Tormod Haugen

Forfattar og omsetjar. Foreldre: Bankfunksjonær Aasmund Haugen (1909–84) og Borghild Grønnæss (1910–97). Ugift.

Tormod Haugen var forfattar og omsetjar. Han tilhøyrer verdseliten innan barne- og ungdomsboksjangeren, er omsett til over 20 språk og fekk ei rekkje litterære prisar.

Haugen voks opp i ei lita skogsbygd i Trysil. Etter examen artium ved Hamar katedralskole 1965 flytta han til Oslo, der han budde sidan. Her studerte han ved universitetet og blei cand.mag. 1970 med grunnfag i litteraturvitskap og mellomfag i tysk og kunsthistorie. Han jobba ved Munch-museet 1971–73, og debuterte som forfattar 1973 med Ikke som i fjor. Haugen slo igjennom med Nattfuglene (1975), som blei tildelt Kulturdepartementets pris, kom som høyrespel i NRK og fekk Deutsche Jugendbuch Preis. Fortsetjinga Joakim (1979) fortel vidare om den fantasirike og følsame guten som ser foreldra gli frå kvarandre.

I mellomtida skreiv Haugen Zeppelin (1976), filmatisert av Lasse Glomm 1981, og Synnadrøm (1977) på trysildialekt. 1980 kom Slottet det Hvite, som blei opera i Stockholm 1987 med musikk av Sven-David Sandström. Med Dagen som forsvant (1983) blei Haugen som første barnebokforfattar nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

I perioden 1984–89 utgav Haugen tre romanar for meir vaksen ungdom, som syner breidda i forfattarskapen. I den episodisk fortalde Vinterstedet (1984) lengtar den følsame 17 år gamle Andreas etter kjærleik, men angsten for den blir for sterk, og han tek sitt eige liv. To år etter kom metaromanen Romanen om Merkel Hansen og Donna Winter og den store flukten. Boka Skriket fra jungelen. En filmroman (1989) er også eksperimenterande i forma, og blir omtalt som norsk barnelitteraturs første postmodernistiske roman.

1990 blei Tormod Haugen tildelt den prestisjetunge H. C. Andersen-prisen, som annakvart år blir tildelt verdas fremste barne- og ungdomsbokforfattarar. Seinare skreiv Haugen fleire bøker, m.a. Tsarens juveler (1992), På sporet av frøken Detektiv (1993) og Luftvandreren (1999).

Haugen var ein stilsikker og kresen språkkunstnar med eit poetisk og lavmælt språk, og sterkt oppteken av den styrken og den skaparkrafta som ligg i draum og fantasi. Han var eksperimenterande og leikande i forma, og boltra seg frodig og fabulerande i overgangen mellom fantasi og røynd, mellom realisme og postmodernisme. Bøkene hans har blitt kalla moderne kunsteventyr med verkemidlar som sjangerblanding, avansert forteljarteknikk, metafiktive forfattargrep, intertekstualitet og ei fragmentarisk form.

Hovudtema i bøkene hans er gjerne det einsame og forsømte barnet som blir offer for situasjonar det ikkje er herre over. Men Haugen sette seg aldri ned for å skrive ei bok for barn. Det blei for han å distansere seg frå alt det barn og vaksne har felles som menneske, og ta avstand frå seg sjølv. Han måtte bruke si vaksne erfaring i det han skreiv. Han sette seg ned for å skrive om barn, men også om vaksne – deira kjensler, relasjonar og reaksjonar. Haugen overskreid grensene mellom barne- og vaksenbøker, som ifølgje han sjølv er eit kunstig skilje. Han vann eit stort vaksenpublikum, ikkje minst på universitet og høgskolar i heile Norden, noko som har resultert i mange hovudoppgåver og fleire vitskaplege artiklar.

Tormod Haugens bøker er omsette til over 20 språk, og han var sjølv svært aktiv som omsetjar heilt frå 1974, mest frå engelsk (t.d. John Irving og C. S. Lewis) og svensk (t.d. Maria Gripe), men også frå tysk og dansk. Han fekk m.a. Bastianprisen 1987 for P. MacLachlans En mor til sommeren. Haugen jobba også som forlagskonsulent, med både barne- og vaksenbøker, og var medlem av Norske barne- og ungdomsbokforfatteres litterære råd 1978–82.

2000 blei Haugen tildelt Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres ærespris for heile forfattarskapen. I 2005 kom samlinga Doris Day og tordenvær, åtte noveller om forfattarens oppvekst i Trysil i 1950-åra.

Verker

  • Bibliografi over norske utgivingar på forlaget Gyldendals Internett-sider

    Eit utval

  • Nattfuglene, 1975 (også som høyrespel i NRK 1976)
  • Zeppelin, 1976
  • Synnadrøm, 1977
  • Joakim, 1979
  • Slottet det Hvite, 1980
  • Dagen som forsvant, 1983
  • Vinterstedet, 1984
  • Romanen om Merkel Hansen og Donna Winter og den store flukten, 1986
  • Farlig ferd, 1988
  • Skriket fra jungelen, 1989
  • Øglene kommer, 1991
  • Tsarens juveler, 1992
  • På sporet av frøken Detektiv, 1993
  • Georg og Gloria (og Edvard), 1996
  • Hellou og guddbai (og høstens regn), 1998
  • Luftvandreren, 1999

    Videofilmar

  • Tormod Haugen (Forfattere i tiden, 25 min.), regi: Solveig Lindsäter, produsent: NRK, 1990

Kilder og litteratur

  • Eit utval kjelder på forlaget Gyldendals Internett-sider
  • O. Losløkk og B. Øygarden (red.): Tormod Haugen. En artikkelsamling, 1995
  • H. Bache-Wiig (red.): Nye veier til barneboka, 1997
  • Ø. Rottem: “Tormod Haugen – barnelitterær grenseoverskridelse. Fra (sosial)realisme til (post)modernisme”, i NLH/Beyer, bd. 8, 1998, s. 254–264

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.