Åsmund Sveen var forfattar og kritikar. I mellomkrigstida var han ein av landets store nynorske lyrikarar og ein respektert kritikar i Dagbladet. Men fordi han var aktiv i Nasjonal Samling under krigen, har han etter krigen lenge vore gløymd.
Sveen voks opp i Sørskogbygda ei mils veg aust for Elverum og byrja tidleg å skrive dikt. Sjølv om opplæringsmålet på skolen var riksmål, fekk han snart auga opp for nynorsken, inspirert av lærarane Nils Kulsveen på Brattberget folkeskule og Halvor Floden på framhaldsskulen i Hernes. 16 år gammal debuterte Sveen som lyrikar i avisa Austland på Hamar, der han dei neste tre åra fekk trykt rundt 35 dikt.
Han måtte skrive dikt på nynorsk, vedgjekk Sveen 1933: Riksmålet duger nemleg ikkje til å skildre naturen. I tillegg er landsmålet mykje meir musikalsk og nyansert enn riksmålet, og det har så mange fargar! Vinteren 1928–29 gjekk han på eittårig middelskole i Oslo og blei kjend med Halldis Moren (seinare Vesaas) og målarane Kai Fjell, Johs. Rian og Torleiv Moren. Deretter drog han til Nordfjordeid på toårig latingymnas, før han etter examen artium reiste attende til Oslo hausten 1931, tok førebuande prøver og byrja studere filologi.
Sveen debuterte 1932 med diktsamlinga Andletet, med dei same tema som går att i alle diktsamlingane hans, m.a. erotikk, kjærleik, vitalitet, livsdyrking og natur, men også einsemd og isolasjon. Seinare kom òg interessa for religiøs mystikk og austerlandsk filosofi. Sveen skildrar det erotiske oppriktig og ærleg, også med innslag av homoerotikk og autoerotikk. Han er formsikker, baserer seg ofte på ordklang og rytme og vekslar mellom ulike versemål, mellom frie og bundne vers, mellom enderim og bokstavrim, strofer utan fast rytme, og med varierande lengd i både strofe og vers, jamvel i same diktet.
Andletet er Sveens mest modernistiske samling og skil seg frå hans seinare produksjon. Førebilete var m.a. Olaf Bull, Olav Aukrust og Kristofer Uppdal. Dei neste diktsamlingane, Jordelden, Eros syng og Såmannen, inneheld òg ein bolk med bygdeviser. Her er miljøet frå Hedemarken og Østerdalen, med lokalt preg når det gjeld emne, biletval, humor og dialekt. 1943 samla Sveen dei i Bygdeviser, saman med notar til 40 av dei, melodiar han sjølv hadde laga. 1970 kom boka ut på nytt i Bokklubbens Lyrikkvenner.
I tillegg til dikt, og heimstadromanen Svartjord, publiserte Sveen noveller, artiklar og petitar, m.a. i Arbeiderbladet og Norsk Tidend, og han var 1935–40 knytt til Dagbladet som teater- og litteraturkritikar.
Då krigen kom til Noreg 1940, var Sveen berre 30 år gammal, men han var alt blitt ei særmerkt kraft i norsk åndsliv, som kritikarrost lyrikar og som ein respektert kritikar i Dagbladet. I november 1940 melde han seg inn i Nasjonal Samling, sterkt fascinert av Quisling som politisk tenkjar og ideen om nasjonalsosialismen som ein nyskapande historisk idé. Under krigen hadde Sveen fleire viktige nasjonale kulturposisjonar, m.a. følgde han etter Finn Halvorsen som direktør for Statens teaterdirektorat, og ifølgje Aftenposten (1947) var Sveen ein av landets største kultursvikarar. I denne tida gav han òg ut ein stor antologi med såkalla verdifull norsk litteratur, Norsk ånd og vilje.
Etter krigen blei Sveen dømd til 4 1/2 års fengsel og sonte halve tida, som vanleg var. Men den eigentlege “straffa” blei han likevel aldri ferdig med. Livet hans etter krigen var prega av depresjon, alkoholisme og dårleg helse. Særleg var han skuffa over å møte stengde dører hos forlaga, især hos sitt faste forlag Gyldendal, når han såg at andre landssvikdømde forfattarar, som t.d. Rolf Jacobsen, vart tekne inn att etter sona straff. Til sist var det den tidlegare Grini-fangen Henrik Groth og Cappelen som forbarma seg over Sveen og tilsette han som litterær konsulent i forlaget 1959. Dei sa etter kvart også ja til å utgje hans eigne dikt, rett før hjartet hans svikta for godt i januar 1963. Same hausten kom diktsamlinga Brunnen og 1966 Tonemesteren, den einaste på bokmål. 1995 blei desse to diktbøkene gjevne ut i samla utgåve.