Jordmor og lokalpolitikar. Foreldre: Gardsarbeidar Ole Sørensen Røinesdal (1852–1938) og Sissel Johnsdotter Kåland (1841–1902). Gift 24.6.1907 med fiskar Sivert Helgesen (24.6.1883–30.11.1941).

Aasa Helgesen er kjent som den første kvinnelege ordføraren i Noreg. Ved sida av yrket som jordmor på Utsira var ho ordførar i den nyoppretta kommunen 1926–28.

Ho voks opp på husmannsplassen Røisnesdal i Bjelland. Etter at ho var ferdig med skulen, fekk ho arbeid som hushjelp hos ein bonde. Men ho ville utdanna seg vidare, og bonden (saman med lensmannen i bygda) garanterte for eit lån på 300 kroner, slik at ho kunne koma til Kristiania for å gå på jordmorskule. 1902 var ho ferdig utdanna jordmor og søkte stilling i heimkommunen Bjelland, men ho blei innstilt som nr. 2 og måttte difor søke ledige stillingar andre stader i landet.

1903 blei Aasa Røinesdal tilsett som jordmor på øya Utsira, 18 km vest for Karmøy. Den dagen ho reiste til den nye arbeidsplassen, tok det 9 timar med båt frå Haugesund. Men om overgangen frå ei skogsbygd i Mandalen til ei øy ute i åpne havet var stor, så fann ho seg fort til rette. På ei lita øy vert det ein annan kontakt mellom folk enn innover i landet, der det kan vera langt mellom gardane. På Utsira møtte ho Sivert Helgesen, som ho blei gift med 1907. Som dei fleste på øya var han fiskar, og dermed borte frå heimen ein stor del av året.

Fram til 1. juli 1924 hadde Utsira vore ein del av Torvastad kommune. Men då øya blei sjølvstendig kommune, blei det valt eit mellombels kommunestyre, som skulle styra fram til dei kunne halda val. Ordførar var Sivert Helgesen.

Det første valet blei halde 29. oktober 1925 og føregjekk som flertalsval, dvs. at den som får flest stemmer – utan omsyn til liste – blir valt. Det skulle veljast 12 medlemmer til kommunestyret, og det blei laga ei liste med 12 kvinnenamn. Blant desse var Aasa Helgesen. Oppteljinga synte at 11 kvinner og 1 mann var valde til å styra Utsira kommune i dei komande tre år. Resultatet av valet førte til at store deler av verda blei merksam på det som hadde skjedd, og kvinneorganisasjonar frå fleire land sende telegram med ønske om lukke til.

8. januar 1926 kom det nye kommunestyret saman. Den mannlege representanten var ikkje viljug til å ta på seg å vera ordførar, og valet stod då mellom dei 11 kvinnene. Etter at den gamle ordføraren hadde gjeve uttrykk for tillit til etterkomarane, kunne han levera ordførarklubba til si eiga kone, Aasa Helgesen, den første kvinna i landet som var valt til ordførar i ein kommune.

Det kom mange dystre spådomar om kvinnene ville makta å styra kommunen. Kvinner med politisk makt var noko nytt, og dette var ein svært uvanleg start på ein politisk karriere. Men dei tok på seg jobben og fullførte med glans. 17. juli 1926 skreiv Haugesund Avis: “Arbeidet i herredsstyret går ganske bra. Der har ikkje vært synderlige uoverensstemmelser og absulut ingen rivninger. Kommunens økonomi er god. Det er ikkje stiftet et eneste øre i gjeld. Budsjettet vil sikkert holde og muligens gi et lite overskudd, skjønt skatteprosenten blir mindre enn i fjor.”

1928 var det igjen val, men ingen av kvinnene på Utsira var særleg lystne på ein ny periode med kommunalt styre og stell. Denne gongen blei det bare valt inn menn, og Sivert Helgesen tok over att som ordførar.

Som jordmor frå 1903 til 1942 tok Aasa Helgesen imot ca. 400 barn. Det var omtrent like mange som det budde folk på Utsira i den tida. Der var ikkje doktor, og som einaste helsearbeidar på øya var ho nok også “læge” iblant.

Kilder og litteratur

  • “Arbeidet i herredsstyret”, i Haugesunds Avis 17.7.1926
  • “Aasa Helgesen 80 år”, i Haugesunds Avis 1957
  • M. Solberg: “Norges første kvinnelige ordfører”, Utsira 1994 (skriv til avdukinga av bysta av Aasa Helgesen, sjå nedanfor, avsnittet Portrett)
  • K. Skåren: “Gamalt frå Utsira – kvinnestyret”, i Siraposten
  • Å. Haugland: “Aasa Røinesdal – jenta frå husmannsplassen i Bjelland som blei landskjent”, i Marnar-minner, 1999

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Byste av Svein Magnus Håvarstein, 1994; Siratun, Utsira

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.