Trygve Knudsen

Filolog. Foreldre: Overrettssakførar Knud Peder Knudsen (1863–1937) og Henriette von Lachmann Mørck (1867–1923). Gift 10.12.1925 med Grethe Tønnessen (1.7.1899–9.12.1988), dotter til overingeniør Hans Tønnessen (1870–1948) og Rebekka Axelsen (1872–1944).

Trygve Knudsen var ein av skaparane av det store ordboksverket Norsk Riksmålsordbok og gav viktige bidrag til studiet av norsk språkhistorie og språkvitskap, med særleg vekt på bymål.

Knudsen tok examen artium ved Tønsberg høyere almenskole 1916. Deretter studerte han filologi ved universitetet i Kristiania, der han tok pedagogisk eksamen 1921 og blei cand.philol. med innstilling 1923 med faga norsk, tysk og historie. Han var universitetsstipendiat i norsk språkhistorie 1925–30 og deretter lærar ved fleire skolar i Aker og Oslo fram til 1935, da han blei lektor ved Oslo katedralskole. Samtidig forelas han ved universitetet som vikar for Didrik Arup Seip i rektortida hans (frå 1937). Lektoratet ved Oslo katedralskole hadde han til 1946, da han blei dosent i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. 1954 blei han utnemnd til professor, ei stilling han sat i til han gjekk av for aldersgrensa 1967.

Alt 1923 blei Knudsen knytt til Det norske litterære ordboksverk; frå 1925 var han saman med professor Alf Sommerfelt redaktør for Norsk Riksmålsordbok, som tok til å komme ut 1930, og som blei fullført 1957. Etter det heldt dei begge fram med å arbeide med supplementsband. Samarbeidet mellom Knudsen og Sommerfelt er unikt. Den eine var nordist, den andre allmennlingvist, og i samtida stod desse to gruppene fagfolk langt frå kvarandre fagleg, særleg teoretisk og metodisk.

Knudsen var riksmålsmann, men ingen skarpt profilert språkpolitikar som mange av fagkollegaene i samtida. Han var medlem av Riksmålsvernets rettskrivingskomité, som 1936 gav ei fråsegn om “Tilråding” frå den departementale rettskrivingskomiteen av 1934. Saman med professor Ludvig Holm-Olsen var han redaktør av tidsskriftet Maal og Minne frå 1951. Han var formann i Bymålslaget, medlem av Norsk Språknemnd 1955–58 (formann 1956–57), sat i Kommisjonen for Diplomatarium Norvegicum og i det norske presidium for mangebandsverket Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder. Frå 1957 var han styrar ved det nyoppretta Institutt for nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo. 1961 var han visiting professor ved University College i London.

Ut over ordboksarbeidet har Knudsen levert viktige bidrag til norsk språkhistorie og til beskrivinga og analysen av norsk morfologi og syntaks. Han kombinerte diakrone studiar med skarpe observasjonar i samtidsnorsken. Boka P. A. Munch og samtidens norske målstræv frå 1923 er identisk med hovudfagsavhandlinga hans. Han har elles skrive språkhistoriske artiklar i tidsskrift og festskrift, m.a. Opfatningen av bymålene gjennem det 19. århundre, Om Tønsbergs bymål, Om sproget i Oslo og Kincks forhold til sagastil og dialekter. Dei stensilerte hefta med pronomenstudiar og kasusstudiar er velkjende og har vore pensum for norskstudentar i to-tre generasjonar. 1952 gav han ut Gammelnorsk Homiliebok med ei innleiing. Knudsen skreiv òg ei rekkje bokmeldingar i tidsskrift og aviser.

Eit av dei mest interessante trekka ved forfattarskapen til Trygve Knudsen er hans interesse for bymål. På hans tid konsentrerte dialektologien seg først og fremst om bygdemål, og helst arkaiske bygdemål med så nær samanheng med gammalnorsk som muleg. Dialektane i byane blei sedde på som forvanska og mindre genuine uttrykk for folkemålet enn bygdemåla. Her representerer Trygve Knudsen eit alternativt og meir “moderne” syn enn dei fleste av dei samtidige språkforskarane.

Knudsen høyrde til den generasjonen universitetsnordistar som starta karrieren sin som lektorar i den høgare skolen. Det gav han ein ballast som lærar, og ikkje minst som folkeopplysar utanfor universitetsauditoria. Han heldt ei rad radiokåseri om norsk språk og populære foredrag av ymse slag ved sida av dei meir akademiske gjesteforelesaroppdraga han hadde ved universiteta i Bergen, Göteborg, Lund og Uppsala.

Trygve Knudsen blei medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi 1944, og han var medlem av Kungliga Gustav Adolfs Akademien i Uppsala, Kungliga Humanistiska Vetenskapssamfundet i Uppsala og Kungliga Vetenskaps- och vitterhetssamhället i Göteborg. Han blei utnemnd til æresdoktor ved Stockholms universitet 1960.

Verker

    Eit utval

  • P. A. Munch og samtidens norske målstræv, 1923
  • Om Tønsbergs bymål, i Festskrift til Amund B. Larsen, 1924
  • Opfatningen av bymålene gjennem det 19. århundre, i Maal og Minne,hf. 1/1926, s. 129–149
  • Kincks forhold til sagastil og dialekter, i A. Harbitz (red.): Hans E. Kinck. Et eftermæle, 1927
  • Om sproget i Oslo, i St. Hallvard,hf. 1/1928, s. 34–48
  • Norsk Riksmålsordbok (red. sm.m. A. Sommerfelt og H. Noreng), 4 bd., 1930–57 (opptrykk 1983–85), bd. 5 (Første tilleggsbind) 1995
  • utg. Gammelnorsk Homiliebok. Etter AM 619 qv, 1952

Kilder og litteratur

  • D. A. Seip: biografi i NBL1, bd. 7, 1936
  • Stud. 1916, 1942, 1966
  • HEH 1964
  • H. Stammerjohann (red.): Lexica Grammaticorum. Who's Who in the History of World Linguistics, Tübingen (Tyskland) 1996
  • E. Hovdhaugen m.fl. (red.): The History of Linguistics in the Nordic Countries, Helsinki 2000

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.