Prest og bygdemålsdiktar. Foreldre: Faren het Johannes Breder; moren ukjent. Gift 1) med Kari Larsdatter, 2) med Gurine Gertsdatter (død 6.8.1697).

Det er uvisst når Anfin Breder vart fødd, men etter kallsboka for Sund var han personellkapellan for presten der i 1630. Heilt rett kan ikkje det vera, for Breder kom til universitetet først 1637, frå katedralskulen i Bergen. Men han kan ha vore hjelpar hos presten i Sund for å øve seg i kyrkjeleg arbeid medan han gjekk på skule i Bergen. Han var sjølv sokneprest i Sund frå 1640 til 1674.

Som biografisk person interesserer Breder mest fordi han skal ha skrive dei to første kjende visene på norsk bygdemål, Rabnabrydlaup i Kråkelund og Anfind hand gienghir. Den første, om eit dyrebryllaup, har vore vel kjend og godt likt. Den andre, om ein dans og ei friing, har vore lite kjend. Visene vart prenta 1647 i eit oktavhefte på sju blad, truleg i København. Det finst no berre eitt eksemplar av det, i Karen Brahes bibliotek i Odense. Nest etter Christen Jenssøns Den norske Dictionarium frå 1646 er dette det eldste prentet på norsk mål. Dei to visene finst også, i same rekkjefølgja, i Vibeke Bilds handskrivne visebok frå 1640-åra, der mest alle visene byggjer på eldre lausprent. I prentet frå 1647 er båe skrivne i ei målform frå Hordaland, men i boka er visa om Anfinn på austlandsmål.

I ei samling av ulike tekster or Østerdalen frå kring 1750 der Rabnabrydlaup er med, står det at “Denne vise er komponeret af hr. Anfind, prest til Sunds prestegjeld ved Bergen”. Dette vart nemnt av O. A. Øverland i 1880, men teksta han hadde for seg, er ikkje kjend no, og den same opplysninga er ordlagd litt annleis i ei visebok frå siste halvdel av 1700-talet (Håndskriftsaml., NBO, ms. 8° 2494). Francis Bull meinte Anfin Breder hadde skrive båe visene, men Torleiv Hannaas gjekk imot det, mest fordi visene har ulik målform hos Vibeke Bild.

Torleiv Hannaas har sist og mest grundig granska kjeldetilhøva for dei to tekstene som har vore tillagde Anfin Breder. Han meinte at Breder hadde kjent ei stuttare folkevise om eit dyregjestebod, som han så førte over til sotramål og utvida med andre vestnorske særdrag. Dyreviser var populære og fanst både på dansk og svensk, og ei svensk vise frå 1633 opnar om lag som Rabnabrydlaup. Nokon kunne ha sytt for å prente versjonen åt Breder saman med visa om Anfin, før Christen Jensøns ordbok og prentet frå 1647. Det eldre prentet måtte Breder ha vore misnøgd med, så han retta på målet i Rabnabrydlaup og skreiv også austlandsvisa om til vestnorsk

Hannaas gjev to grunnar til at Breder skulle stå bak den kjende forma av Rabnabrydlaup: at det høver godt med tida og endå meir med målet i visa. Det siste underbyggjer han med at viseteksta har både -æ (-e) og -a som endingar i sterke hokjønnsord (mærre, skiore, ørna, geita). Nett i Sund og noko av Fjell på Sotra finst båe desse endingane, i eit område som elles har berre . Sokneprestane Breder i Sund og Christen Jenssøn i Askvoll har kan hende vore kjende, frå skulegang eller prestemøte i Bergen, og dei kan ha inspirert kvarandre i interessa for norsk bygdemål.

  • M. Arnesen og I. H. Breder: Stamtavle over familien Breder, 1876
  • O. A. Øverland: “Ravnebryllupet i Kraakelund”, i HT, rk. 2, bd. 2, 1880, s. 302–308
  • biografi i Lampe, bd.1, 1895, s. 293
  • F. Bull: biografi i NBL1, bd. 2, 1925
  • T. Hannaas: “Rabnabrydlaup i Kråkelund”. Festskrift til Hjalmar Pettersen 13de januar 1926, 1926
  • O. Hanssen: Gamle bygdemålsprent fyre år 1800, 1939
  • K. Venås: Den fyrste morgonblånen, 1990