Faktaboks

Abraham Berge

Abraham Theodor Berge

Fødd
20. august 1851, Lyngdal
Død
10. juli 1936, Tønsberg
Verke
Lærer, politiker og embetsmann
Familie

Foreldre: Arbeider Johan Tobias Johnsen Bergemoen (1813–1883) og Helene Andreasdatter Kvalsvig.

Gift 1875 med Anne Elisabeth Kylleberg (1847–1917), datter av gårdbruker og los Tønnes Elias Pedersen Kylleberg og Elise Severine Olsdatter.

Abraham Berge

Abraham Berge

Av /NTB Scanpix ※.
Abraham Berge
Av /Oslo museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Abraham Berge var ein norsk politikar for Venstre og Frisinna Venstre (frå 1909). Han var Noregs statsminister frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924.

Berge var ein av dei sentrale Venstre-politikarane i åra rundt 1900. Han var statsråd fleire gonger: finansminister i periodane 1906–1907, 1910–1912 og 1923–1924, og kyrkjeminister i perioden 1907–1908. Han var stortingsrepresentant i åra 1892–1894 og 1898–1912 og 1925. Etter splittinga av Venstre i 1908 var han blant initiativtakarane til danninga av Frisinna Venstre.

I 1926 vart Berge stilt for riksrett, fordi han som statsminister og finansminister i 1923 hadde tatt opp statslån utan godkjenning frå Stortinget. Berge og dei andre statsrådane vart frifunne på alle punkter, men frifinninga vart sterkt kritisert.

Bakgrunn

Abraham Berge vart fødd på husmannsplassen Bergemoen under garden Berge i Lyngdal.

Abraham Berge skal ha lært å lese allereie som fireåring og hadde stor tilgong til bøker i heimen. Til den tidlege barnelærdommen høyrde mellom anna Snorres kongesagaer. Han lærde gjennom praksis, saug inn røynsler og hadde minne som ein elefant.

Den einaste utdanninga han hadde utover ein skrøpeleg folkeskule var 15 månader ved kyrkjesongar Reinert Rødlands lærarlærlingsskule i Lyngdal i 1867. Etter eksamen ved kyrkjesongar tok han til som folkeskulelærar i Vanse. Der var han til 1903, då han vart utnemnd som lensmann i Vanse og dreiv gard ved sidan av.

Ein glødande Venstre-mann

Politikk dreiv Berge med heilt frå ungdomen av, og han var glødande Venstre-mann. Han starta si politiske karriere i Søren Jaabæk si Bondevenn-foreining.

I 1877 blei valt inn i Vanse heradstyre, der han sat til 1889 og igjen frå 1901 til 1904. Ein periode var han også ordførar. Han sat dessutan i ei lang rekkje styre og råd både i kommunen og i fylkeskommunen. I 1886 blei han forlikskommissær. Han fungerte som valmann fleire gonger, og hadde ei rekkje verv i amtskommunen (fylkeskommunen).

I åra 1904–1908 var han lensmann i Vanse, og i 1908 blei han utnemnt til amtmann i Jarlsberg og Larviks amt. Stillinga som amtmann hadde han fram til 1923, med unntak av perioden 1910 til 1912.

Stortingsrepresentant

Ved stortingsvalet i 1891 vart Berge innvald som representant for Lister og Mandals amt, men fall ut ved valet i 1894. I 1897 vart han vald på nytt, og nå var han samanhengande vald til stortingsrepresentant fram til 1912. Med ein relativt klar og kort, men bestemd framferd i diskusjonar, og eit ikkje så reint lite agitatorisk talent, gjorde Berge seg raskt bemerka.

I åra frå 1899 til 1902 fungerte også Berge som generalsekretær i Venstre, ein jobb han hadde ved sidan av stortingsvervet. I desse åra reiste han svært mykje rundt i landet og gjesta lokale venstrelag.

