Faktaboks

Amund B. Larsen
Amund Bredesen Larsen
Fødd
15. desember 1849, Grue, Hedmark
Død
27. april 1928, Bærum, Akershus
Verke
Språkvitskapsmann
Familie
Foreldre: Lensmann Christoffer Larsen (f. 1813) og Olea Bredesen Ramsøyen (død før 1865). Gift 13.6.1878 med Henriette Caroline Sætre (27.11.1850–7.10.1881), dotter til gardbrukar Peder Hansen Skytteren (f. 1807) og Karen Guttormsdatter Sætre (f. 1815); 2) 31.5.1887 med Anna Cathrine Lund (f. 14.10.1866), dotter til fullmektig Carl Ludvig Johan Lund, Danmark, og Vilhelmine Kirstine Henrichsen. Bror til Bastian Reinhold Larsen (1856–1919).

Amund B. Larsen var ein pioner i norsk dialektgransking og gav ut mange nyskapande verk om både bygdemål og bymål. Også som lingvist og teoretikar gjekk han nye vegar.

I eit vanleg norsk namn plar ein bokstav mellom føre- og etternamnet vise til namnet åt faren, men Amund B. Larsen hadde mellombokstaven B. frå ættenamnet åt mora. Bestefar hans på morssida heitte Amund Bredesen. Båe foreldra kom av gamle ætter i Solør, og Amund vart fødd i Grue og voks opp der. Han vart undervist av huslærarar, men kom 1866 til Heltbergs “studentfabrikk” i Christiania og tok examen artium det året.

Larsen studerte filologi, klassiske mål og gammalnorsk. Seinare lærte han fonetikk av Johan Storm. Han tente til studiet ved å vera huslærar om lag annakvart år. Eit par år arbeidde han hjå far sin, som då var lensmann i Hof. Etter embetseksamen 1878 var Larsen klasselærar i Trondheim 1879–83 og adjunkt i Arendal 1883–1901. 1899 tevla han med Marius Hægstad om eit professorat i “landsmaalet og dets dialekter”. Hægstad fekk det, men Larsen fekk 1901 statsstipend for å granske norske bygdemål. Ved sida av skulearbeidet dreiv han “selvstændig studium av de norske dialekter”; det såg han som livsgjerninga si. Granskingane hans galdt fyrst solørmålet og målet i landslutene der han var lærar, Trøndelag og Agder. Han hadde reisestipend nokre år, og han nytta alle feriar til å reise. Etter kvart kom han til heile landet.

Språktilfanget Larsen samla, vart grunnlag for nyskapande studiar. Det fyrste arbeidet, Oplysninger om Dialekter i Selbu og Guldalen frå 1882, var “den første moderne dialektavhandling innenfor vårt sprog” (D. A. Seip). Arbeidet med trøndermål førte han vidare med Oversigt over de trondhjemske dialekters slægtskabsforhold, som etter Seip var “den første virkelige dialektmonografi innenfor norsk”. Knytt til den laga Larsen 1887 eit kart over dialektfenomen som jamvekt og jamning, palatalisering og monoftongering, det var Nordens eldste målførekart. Tilfang samla i Arendals-tida gav grunnlag for ei utgreiing om bygdemåla på Agder (1890–91). Eit arbeid om solørmålet som Larsen fekk ein pris for 1883, utvida han til avhandling for doktorgraden 1895: Lydlæren i den solørske Dialekt især i dens Forhold til Oldsproget. Slik som dei trøndske studiane vart doktoravhandlinga viktig for målførevitskapen både i Noreg og Sverige. 1897 gjorde Larsen den lengste granskingsferda si, til Tromsø. Han meinte at han då hadde bra oversyn over alle dei norske dialektane, og same året gav han ut Oversigt over de norske bygdemål, som var det fyrste heilskaplege oversynet over norske dialektar og enno har verdi ut over det historiske.

For Bymålslaget tok Larsen 1902 på seg å skildre dei viktigaste bymåla våre. Det førte til tre bøker: Kristiania bymål, Bergens bymål og Stavanger bymål. Det siste store verket, Sognemålene, dokumenterer breitt lyd- og formlæra i alle sognemåla. I innleiinga der og andre stader drøfter Larsen på ein eminent måte prinsipielle lingvistiske spørsmål, og vil m.a. syne at ikkje berre lydfysiologi og målgeografi, men også sosiale og psykologiske mekanismar har noko å seia når barn tileignar seg språket.

På ymse felt var Larsen fyrst ut både i Noreg og internasjonalt, sjølvstendig som tenkjar og granskar. Han ville finne prinsipp for korleis analogi verkar i språket, og han var før si tid med å sjå språket som ein heilskapleg struktur, der lydutviklinga gjeld einingar i eit system som heng saman. Larsen var ein pioner ved å skapa dialektgeografi som disiplin og setja allmennlingvistiske rammer for det nye. Med nemningane 'opning' og 'lågning' ville han forklare utviklinga av korte vokalar frå gammalnorsk til nynorsk, og med 'naboopposisjon' og 'knot' prøvde han å gje psykologiske forklaringar på språkutvikling. I bruken av slike omgrep, i studiane over bymål og i heile granskarhaldninga si var Larsen oppteken av korleis språket åt den einskilde veks fram i eit samspel med andre språkbrukarar og med heile samfunnet; han var sosiolingvist lenge før den disiplinen vart formulert og definert.

Verker

  • Ein omfattande bibliografi finst i Festskrift til Amund B. Larsen,s. 239–246, utfylt noko i M. Myhren: Amund B. Larsen. Skrifter,1976

    Eit utval

  • Oplysninger om Dialekter i Selbu og Guldalen, 1882
  • Oversigt over de trondhjemske dialekters slægtskabsforhold, 1886
  • Lydlæren i den solørske Dialekt især i dens Forhold til Oldsproget, dr.avh., 1894
  • Oversigt over de norske bygdemål, 1897
  • Kristiania bymål, 1907
  • Bergens bymål (sm.m. G. Stoltz), 1912
  • Stavanger bymål (sm.m. M. Berntsen), 1925
  • Sognemålene, 1926

Kilder og litteratur

  • Stud. 1866,1916
  • A. Sommerfelt: “[Melding av] Sognemålene”, i Maal og Minne,1923
  • S. Kolsrud: “Amund B. Larsen”, i Festskrift til Amund B. Larsen på hans 75-års fødselsdag 15. desember 1924,1924
  • R. Iversen: “Minneord om Dr. Amund B. Larsen”, i DNVA Årbok1929, s. 59–68
  • D. A. Seip: biografi i NBL1,bd. 8, 1938
  • I. Hoff: “Amund B. Larsen. Eit hundradårsminne”, i Svenska landsmål och svenskt folkliv,Stockholm 1950
  • O. Stemshaug: “Nordens eldste målførekart”, i Svenska landsmål och svenskt folkliv, Stockholm 1979
  • O. Nes: Norsk dialektbibliografi,1986
  • G. Wiggen: “Amund B. Larsen som sosiolingvist”, i L. A. Kulbrandstad og B. Øygarden (red.): Peilepunkter. Festskrift til Thor Ola Engen 11. januar 1995,Vallset 1995

Portretter m.m.

    Fotografiske portrett

  • Fotografi i Festskrift til Amund B. Larsen
  • Fotografi i Stud. 1866