Tannlege og museumsmann. Foreldre: Fiskarbonde Sjur Sandvig (1825–1902) og Maren Knutsdotter Hustad (1830–1914). Gift 26.6.1889 med Anna Georgine Uchermann (24.4.1868–26.3.1950), dotter til skipskaptein Christian Uchermann (1836–1923) og Jørgine Andrea Gautesen (1847–72).

Anders Sandvig var samlar av gamle norske gardshus og antikvitetar. Han grunnla De Sandvigske Samlinger på Lillehammer og var direktør her fram til 1946. Sandvig var banebrytande i oppbygginga av friluftsmusea i Noreg.

Sandvig voks opp i Hustad i Romsdalen. Han skulle bli fiskarbonde som faren, men var stygt plaga av sjøsjuke og drog til Kristiansund for å søkje arbeid. Her vart han lærling hos ein gullsmed. På same tid fekk byen den første tannlegen, og den gongen var det slik at tannlegane brukte gullsmedane til å utføre gullarbeid. Gullsmeden som Sandvig arbeidde for, overlet dette arbeidet til Sandvig, og på denne måten kom han i meir personleg kontakt med tannlegefaget. Han bestemte seg for å bli tannlege og gjekk i lære hos tannlege Olsen i Kristiansund. Siste året av utdanninga si fekk han i Kristiania, delvis med økonomisk støtte frå formuande personar i Kristiansund. Etter ein stutt praksisperiode på Gjøvik 1883 reiste han til Berlin for å utdanne seg vidare hos ein av de mest kjente tannlegane i Europa, hofftannlege R. Telschow. Men opphaldet i Tyskland fekk ein brå ende da det vart oppdaga at Sandvig hadde tuberkulose. Han kom attende til Kristiania og trudde han skulle døy, men kom seg og reiste attende til Gjøvik. 1885 flytta han til Lillehammer for å starte praksis der.

Som tannlege vart Sandvig mest kjent for at han utvikla ei presse for produksjon av aluminiumsgebiss. Han var på denne tida den einaste tannlegen i Gudbrandsdalen og tok tidleg til med ein ambulerande praksis i dalen. På ferdene sine fekk han etter kvart ei sterk interesse for den gamle bondekulturen og tok til å samle gjenstandar, tidleg med eit siktemål om å berge frå oppkjøparar og utanlandske musé spor etter denne rike materielle kulturen. Starten på samlargjerninga si rekna han frå 1887. Med tida tok han også til med å kjøpe og flytte gamle hus frå dalen til hagen sin ved jernbanestasjonen på Lillehammer. Ved hundreårsskiftet hadde han seks antikvariske bygningar og ei stor mengd gjenstandar. Men det var dyrt å halde denne samlinga, og brannfaren var stor like ved jernbanen. 1900 baud han derfor fram samlinga til sals til Lillehammer kommune. Etter ein til dels kvass strid i byen vart samlinga 1902 kjøpt av Selskapet for Lillehammer Bys Vel, og det vart bestemt at den skulle flyttast til området Maihaugen ovanfor byen, der den vart opna 1904. Sandvig heldt fram som leiar av samlinga ved sida av praksisen som tannlege.

Sandvig hadde ein storstilt plan for utbygging av samlinga. Den skulle vere “en samling af hjem, hvor man kan gaa lige ind til de mennesker som har levet i dem”. Og han sette i gang ei rad store prosjekt for å realisere denne planen. 1904 kjøpte han storgarden Bjørnstad i Vågå med 21 hus og flytta den til Maihaugen, der anlegget vart opna 1913. Med dette fullført tok han til å kjøpe opp og flytte eit mindre gardsanlegg, Øygarden i Skjåk, med 19 hus. Dette stod ferdig sommaren 1927 i samband med 100-årsjubileet for Lillehammer by. I mellomtida var eit anna stort prosjekt fullført med gjenreisinga av den gamle stavkyrkja frå Garmo i Lom. Denne var riven 1880 og delane selde på auksjon. Men med god hjelp fekk Sandvig spora opp att bygningsdelane og bygd opp att kyrkja på Maihaugen, der den vart innvigd sommaren 1921.

Utover i 1920-åra fekk Sandvig stor interesse for handverkshistorie og tok til å samle gamal reiskap frå ymse handverk. Dette resulterte i den faste utstillinga De gamle verksteder, som også vart opna sommaren 1927. Alt frå 1910 hadde Sandvig arbeidd med tanken om å byggje opp eit seteranlegg på Maihaugen. Dette vart realisert først utover i 1930-åra med oppbygging av ei setergrend med 5–6 tun. Setergrenda vart opna sommaren 1937. Ved sida av desse store museumsprosjekta samla også Sandvig ei rad med mindre anlegg og enkelthus og store mengder gjenstandar som skulle til for å fylle ut det store biletet.