I 1905 vart han vald til odelstingspresident. Her kom han til å stå sentralt i dei drøftingane som leidde opp til Stortingets vedtak om å oppløyse unionen med Sverige 7. juni 1905. Etter kongevalet same haust blei han vald til å delta i deputasjonen som representerte Stortinget ved kroninga av Haakon 7. i Trondheim i 1906.

Statsråd

Finansminister (1906–1907) og kyrkjeminister (1907–1908)

I november 1906 gjekk Berge inn i regjeringa til Christian Michelsen som finansminister. Då Michelsen året etter valde å gå av som statsminister, blei Berge med i Jørgen Løvlands oppfølgingsregjering som kyrkjeminister, og gjekk av saman med resten av regjeringa i mars 1908.

Skipinga av Frisinna Venstre (1908–1909)

Venstre var på denne tida ein brei og lite homogen allianse. Det som lenge heldt partiet saman, var forfatningskampane. Striden om kursen for partiet etter unionsoppløysinga, der det sentrale spørsmålet var kva haldningar som skulle få dominere synet på dei sosialpolitiske spørsmåla, kom dermed til å skape store indre spenningar. Etter stortingsvalet i 1906 kom det til open strid om hegemoniet i partiet, og våren 1908 kom splittinga. Gunnar Knudsen og fløya hans fekk fleirtal for å oppløyse den gamle venstreforeininga på Stortinget med sikte på å danne ein ny. Dei som ikkje støtta den nye linja, blant dei Berge, blei utelukka frå stortingsgruppa.

3. mars 1909 var Berge med på skipinga av det nye partiet som Christian Michelsen sto som fadder for, Frisinna Venstre, og Berge vart den første formannen. Dette partiet knytte an til ein breiare liberalistisk straum i norsk politikk. Miljøet i og rundt partiet var karakterisert av stor vekt på åndsfridom, individualisme og motstand mot absolutte haldningar slik dei kom til uttrykk i fleire av dei sentrale sakene i tida, så som fråhaldssak og målsak. I den økonomiske politikken bygde ein på læresetningane til den klassiske økonomien, sjølv om ein blant kjernetroppane til partiet òg finn ein mann som sosialøkonomen Oskar Jæger, som seinare lanserte ansatsar til ei klar planøkonomisk tenking.

Finansminister (1910–1912)

Høgre og Frisinna Venstre fekk eit knapt fleirtal ved stortingsvalet i 1909. Frisinna Venstre-leiar Wollert Konow danna regjering i februar 1910, og Berge blei med som finansminister. Denne regjeringa blei tvinga til å gå av 1912, etter store indre rivningar i koalisjonen, ikkje minst knytt til statsministeren sin eigen person. Dramatikken rundt avgangen til regjeringa resulterte i ei splitting av Frisinna Venstres stortingsgruppe. Berge, Konow og fleire andre forlét gruppa og unndrog den nye regjeringa (leidde av Høgres Jens Bratlie) si støtte. Bratlies regjering blei dermed i deira auge å betrakte som ei mindretalsregjering, noko som strei mot god parlamentarisme.

Berge blei etter regjeringa Konows fall igjen valt til odelstingspresident. Etter Frisinna Venstres valnederlag i 1912 forlét han Stortinget for å tiltre stillinga som amtmann.

Finansminister (1923–1924)

I åra som følgde deltok Berge aktivt i den offentlege debatten. I takt med at dei økonomiske problema i kjølvatnet av avslutninga av den første verdskrigen auka, engasjerte han seg stadig sterkare. Den posisjonen han opparbeidde seg som deltakar i det offentlege ordskiftet, bidrog til at han blei beden om å gå inn i Otto B. Halvorsens koalisjonsregjering i mars 1923, endå ein gong som finansminister.

