Faktaboks

Antonius
Uttale
antˈonius
Levetidskommentar
fødsels- og dødsår ukjent, nevnt mellom 1528 og 1537
Verke
Tysk-norsk luthersk predikant
Familie

Foreldra er ukjende.

Gift med Anne.

Antonius var ein tysk munk som var den fyrste lutherske (protestantiske) predikanten i Bergen i 1520-åra.

Antonius har vore framstilt som den første forkynnar av lutherdom i Noreg. Han spela ein rolle i bergensk kyrkjeliv i den urolege tida omkring reformasjonen, men vi har lite sikker kunnskap om han. Han er omtala av Absalon Pederssøn Beyer, og opplysningane har vorte tolka på litt ulik vis.

Antonius var tysk og hadde vore munk. Truleg var han av dei første lutherske predikantar i vårt land når han forkynte luthersk lære både for tyskarane og for andre i Bergen seinast i 1528, men mest truleg alt eitt til to år tidlegare. Han medverka med dette til den relativt omtumla kyrkjelege situasjonen i Bergen dei følgjande åra, men omfanget av hans aktivitet kjenner vi ikkje. Det har vore hevda at når ein av erkebispens menn i eit brev 1529 omtala Vincens Lunge saman med «den fortvilede skalk lutheren» i Bergen, skulle Antonius vera personen bak denne karakteristikken, men meir truleg vart det sikta til dekanen Hans Knudssøn.

Vi veit ikkje om Antonius vart kalla eller send til Bergen som luthersk predikant, og om oppdraget berre var å tena tyskarane der. Han vart seinare sokneprest i Hallvardskyrkja, ei kyrkje tyskarane meinte å ha kallsrett til. Dette embetet hadde han i 1537, men døydde truleg få år seinare. Han var gift med Anne, truleg ei norsk kvinne, som ifølgje Absalon Pederssøn Beyer gifte seg med sin femte tyske ektemann 1567.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • A. C. Bang: Den norske kirkes geistlighed i reformations-aarhundredet, 1895
  • O. Kolsrud: «Kjættarskapen i den norske kyrkja», i SoS 1910
  • A. Brandrud: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • A. P. Beyer: Dagbok og Oration om Mester Geble, utg. av Det norske litteraturselskap, 1963–70
  • K. Valkner: «Reformasjonens innførelse i Bergen», i P. Juvkam (red.): Bjørgvin bispestol. Byen og bispedømmet, 1970

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg