Noregs rikes kanslar. Foreldre: Lagmann Laurits Olufsson Green og Bente (Berte) Andersdatter Baden. Gift 1601 med den danske adelsdama Mette Grubbe, dotter av Erik Grubbe til Aalstrup (død 1585) og Anna Vasspyd.

Anders Green fungerte som “Norges Riges Kantsler” i perioden frå 1604 til 1614. Etter bortfallet av eit norsk riksråd 1536 var kanslaren den einaste embetsmann for heile Noreg, men han hadde få funksjonar og spela inga stor rolle i styringa av landet.

Etter at riksseglet var ført ut or landet 1388, hadde kanslaren ført domsseglet, sigillum ad causas, som stort sett vart nytta til landsvist- og gridsbrev, og med særlege oppgåver knytt til drapssaker vart han ein slags justiskanslar. Etter reformasjonen kom embetet, som stod tomt 1542–47 og 1572–92, til å gjennomgå endringar. I dei ønskja adelen oppnådde kongeleg godkjenning på 1591, synest det liggja ein plan om at kanslaren heretter skulle fungera som ein slags leiar for adelen. Han skulle vera fødd eller fast busett i landet, vald av adelen, godkjend av kongen, og vera vaktar over adelens rettar. Green er den andre i rekkja av slike kanslarar. Føregjengaren Hans Pedersen Litle var død 1602, og Green vart utnemnd i samband med herredagen i Bergen 1604.

Green hadde sine røter og sitt fedregods i Båhuslen med garden Sundsby på Mjørn som hovudgard. Faren var lagmann i Vika, og sonen har tidleg kome i teneste i kanselliet i København. Frå 1572 var han kansellisekretær, og hans teneste medførte tildeling av fleire smålen, dei fleste i Båhuslen. 1585 finn vi han oppsend for å halda herredag i Oslo saman med tre riksrådar, men kort etter må han ha forlate stillinga som kansellisekretær, og frå 1586 er han tilbake på Sundsby. Han vart nytta til offentlege oppgåver, m.a. var han vikar for lensherren i slottslova på Båhus. Hans føregjengar som kanslar var med i den revisjonen av lovverket som tok til 1593 og som resulterte i Christian 4s Norske Lov av 1604, men det er uklårt om Green spela noka rolle i dette arbeidet før 1602, då han vart kongeleg oppnemnd og deltok i avslutninga av lovarbeidet.

Som kanslar tok han opphald i Oslo, der han hadde eigen bygard. Nonneklostergodset følgde stillinga saman med Onsøy len. Gjennom dei 10 åra som kanslar finn vi han i aktivitet som ein høgste tilsynsmann med rettsstellet, som deltakar ved alle herredagar og ved kongehylling 1610, utan at han synest spela noka leiande eller dominerande rolle. Om han har spela ei rolle i samband med justeringa av forholdet mellom lagmenn og byråd 1607, er uklårt. Under Kalmarkrigen deltok han i ein kommisjon for å ordna landforsvaret. Det er vanskeleg å vurdera om kanslarembetet har hatt veksande rolle og prestisje i Greens funksjonstid, men hans aktivitet kjem ikkje opp mot den etterfølgjaren Jens Bjelke la for dagen, og han kan neppe kallast nokon markert leiar for den norske adelen.

Green hadde sans for å samla gods og kom gjennom arv, kjøp og prosessar til å bli sitjande med relativt mykje jord, mest i Båhuslen. I si kanslartid deltok han også i handelsverksemd og i skipsbygging.

  • Samlinger til det Norske Folks Sprog og Historie,bd. 1, hf. 1, 1833
  • NRR,bd. 3 og 4
  • Norske Herredags-Dombøker,rk. 1, bd. 3–6
  • O. A. Johnsen: biografi i NBL1,bd. 4, 1929