Faktaboks

Arne Baggerud
Arne Hansen Baggerud
Fødd
5. februar 1805, Baggerud i Nordre Land, Oppland
Død
10. juni 1880, Nordre Land
Verke
Bonde, lensmann og politikar
Familie
Foreldre: Bonde Hans Christoffersen og Anne Christoffersdatter. Gift 1836 med Karen Helene Mathea Berg, dotter til gardbrukar Christoffer Haraldsen Berg.

Arne Baggerud er ein av dei mest framståande bøndene som har sete i det norske Stortinget, og som stortingsmann i meir enn 30 år og ein av Johan Sverdrups fremste støttespelarar kom han til å setje merke etter seg i det politiske livet.

Baggerud voks opp i Nordre Land, og etter å ha arbeidd ei tid som huslærar hos foged Meinich var han omgangsskulelærar i heimbygda 1828–36, deretter gardbrukar og tømmerhandlar på garden Lid i same bygda. Han var medlem av heradstyret i Land frå 1840, og var ofte ordførar. 1856 vart han lensmann, og vart i dette ombodet pott og panne i bygda, rådspurd i private og kommunale saker. Han var lensmann til han døydde 1880.

Baggerud vart vald som suppleant til Stortinget frå Christians amt (nå Oppland fylke) 1842, og var fast representant på tinget frå 1845 til 1876. I Stortinget utvikla han straks “en meer end almindelig Virksomhed”. Tidleg vart det lagt merke til at han rådde over “en ikke ringe dialektisk Færdighed”. Frå første stund tok han sin plass i den stridaste bondeopposisjonen, og han tok med seg inn her radikale tankar som naturleg førte han lenger enn til berre bondepolitikk. Jamvel liberale menn i samtida tykte at han kjempa for altfor “extravagante Ideer”, og historikaren Arne Bergsgård kallar han “den radikale lendingen”.

1851 slutta Baggerud seg til “den liberale Folkebevægelse”, og han meinte at Stortinget burde vere “det fremadskridende Element i Statsmaskinen”. Same året tok han eit initiativ for jurysaka. Han gjekk sterkt inn for at det offentlege skulle gje ut meldingar og referat frå forhandlingane i Stortinget. Han hadde òg stor interesse for skulesaka, og av Bergsgård blir han kalla for ein av “dei beste og ærlegaste skulevenene på Austlandet”. Han oppnådde også statsstøtte til høgare allmugeskular på landet, og fekk sjølv i stand ein slik skule i Land.

1853 vart han rekna som “den første blandt Bondestanden”, og han vart jamt vald inn i dei mest prestisjetunge komiteane. Både i militærkomiteen og i jernbanekomiteen hadde han for det meste Johan Sverdrup som formann, og han slutta seg tidlegare og meir konsekvent enn dei fleste bønder til Sverdrups politikk, “ja foregrep den delvis”, seier Koht. Saman med Ole Gabriel Ueland og Sverdrup drøfta Baggerud 1858 ein konkret plan om å organisere eit landsomfattande Reformselskap, med amts- og bygdeforeiningar som årleg skulle sende representantar til ei generalforsamling. Det vart ikkje noko av planen i første omgang, men initiativet er eit klart førebod om skipinga av det store Venstrepartiet i åra rundt 1880.

Ludvig Daae kalla Baggerud for “en liden, graaskjægget viltert udseende Fyr”. Rundt 1860 stod Baggerud fram som leiar i ein radikal fløy av austlandsbønder. Daae hevdar at då Ueland tidleg i 1860-åra heldt på å misse taket som “Oppositionens Høvding”, stod Baggerud parat til “at tage Overkommandoen, men ham vilde Vestlændingerne ikke vide af”. På Stortinget i 1865–66 slutta han seg til både statsrådssaka og framlegget om årlege storting, og drog etter kvart fleire bønder over.

Vedtaket om årlege storting (1869) slo fast hans politiske førarskap i Oppland fylke. Særleg ved vala 1873 og 1876 var Baggerud fullstendig eineherre; han “overhøyrde” tingmannsemna om deira politiske standpunkt, og ingen kunne kome fram utan hans støtte. Han gjorde Oppland til eit reint venstrefylke. Han vart siste gongen vald til tingmann 1876, men då han vart stadig meir tunghøyrd, møtte han ikkje lenger på tinget.

1881 skipa heradsstyret i Nordre Land ei innsamling til ei portrettbyste av Baggerud, og 1885 vedtok Stortinget å stille henne opp i stortingssalen.

Kilder og litteratur

  • Biografiske opplysningar i Lindstøl, bd. 1, 1914, s. 55
  • H. Koht: Johan Sverdrup, bd. 1, 1918
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • A. Bergsgård: Ole Gabriel Ueland, bd. 1, 1932
  • L. Daae: Politiske dagbøker og minner, bd. 1, 1934