Uralske språk er ein språkfamilie som omfattar om lag 30 språk. Dei uralske språka blir tradisjonelt delte i to hovudgrupper: finsk-ugriske og samojediske språk. Dei to gruppene har utvikla seg frå eit felles grunnspråk, ur-uralsk (proto-uralsk), som truleg blei snakka av eit jeger- og fiskarfolk nær sørenden av Uralfjella for 7000–10 000 år sidan. Hele artikkelen