Faktaboks

Tormod Kolbrunarskald

Þormóðr Kolbrúnarskáld

Tormod Berseson Kolbrunarskald

Fødd
997
Død
29. juli 1030
Levetidskommentar
omtrentlig fødselsår
Verke
Islandsk skald
Familie

Foreldre: Bonde Berse Halldorsson og hustru Torgerd.

Truleg ugift.

Tormod Kolbrunarskald var ein islandsk skald som døydde i slaget på Stiklestad i 1030 som kong Olavs mann.

I Soga om fosterbrørne er Tormod og fosterbroren Torgeir hovudpersonar. Det vert fortalt om Tormod i sogene om Olav den heilage, like frå Eldste saga, og han er også nemnd som skald hjå Olav den heilage i Skaldatal.

Det finst ein dråpa om Þorgeirr og en rekke enkeltvers av kvada til Tormod, men kvadet om Torbjørg Kolbrun, som tilnamnet hans kjem frå, er tapt.

Liv

Forholdet til fosterbroren Torgeir påverka Tormods liv, sidan fosterbrør hadde hemnplikt etter kvarandre. Torgeir vart dømd fredlaus for drap på Island. Han reiste til kong Olav den heilage i Noreg og vart hans hirdmann. Kongen sende han etter ei tid attende til Island for å utføre ein hemn, men Torgeir vart sjølv drepen.

Etter dette reiste Tormod til kong Olav. Eldste saga, Legendariske saga og den såkalla Tormodståtten, som er innarbeidd i Flateyjarbók, seier at Tormod først kom til kong Knud i Danmark. Desse kjeldene gjev eit noko anna bilete enn Soga om fosterbrørne av det første møtet mellom kong Olav og Tormod. Etter desse kjeldene nekta Tormod å vike plass for kongsskipet i ei hamn, drap ein av kongens menn, og hoppa opp på kongsskipet. Han vart fanga, og kongen gav ordre om å drepe han. Som svar på spørsmålet om kvifor han bar seg så vitlaust åt, svarte Tormod at han gjerne våga livet for å kome i kongens vald, og kongen gav han livet. Soga om fosterbrørne fortel berre at Tormod drog til kong Olav etter at Torgeir var død. Men alle kjeldene fortel at Tormod vart skald og hirdmann hjå kong Olav den heilage.

Etter eit opphald hjå kongen reiste Tormod til Grønland for å hemne fosterbroren. Etter tre strabasiøse vintrar på Grønland, der Tormod tok hemn over Torgeir, reiste han attende til kong Olav. Han vart med kongen til Gardariket og attende til Noreg i 1030, der han fall i slaget på Stiklestad.

Tilnamnet Kolbrunarskald fekk Tormod fordi han dikta kjærleiksviser til ei kvinne som vart kalla «Kolbrun» fordi ho hadde svarte augnebryn. Dette kvadet, Kolbrúnarvísur, er ikkje overlevert. I Soga om fosterbrørne og i ulike kongesoger er det overlevert i alt 40 skaldestrofer som er tileigna Tormod. I Soga om fosterbrørne finst det 15 strofer som har tilhøyrt ei ervedråpa over fosterbroren, Þórgeirsdrápa. Resten av strofene er lausaviser; 8 av dei fortel om slaget på Stiklestad.

Dikting

Dei overleverte skaldestrofene etter Tormod Kolbrunarskald er utgjevne i Finnur Jónssons Den norsk-islandske Skjaldedigtning (1912–1915).

Det er usikkert om alle strofene som er tillagde Tormod, er dikta av han. Den turre stilen i Þórgeirsdrápa skil seg frå den meir lyriske stilen i mange av lausavisene. Dette har fått mange til å tvile på at dei er dikta av same skald.

Det er grunn til å fatte størst mistanke til dei strofene som Tormod skal ha kvede på Stiklestad, dødeleg såra av ei pil i hjartet. Det verker òg lite sannsynleg at nokon skal ha lært seg strofene utanat midt under slaget.

Kjeldene gjev litt ulike framstillingar av korleis Tormod døyr. I Soga om fosterbrørne døyr skalden ståande, medan han kved si siste strofe, og Harald Hardråde fullførte siste verslina. I kongesogene dreg skalden sjølv ut pilen som står i hjarta. Snorre skriv at Tormod, idet han lener seg attende og døyr, seier «Vel har kongen fødd oss, feit er eg enno om hjarterøtene».

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fóstbrœðra saga (Soga om fosterbrørne), red. Björn K. Þórolfsson og Guðni Jónsson, i Íslenzk fornrit nr. 6, Reykjavík 1943
  • Den Ældste Saga om Olav den hellige, red. G. Storm, 1893
  • Olavs saga hins helga (Legendariske saga), red. O. A. Johnsen, 1922
  • HKr., red. Finnur Jónsson, København 1911
  • Flateyjarbók, bd. 2, 1862
  • Jónas Kristjánsson: Um Fóstbrœðra sögu, Reykjavík 1972

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg