Øystein Møyla var hovding for den fyrste birkebeinflokken som samla seg mot kong Magnus Erlingsson og Erling Skakke 1174. Han vart hylla som konge på Øyratinget to år etter, men vart drepen etter at flokken hans tapte mot kong Magnus i slaget på Re 1177.
I dei kjeldene som fortel om Øystein, dvs. Fagrskinna, Heimskringla og Sverres saga, vert han utlagd som son til den då avlidne kong Øystein Haraldsson. Dersom dette var tilfellet, må han ha vorte fødd ein gong før 1157. Øystein blir skildra som ein vakker mann, smal om andletet og liten av vekst – dette skal ha gjeve han tilnamnet Møyla (lita møy).
Heimskringla fortel at Øystein 1174 søkte hjelp hos den svenske jarlen Birger Brosa i Östergötland til å reise flokk mot kong Magnus. Birger var gift med Øystein si faster, Brigida Haraldsdotter, og denne tilknytinga, samt det nære bandet til den svenske kongen Knut Eriksson, kan forklare jarlen si positive innstilling til Øystein. Den rivaliserande sverkerske kongsslekta i Sverige hadde støtte frå danskekongen Valdemar, som dessutan var alliert med kong Magnus i Noreg. Eventuelle opprør mot kong Magnus kunne dermed styrke Birger sin posisjon både i den norske og den svenske eliten. Frå Birger fekk Øystein med seg både pengar og mannskap attende til Noreg, samt eit løfte om venskap. I Marker samla det seg mykje folk til flokken, og dei tok Øystein til konge.
Øystein Møyla og flokken hans heldt seg i grensetraktene mot Sverige i to år, medan dei gjorde enkelte framstøytar mot Viken. Etter kvart skorta det på pengane, og for å bøte på det dårlege klesstellet batt dei never kring leggane. Dette skal ha gjeve opphavet til utnamnet “birkebeinar” som flokken gjekk under. Sommaren 1176 fekk birkebeinane omsider tak i skip og siglde nordover forbi Bergen utan at kong Magnus og Erling jarl vart var dei. Nikolas Skjaldvorsson, som stod for forsvaret av Nidaros, var heller ikkje budd til å slå attende åtaket frå Øystein og hæren hans. Birkebeinane tok byen, og Øystein vart teken til konge på Øyratinget.
Frå dei kringliggjande områda kom det no mykje folk til dei, og hæren talde snart 2000 mann. Dei valde likevel å dra frå byen, truleg av frykt for at kong Magnus kunne kome sørfrå, og tok landevegen til Viken. Kong Magnus var no komen til Tunsberg, og dei to hærane møttest på Re nordvest for byen i januar 1177. Birkebeinane hadde størst hærstyrke, men store mengder snø skapte vanskar for dei. Øystein Møyla kom seg unna slaget i live, men vart drepen av ein bonde då han freista å be om grid.
Trass i den sentrale rolla Heimskringla har gjeve Øystein Møyla i etableringa av flokken, har historikarar generelt vurdert Øystein si rolle som beskjeden. Grunngjevinga er i hovudsak hans unge alder og barnlege framtoning. Fagrskinna, som berre kort nemner alliansen mellom Øystein og Birger Brosa, framhevar sambandet mellom birkebeinane og tidlegare opprørsflokkar. Her heiter det at unge, dugande menn som hadde mista frendar i tidlegare kampar mot kong Magnus tok Øystein Øysteinsson til hovding for flokken. Ein slik motivasjon utelukkar likevel ikkje at Øystein kan ha vore sentral i leiinga av flokken. Han var trass alt ikkje yngre enn kong Magnus, heller noko eldre.
Ei utsegn i Sverres saga peikar i same leia: Her grunngjev Sverre sin skepsis til birkebeinane nettopp med at den unge, uerfarne Øystein stod for rådgjerdene. Det er rimeleg å tenkje seg at Øystein i sterkare grad enn tidlegare unge kongsemne, som Håkon Herdebrei og Sigurd Markusfostre, har hatt innverknad på rådgjerdene flokken la opp, men også at han henta eit vesentleg grunnlag for tilslutnaden mellom medlemmer av eliten som tidlegare hadde delteke i kampar mot kong Magnus, eller etterkomarar av desse.