Statsminister (1923–1924)

Abraham Berge som statsminister, fotografert 1923

Etter at Halvorsen døydde i mai same år, oppstod det ein heilt ny situasjon. Det hadde ikkje skjedd før at ein statsminister hadde gått bort mens han var regjeringssjef, og det vart strid om kven som skulle overta. Situasjonen vart ikkje enklare av at regjeringa var ei koalisjonsregjering, og at det ikkje peika seg ut nokon klar etterfølgjar. Høgres formann Ivar Lykke, som vel stod nærmast, avslo bestemd av reint private grunnar.

Ein annan aktuell var Odd Klingenberg, Halvorsens nære venn og allierte i sosialpolitikken, men han var for liberal for partiet. Enden på visa vart altså at Høgre-gruppa godtok at den sitjande finansministeren, representanten for Frisinna Venstre, Abraham Berge, skulle ta over som statsminister.

Avgjerda er nesten historisk: Stortingsgruppa i Høgre hadde kåra, som leiar for ei høgredominert regjering, ein mann som ikkje var medlem i partiet, som hadde ei fortid som generalsekretær i Venstre og som endåtil var målmann. Kanskje låg det bak eit ønskje om å ha nokon å skulde på om det skulle gå retteleg gale med finansane?

Ei krisetid, ein redningsmann

Berge blei utnemnd til statsminister 30. mai 1923. Berge var 72 år det året han vart statsminister. Det var då ti år sidan han hadde vore politisk aktiv, og det var 32 år sidan han første gong kom inn på Stortinget. Mange oppfatta han som nesten eit politisk gjenferd, men det skulle vise seg dei tok feil.

Gamlingen sette seg i respekt. «..Hans tilbakevenden har været en opplevelse ved den friskhet, kraft og evne til at si sandheten usminket, som han har fundet anledning til at utfolde», skreiv Morgenbladet. «En hylekone», kalla Johan Ludwig Mowinckel han, då han åtvara som mest mot eit økonomisk samanbrot, og «Nordens Mussolini» var karakteristikken sosialisten Alfred Madsen brukte om Berge.

Det var altså ein særs røynd politikar som tok over som regjeringssjef 30. mai 1923. I tillegg til å vere statsminister, heldt Berge fram som finansminister. Utfordringa var gigantisk. Det var krise i økonomien og bankane ramla over ende som fluger.

Morgenbladet skreiv då Berge vart finansminister i Halvorsen-regjeringa i førstninga av mars at det skjedde «under forhold saa vanskelige som kanskje ingen av hans forgjengere siden grev Wedel Jarlsbergs dage» hadde opplevd. Det er sjølvsagt dristig å velje ein pensjonist til ein slik jobb, men valet var ikkje dumt fordi Berge hadde appell utover landet.

I Venstre-gruppa på Stortinget derimot, vart han av mange oppfatta som ein svikar. Venstre-leiaren Johan Ludwig Mowinckel meinte at det hos Berge sat «saa meget bitterhet og surt igjen fra fortiden … at kanske samarbeidet med ham kan bli vanskelig for frilyndte mennesker». Samarbeid vart det då også lite av med Venstre, men innover i regjeringa, i Høgre, i pressa og utover blant folk flest opparbeidde Berge seg på nokre få veker i 1923 eit heilt eineståande ry som handlekraftig statsminister og landets redningsmann.

Handelsbank-saka

Under bankkrisa i 1923 meinte Berge som finansministeren i landet at det var ei statsoppgåve å søkje å hindre eit allment bankkrakk. Med Berge som finansminister vart det i rekordfart vedteke ei lov som opna for at bankar kunne setjast «under offentleg administrasjon» dersom dei kom i vanskar. For å hindre konkurs i ein av dei store bankane, Den norske Handelsbank, fekk han regjeringa med på å gjere eit hemmeleg innskot på 25 millionar kroner. Desse pengane fanst ikkje tilgjengelege i statskassa. Finansdepartementet måtte skaffe dei ved å skrive ut statsvekslar for summen. Ein tok ikkje sjansen på å klarere saka i Stortinget. Berge var livredd for at lekkasje kunne skape panikk, og det var berre regjeringa som vart orientert.

