Bonde og politikar. Foreldre: Bonde Ole Aasulvsen Bryggesaa og Berte Tormodsdatter Tveten. Gift 4.6.1878 med Inger Maria Aanonsdatter Hobbesland (27.9.1857–24.8.1943), dotter til bonde Aanon Olsen Hobbesland og Kari Tobiasdatter Skjeggestad.

Aasulv O. Bryggesaa var ein av dei fremste venstrepolitikarane i tida etter 1900. Han satt på Stortinget i 13 år og var kyrkjestatsråd 1913–15.

Han voks opp på slektsgarden Bryggeså i Eiken i Hægebostad, som han vart eigar og brukar av 1878. Han tok eksamen på lærarseminaret i Holt 1877 og var lærar i heimbygda 1878–84. Der var han og medlem av heradsstyret frå 1884, ordførar frå 1889 og skulestyreformann frå 1890.

Bryggesaa vart vald inn på Stortinget for Lister og Mandals amt (noverande Vest-Agder) i 1900. Johan Castberg var òg ein av nykomarane ved dette valet, og Bryggesaa vart snart ein av Castbergs nærmaste meiningsfrendar. Då Castberg i 1901 skipa “Stortingets demokratiske reformgruppe”, vart Bryggesaa med i den indre krinsen. Castberg noterte at han i sitt reformarbeid hadde ei verdfull støtte i “konstitusjonskomiteens dygtige medlem Listerrepræsentanten Bryggesaa”.

Med åra vart Bryggesaa ein autoritet i konstitusjonelle og forfatningsmessige spørsmål. Det kom godt med då unionsstriden litt etter hundreårsskiftet gjekk inn i sin siste fase. Første steget mot direkte aksjon skjedde 21. februar 1905, då den store Spesialkomiteen vart oppnemnd. Bryggesaa vart innvald her, og han plasserte seg straks på ytste venstre fløy. Talen han heldt under Karlstaddebatten i oktober 1905, var hans storpolitiske debut. Han gjekk sterkt ut mot Karlstadforliket og gjekk like sterkt inn for republikken. Koplinga mellom “Karlstad-stormarar” og republikanisme gagna ikkje den republikanske saka, det viste folkerøystinga i november same året.

I spørsmålet om kvinneleg røysterett spela Bryggesaa ei hovudrolle. Han tala for kvinnerøysteretten ut frå ein brei liberal tankegang.

I åra 1906–08 var Bryggesaa med i det som vart kalla konsolideringa av Venstre. Då Gunnar Knudsen skulle skipe si første regjering, var det vanleg meining at Bryggesaa ville bli “en prægtig landbrugsminister”, slik stortingskollegaen Thore Myrvang uttrykte det. Men det let seg ikkje gjere, skreiv Gunnar Knudsen, “da hans kone og gamle foreldre motsetter sig og han er en hensynsfuld søn og ektemake”. Kona hans, som heldt seg heime på garden, gav telegrafisk melding om familiens veto.

Den store skiljesaka i åra etter unionsoppløysinga var spørsmålet om konsesjonsplikt og konsesjonsvilkår for vasskraftverk. Regjeringa Knudsen lanserte 1908–09 ei alternativ linje i konsesjonssaka, der den berande tanken var prinsipiell jamstelling mellom norsk og utanlandsk kapital, med heimfallsrett til staten som eit kardinalpunkt. Også innanfor Venstre var det delte meiningar om den radikale heimfallsretten, og Bryggesaa tvilte sjølv på om prinsippet samsvarte med grunnlov og hevdvunne bonderettar. Han gjekk difor inn for å gje særreglar for mindre selskap og mindre vassfall. Men kompromisset vart avvist, og Castberg kunne som justisminister drive gjennom dei epokegjerande konsesjonslovene 1909.

Venstre fekk ein knusande siger ved stortingsvalet hausten 1912. Ut på nyåret 1913 vart Bryggesaa vald til president, og det var han som opna det nye Stortinget og helsa kongen. Castberg tykte han var “tung og solid, en præktig bondetype; han talte paa sit landsens maal og bad gud signe konge og fædreland. Tidligere skulde de kun bevares”.

Bryggesaa stod no på høgda av sin karriere. Då G. Knudsen 1913 skulle skipe regjering for andre gong, vart det lagt eit sterkt press på Bryggesaa for å få han inn i regjeringa. Knudsen ville ha han til kyrkje- og undervisningsminister, og slik vart det. I Venstres leiarsjikt var han etter kvart ein av dei som stod Knudsen nærmast. Det viste seg m.a. i ordenssaka, då Bryggesaa 1913 gjekk inn for å avskaffe ordensvesenet. Framlegget fekk stort fleirtal (75 mot 47 røyster), men for lite til å få grunnlovsfleirtal.

Historikaren Rune Slagstad kallar Bryggesaa for “en av lærerpolitikerne”. Han var ein eldhuga talsmann for landsmålet. Det var i hans tid som kyrkjeminister at dei første landsgymnasa vart skipa som høgare skular for bygdeungdom. Bryggesaa var dessutan totalfråhaldsmann og dertil ein truande kristen, med røter i sørvestnorske lekmannsmiljø. Han var ein av dei få som kunne ta opp delikate kyrkjepolitiske saker utan at det utløyste strid mellom ulike teologiske fløyar. 1913 sytte han m.a. for at Menighetsfakultetet fekk eksamensrett.

Då Bryggesaa rundt hundreårsskiftet starta sin politiske karriere, hadde han ei arbeidskraft utanom det vanlege. Men med åra sleit han på helsa si. Han vart stor og tung; Castberg kalla han ved eit høve for “indolent”. Like etter stortingsvalet 1915 gjekk han ut av regjeringa på grunn av svekt helse.

  • Korte træk av koncessionssakens historie, 1912
  • Vinstre og skulen, Norges venstreforenings skrifter nr. 12, 1915
  • Biografi i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • W. Keilhau: biografi i NBL1, bd. 2, 1925
  • J. Castberg: Dagbøker 1900–1917, 2 bd., 1953
  • R. Slagstad: De nasjonale strateger, 1998