksted i Kristiania. 1915 gifte han seg med Ruth Evensen frå Porsgrunn, og året etter begynte han med sjølvstendig næringsverksemd. Han dreiv importforretning med maskiner og verktøy, og gjekk snart (1919) i gang med å teikne og byggje hus i hovudstaden. Men så kom den økonomiske nedgangen. Omre greidde ikkje å betale renter og avdrag på dei store låna han hadde tatt opp, og gjekk konkurs 1922.

Konkursen markerte overgangen til ein ny fase i Omres liv. Han slo seg på spritsmugling og vart kriminell. 1923 vart han første gong dømd for smugling og vald mot politiet. Dommen lydde på to og eit halvt års fengsel, men han slapp straff etter søknad frå faren. Ettergjevinga av straffa hjelpte ikkje, og i fleire år levde Omre av smugling, svindel og tjuveri, når han da ikkje sat i fengsel. Han vart separert 1933, og same året tok foreldra namnet Amundrød, som reaksjon på at sonen var kriminell.

1935 vart Omre sett fri etter 15 månaders straff for tjuveri, og same året debuterte han med romanen Smuglere på Gyldendal. Den vart ein stor suksess, og dermed var Omre tilbake på riktig side av lova. Utover i 1930- og 1940-åra kom Omres mest kjende bøker – forutan Smuglere, romanane Flukten, Sukkenes bro og Det onde øie og novellesamlingane Det hender iblandt, Stort sett pent vær og Skiftende bris.

Under krigen sat Omre inne nokre månader (1944), men det var fordi han hadde hjelpt flyktningar å røme til Sverige. Han var aktiv som roman- og novelleforfattar så lenge han levde.

Smuglere er ein roman med stort tempo. Her er spenning og driv frå første til siste side, og det dreiar seg ikkje berre om kor lenge hovudpersonen skal greie å halde seg utanfor fengselsmurane, men korleis det skal gå med han som menneske. Det siste ligg meir eller mindre mellom linjene. Romanar som Smuglere og Flukten kan kallast “hardkokte” romanar i Hemingway-stil, jamvel om Omre sa at han aldri hadde lese eit ord av Hemingway, og heller ikkje andre amerikanarar. Men i omtalen i Dagbladet (19. oktober 1935) skreiv Johan Borgen at om det ikkje var fordi han visste betre, “skulde en svoret på at det var James Cain, forfatteren til Postbudet ringer alltid to ganger, som hadde skrevet denne boken”. Omre meinte likevel at han hadde lært atskilleg om den nye, kjappe journalistiske skrivemåten som avisskribent i USA.

I Noreg var Omre med på å skape ein ny, moderne litteratur. Framstillinga av halvkriminelle miljø i storbyen, det rastlause tempoet, det usagde og ukommenterte – alt dette var nytt og fascinerande. Omres romanar og noveller er ikkje berre realistiske, dei nærmar seg det dokumentariske. Men grensa mellom det faktiske og det fiktive er høgst uklar. Etter krigen skreiv Omre romanar i meir tradisjonell stil, som trilogien Mikkelfanten, Svarte-Paal og Ek & Co.

Kanskje er Omre best, og ikkje minst jamnast, som novelleforfattar. Det var da også som novellist han prøvde seg i USA, og det var ei novellesamling som vart den siste boka han gav ut, Den røde silkekjolen og andre noveller. Noko forenkla kan ein seie at ein hovudtype av Omres noveller har ei dramatisk ytre handling og tilsvarande indre nerve. Hovudpersonane er på desperat jakt etter livsinnhald og samanheng i eit kaotisk tilvære, men finn ikkje alltid det dei leitar etter. Ei novelle som Spilleren i Det hender iblandt, der handlinga går føre seg i USA, kan illustrere denne novelletypen.

Ein annan hovudtype noveller er underfundige, humoristiske i tonen, skrivne med godt lune, som for eksempel Ål i karri i Stort sett pent vær. Her framstiller Omre menneska med eit overberande smil, og med eit ekstra godt auge til luringane, dei som har evne til å snu seg. I Omres noveller ligg mykje mellom linjene, og dei har nesten alltid gode sluttpoeng.

Omre publiserte fleire av novellene sine i vekeblad som Arbeidermagasinet, og han om- og bearbeidde stadig dei novellene han alt hadde skrive. Det vart dei ikkje alltid betre av, for både som roman- og novelleforfattar var Omre på sitt beste i 1930- og 1940-åra.

    Eit utval

  • Smuglere, 1935
  • Flukten, 1936
  • Sukkenes bro, 1937
  • Kristinus Bergmann, 1938
  • Intermesso, 1939
  • Det onde øie, 1940
  • Harmoni, 1941
  • Det hender iblandt (noveller), 1941
  • Mysterium i Rolvsøy, 1942
  • Stort sett pent vær (noveller), 1948
  • Skiftende bris (noveller), 1950
  • Gullmyntene og andre historier (noveller), 1954
  • Mikkelfanten, 1955
  • Svarte-Paal, 1956
  • Ek & Co., 1957
  • Frydenlund, 1965
  • Den røde silkekjolen og andre noveller, 1966
  • Sølvkruset, (posthumt) 1971
  • J. Borgen: “Smuglere”, i Dagbl. 19.10.1935
  • K. Coucheron Jarl: “Arthur Omre”, i Mennesker og bøker, 1942
  • M. H. Olsen: “Mannen fra Brunlanes”, i Tråder. Artikler og essays, 1989
  • E. Søbye: Ingen vei hjem. Arthur Omre. En biografi, 1992
  • O. Solberg: “Nervøs spenning – underfundig humor. Arthur Omres noveller”, i Norskrift 71, 1992
  • O. Solberg: “Språk, psykologi og tema i Smuglere og Flukten”, i Norskrift 86, 1995
  • Måleri av Jakob Weidemann, 1950; gjengitt i Søbye, 1992 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 241
  • I same boka er det fleire fotografi av Omre