Våren 1924 var same bank på ny opp i store vanskar. Han fekk derfor utvirket at Stortinget garanterte forpliktingane til dei statsadministrerte bankane. Berge fekk då Stortinget til å yte ytterlegare støtte utan at det blei gjort tilstrekkeleg klart at regjeringa allereie hadde støtta banken med store summar.

Brennevinsforbodet

Regjeringa Berge gjekk av etter forslaget sitt om å styrkje statsfinansane gjennom ei avvikling av brennevinsforbodet, utan folkerøysting. Lovforslaget om å fjerne forbodet vart vraka i Stortinget, og 23. juni leverte han inn regjeringa sin søknad om avskjed. To dagar etterpå tok Berges argaste motstandar på Stortinget, Venstre-leiaren Johan Ludwig Mowinckel, over som statsminister.

Riksrett

Då den hemmelege redningsaksjonen for Handelsbanken vart offentleg kjend, reiste det seg ein storm av kritikk, først og fremst frå Arbeidarpartiet, men også frå Venstre. I 1926 vedtok Odelstinget med 62 mot 50 stemmer å reise riksrettssak mot Abraham Berge og seks av regjeringskollegaene hans frå mai 1923.

Klagemåla var for det første at han to gongar lot vere å opplyse Stortinget om det offentlege innskotet på 25 millionar kroner i Handelsbanken, og for det andre at regjeringa for å skaffe dei 25 millionar kronene, hadde teke opp eit statslån utan godkjenning frå Stortinget. Det er i strid med Grunnlova.

Riksretten vart sett 3. september 1926. Dommen til riksretten av 26. mars 1927 lydde på frifinning på alle punkt, mellom anna fordi nokre av tiltalepunkta var forelda. Etter denne saka vart det sett ned ein komité som gjennomgjekk riksrettsinstitusjonen og moderniserte lovverket.

Frifinninga av Berge vart sterkt kritisert. Stemninga var prega av at svært mange menneske hadde tapt pengar på bankkrisa, men utan at nokon av banksjefane og dei ansvarlege for krisa hadde blitt straffa. Berge var innvald frå Bergen i denne stortingsperioden, men møtte nesten ikkje. Han var sjukmeldt det meste av tida. Saka tok på den gamle mannen, og har i ettertid skygga for den dimensjonen han hadde som politikar.

Ville skape balanse

Det var dessutan noko ironisk over at nettopp Abraham Berge vart tiltalt for bruk av statens pengar. Som kombinert statsminister og finansminister vart han mest kjent for appellane sine om sparing. Under mottoet «…spare, forsage, lide» gjekk han i front for å få opp sparinga og ned forbruket. Det vart nesten eit evangelium for han, og han reiste land og strand rundt og preika det. Så fokusert var han på oppgåva at han nedla forbod mot at foredraga hans rundt om skulle annonserast som «politiske». Dei skulle kallast «finansielle». I ein tolldebatt i juni 1923 sa han: «Regningen ligger på mitt bord – den skal betales». Det var ei gigantrekning etter dyre krigsår (sjå Noreg under første verdskrigen) og stor opplåning i kriseåra etterpå.

Målet hans var å skape balanse i statsbudsjettet og kunne ta til på nedbetaling av gjelda. For å skaffe pengar ville han auke tollavgiftene og fjerne brennevinsforbodet, slik at statskassa kunne få inn brennevinsavgifter og overskot på salet.

Utgivingar

Berge var sterkt oppteken av Listas lokalhistorie, og gav ut sjølv fleire bøker om emnet. Han skreiv òg ei lang rekkje avisartiklar.

  • Maalspursmaalet. Tvo talar (av Berge og Jørgen Løvland), 1906
  • Listerlandets kystværn og kaperfart 1807–1814, Tønsberg 1914
  • Lista. En bygdebok, Tønsberg 1926

Utmerkingar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Artikkelen inneheld utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999

Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Faktaboks

Abraham Berge

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg