Faktaboks

Torleiv Bjørgum
Torleiv Hallvardsson Bjørgum
Fødd
25. mai 1921, Valle, Aust-Agder
Død
9. februar 1990, Valle
Verke
Hardingfelespelar og sølvsmed
Familie
Foreldre: Hallvard T. Bjørgum (1894–1978) og Helga Bjørgulfsdotter Rysstad (1898–1977). Gift 1946 med Helga Gunnarsdotter Helle (Heddi) (1922–), dotter til Gunnar Andresson Helle og Ingebjørg Sigurdsdotter Helle.

Torleiv H. Bjørgum var spelemann og sølvsmed frå Valle i Setesdal. Han heldt dei gamle setesdalsslåttane levande, ikkje minst dei sermerkte «gorrlause slåttane». Han gjorde mykje til å spreia kunnskap om bygdekultur frå Setesdal, mellom anna i fleire program i radio og fjernsyn.

Torleiv Bjørgum spela både hardingfele, fele og munnharpe. Han lærde å spela av Andres K. Rysstad, Andres Hovet og andre spelmenn i dalen. Det var i hovudsak spel og slåttar etter Knut Jonsson Heddi – gangarspel i setesdalsstil – Torleiv Bjørgum dyrka, og han hadde spelt inn alle slåttane han kunne frå heimbygdene. Bjørgum hadde i seg den gamle tonaliteten med sans for tonesteg mellom heil- og halvtone; dette tedde seg i alt han spelte, men serlig i spel på låg bas (G-d-a-e) og gorrlaust felestille (F-d-a-e). Bjørgum heldt seg til den gamle spelemåten og heldt fela mot bringa. Han hadde ei bogeføring med korte, lette strøk der han delte opp einigane til dømes kvar åttandedel, men han kunne også byta på med lange strøk som batt saman fleire tonar og heile taktar – der det høvde. Dette skapte ein drivande danserytme, noko som også kom fram i den måten han trødde takten på – med å trø dobbelt.

Torleiv Bjørgum var med på mange kappleikar både i spel og kveding. Han vart A-klassespelar 1951 og vant førstepremiar i fleire landskappleiker. Spelet lærde han gjerne frå seg – og mest til sonen Hallvard T. Bjørgum. 1990 vart han tildelt Spellemannprisen saman med sonen.

Han var med i mange kulturprogram i fjernsyn, radio og andre stader. Han var god til å fortelja om det tilfanget han bar fram i spel og kveding. Han har også gjort mange innspelingar for utanlandsk radio, mellom anna dansk og svensk, og han har laga reportasjefilmar for Norsk Film og for tysk og nederlandsk fjernsyn, mellom anna Gangaren, Munnharpa, Setesdalen og Langs landevegen.

Torleiv Bjørgum var også sølvsmed og tok sveinebrev i faget 1968. Han gjorde mykje bunadsølv – serleg filigransarbeid – men og i andre stilslag. Han bygde opp Sylvartun på Hylestad i Setesdal – eit sentrum for bygdekultur frå Setesdal.

Verker

    Innspelingar

  • Faremo-slåttar (sm.m. H. T. Bjørgum), 1990–91

Kilder og litteratur

  • Biografi i CML, bd. 1, 1978
  • SNL3