Med valordning meiner ein lovene og forskriftene som regulerer korleis personar blir valde til dei folkevalde organa Stortinget, Sametinget, fylkestinga og kommunestyra. I Noreg blir det halde val annakvart år, vekselvis lokale og nasjonale val. Både kommunestyre- og fylkestingsval (lokalval) og stortingsval/sametingsval (nasjonale val) blir halde kvart fjerde år. Før 1940 var det lokalval og stortingsval kvart tredje år. Siste nasjonale val i Noreg var stortingsvalet i 2021, og det neste vil vere stortingsvalet i 2025. Hele artikkelen

Ny artikkel