Ved sida av arbeidet med å byggje opp museet på Lillehammer engasjerte Sandvig seg sterkt på mange andre område. 1905–16 dreiv han Stribolt bokhandel på Lillehammer ved sida av tannlegepraksisen og museumsarbeidet. I åra etter 1910 stod han fremst i striden for å hevde posisjonen til distriktsmusea i forhold til dei nasjonale musea, og han var sentral i arbeidet som førte fram til etableringa av Norske Museers Landsforbund 1918. Han stifta Oppland avdeling av Fortidsminneforeninga, og han var medstiftar av Gudbrandsdal historielag. Han var medlem i styret for utsmykking av Eidsvollsbygningen og i det sakkyndige utvalet. Og han var medlem av den sakkyndige komiteen for Akershus slott.

Han hadde også mange internasjonale kontakter og engasjement. Såleis gav han viktige bidrag til utstillingar i Glasgow og Rouen i 1911, og saman med Hans Aall på Norsk Folkemuseum sende han ut ein foredragshaldar i USA sommaren 1913. 1925 tok han initiativ til at norske musé skulle samle gjenstandar og gi til det norskamerikanske museet i Decorah i Iowa, og i 1930-åra var han på fleire stipendreiser i Norden.

Sandvig dreiv også ei faglitterær verksemd. Han gav ut fleire bøker om anlegga på Maihaugen: De Sandvigske Samlinger i Tekst og Billeder i to band, De Sandvigske Samlingers Farveri og De Sandvigske Samlingers Garveri. Den samanfattande boka Vår gamle bondebebyggelse. Hvad Maihaugen forteller gav han ut saman med arkitekt Heinrich Jürgensen. Elles skreiv han fleire bøker og avhandlingar om spesielle tema som låg arbeidet på Maihaugen nær. Dei mest populære bøkene hans var nok likevel dei to minnebøkene I praksis og på samlerferd og I arbeid og fest.

For verksemda si fekk Sandvig ei rad med ordenar. 1900 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, og 1907 vart han kommandør. Han var kommandør av den svenske Vasaorden og den islandske Falkorden, riddar av den franske Æreslegionen og fekk den franske ordenen Officier de l'Instruction Publique. 1929 fekk han Borgerdådsmedaljen i gull, den utmerkinga han sjølv nok var stoltast av. Same året vart han utnemnd til æresborgar av Lillehammer, og han fekk også æresløn av byen.

Da Anders Sandvig gjekk av som direktør 1946 i ein alder av 84 år, etter å ha leia museet i 59 år, hadde han plassert De Sandvigske Samlinger i fremste rekkje blant friluftsmusea i Norden. Og det er truleg ingen norsk museumsmann som har hatt ein slik posisjon i breie lag av folket som Sandvig.

  • De Sandvigske Samlinger i Tekst og Billeder, bd. 1 Lillehammer 1907, bd. 2 Oslo 1928
  • Lidt om Erik Helleløkken, 1918
  • Lidt om Husebygging i ældre Tid, 1920
  • Knuvelbua, 1924
  • Om Bord- og Plankehugning før Vannsagens Tid, 1934
  • De Sandvigske Samlingers Farveri, 1934
  • De Sandvigske Samlingers Garveri, 1937
  • Seterliv og seterstell (sm.m. C. Berner), 1942
  • I praksis og på samlerferd, 1943 (ny utg. 2001)
  • I arbeid og fest, 1947
  • Vår gamle Bondebebyggelse. Hvad Maihaugen forteller (sm.m. H. Jürgensen), 1947
  • Originalen fra Skogbygden, 1948

    Ikkje-publisert materiale

  • De Sandvigske Samlingers arkiv
  • brevsamlingar i Håndskriftsamling, NBO
  • korrespondanse med Gert Falch Heiberg ved Sogn Folkemuseum

    Offentleg tilgjengelige lyd- og biletpresentasjoner

  • Intervju m.m. i NRKs arkiv
  • innslag i Filmavisen
  • HEH 1938
  • S. Grieg: biografi i NBL1, bd. 12, 1954
  • T. Buggeland og J. Ågotnes: Maihaugen. De Sandvigske Samlinger 100 år, 1987
  • A. Engen: upublisert manus om Anders Sandvig

    Kunstnarlege portrett (eit utval)

  • Måleri (knestykkje) av Eyolf Soot, 1904; p.e
  • Byste (bronse) av Steinar Sandvig (sonen til Sandvig), 1938; inngangshallen på Maihaugen, Lillehammer
  • Relieff (på medalje, bronse) av Per Palle Storm, 1942; NG
  • Skulptur (granitt, heilfigur) av Arne Durban, 1958, Stortorget, Lillehammer

    Fotografiske portrett

  • Div. portrett i I praksis og på samlerferd, ny utg. 2001