Skule Bårdsson

Jarl, seinare hertug, til slutt opprørskonge. Foreldre: Lendmannen Bård Guttormsson til Rein (død 1194) og Ragnfrid Erlingsdotter, dotter til lendmannen Erling på Kvie. Gift med Ragnhild (nemnd siste gong 1247), kanhende dotter til lendmannen Nikolas Pålsson Kuvung til Giske (død 1217). Far til Margrete Skulesdotter (død 1270), svigerfar til Håkon 4 Håkonsson (1204–63) og Knut Håkonsson (død 1261); morfar til Håkon Håkonsson unge (1232–57), Magnus 6 Håkonsson (1238–80) og Kristin Håkonsdotter (1234–62).

Skule Bårdsson er ein av dei mest omstridde – og ulikt vurderte – politiske og militære leiarar i norsk mellomalderhistorie, og som ein av hovudpersonane i Henrik Ibsens Kongsemnerne har han dessutan fått ein viktig plass i norsk litteraturhistorie. Skule fekk jarlsnamn vinteren 1216/17 og vart Noregs første hertug 1237; han tok kongsnamn 1239. Han var faktisk riksstyrar i Håkon 4 Håkonssons tidlege regjeringsår. Frå 1217 til sin død hadde han full styringsmakt i ein tredel av Noreg og skattlanda, anten som samla riksdel eller som spreidde sysler på landsbasis.

Av Bǫglunga sǫgur går det fram at Skule truleg var oppfostra på Kvie i Vang i Valdres, kanskje alt frå farens død 1194 til vinteren 1204/05, da han vart send til kong Inge Bårdsson i Nidaros. Sidan var han i kongens følgje, og han er omtala under konfrontasjonar med baglane i Nidaros 1206 og i Bergen 1207. Seinare fekk han sysle i Sogn, og under bondeopprøret i Trøndelag ca. 1213 var han leiar for kongens hær. Da kong Inge omtrent samtidig vart sjuk, tok Skule opp tronfølgjespørsmålet med dei “gjævaste menn” i kongens følgje. Han nemner her rettsgrunnlaget for sitt eige kandidatur, men framhevar samtidig kong Inges uektefødde son, Guttorm Ingesson, som den fremste i arverekka. På kong Inges dødsleie vinteren 1216/17 fekk Skule jarlsnamn, og han vart no leiar for hær og hird. Kong Inge døydde 23. april 1217.

Ved det påfølgjande kongevalet hevda Skule framleis – formelt i alle fall – at Guttorm Ingesson var den fremste arvingen til å ta over etter faren. I dette ligg ein faktisk erkjenning av at dei gamle arvegangsreglane, som ikkje gav rom for prinsippet om ekte fødsel, framleis stod så sterkt at dei representerte gjeldande rettstilstand. I krinsen av gamle birkebeinar rådde same synet, men da som absolutt argument for Håkon Håkonssons kandidatur. I denne argumentasjonen representerte Inge Bårdssons kongstid ei “uekte lodning” på den monarkiske suksesjonslinja i Noreg. På hirdstemner og tingmøte vart Håkon tatt til konge våren og sommaren 1217. Lendmenn og hirdmenn svor eid til både konge og jarl, og Skule fekk ein tredel av Noreg og skattlanda som sin riksdel. Denne delen var ikkje geografisk arrondert, slik at Skule både formelt og reelt fungerte som riksjarl. I brev frå den engelske kongen 1222 er han da også titulert dux totius Norwegie. Semja vart stadfest og fornya 1218, og året etter vart Skules dotter Margrete trulova med kongen.

Fram til vinteren 1220/21 hadde kongen og jarlen felles vintersete, og Skule fungerte som regent for den umyndige Håkon. Han demonstrerte no, og elles ei tid utover i 1220-åra, betydeleg og målretta energi, både politisk og militært. Det galdt arbeidet med å forhandle fram forlik mellom baglane og birkebeinane 1218, og kampar mot nye opprørsflokkar på Austlandet fram mot midten av 1220-åra. I utanrikspolitikken var han også ei formande kraft, særleg overfor Island, England og pavestolen. På England dreiv han for øvrig både no og seinare privat aktivhandel. Arvespørsmålet vart endeleg avgjort i Håkon Håkonssons favør på riksmøte i Bergen 1223. Her fremma Skule aktivt – for første gong – sitt eige arvekrav, men altså utan å nå fram. Møtet enda med at det vart inngått ny delingsavtale mellom kongen og jarlen, garantert av erkebiskopen og biskopane. Skule fekk sin riksdel definert som den nørdre tridjungen av riket, til og med Sunnmøre. Skattlanda er ikkje nemnde, men det framgår av seinare styringsopplysningar i Hákonar saga at riksmakta også der var delt. 1225 vart Margrete Skulesdotter gift med kongen.

Ulike stridsspørsmål kom opp mellom Skule og kong Håkon frå midten av 1220-åra, og kongens ekteskap med Margrete Skulesdotter synest ikkje å ha hatt den konfliktdempande funksjonen mange hadde tenkt seg. Det er eit gjennomgåande trekk i Hákonar saga at vonde og anonyme tredjemenn får skulda når det oppstår spenningar, medan det helst går godt når dei to sit saman. I nokon monn må vi sjå dette som forfattarens kunstneriske grep i ein ytterst pikant skrivesituasjon: Soga er skriven for kong Magnus 6 Håkonsson (Lagabøte), son til kong Håkon og dotterson til Skule jarl.

Stadig nye tvistemål prega store deler av 1230-åra, og trass i energisk geistleg mekling var det vanskeleg og i røynda uråd å finne varige løysingar som begge partar såg seg tente med. Eit par gonger kom det nær til væpna konflikt. På riksmøte i Bergen 1233 fekk erkebiskopen og biskopane i stand forlik, men soga legg til: “aldri sidan vart det full tiltru mellom dei”. 1235 bestemte kongen at Skule for fredens skuld skulle ha tredelen av syslene på Opplanda og i Vika den komande vinteren. Forliket vart fornya i Bergen året etter, og dei to hadde felles vintersete der 1236–37. På Øyratinget våren 1237 fekk Skule hertugnamn, som den første i Noreg. Han hadde no ein tredel av syslene over heile landet, ei ordning som synest å ha vart resten av hans hertugtid.

Den 6. november 1239 gjekk så Skule til åpent opprør, ved å bli hylla til norsk einekonge på Øyratinget. To store slag vart utkjempa på Austlandet vinteren og våren 1240; først på Låke i Nannestad, med siger for Skules avdelingar. Det endelege slaget i Oslo like etter påske vart derimot eit definitivt nederlag for Skule, som flykta til Nidaros. Da han kom ut frå det brennande klosteret på Elgeseter, vart både han og hans næraste menn hogde ned, trass i erkebiskopens bønn om grid.

Gjennom heile sitt liv hadde Skule Bårdsson eit nært, og visseleg religiøst fundert, forhold til kyrkja, både til geistlege institusjonar og til geistlege ombodsmenn. I utgangspunktet såg kyrkja også med sympati på hans kandidatur i arvefølgja, ikkje minst fordi han var fødd i ekteskap og såleis oppfylte eit grunnleggjande kyrkjeleg tronfølgjekrav. Hákonar saga antydar fleire gonger visse former for konspirasjon mellom Skule og geistlege personar mot rikskongen og hans interesser. Det står likevel fast at rikskyrkja etter 1223 konsekvent støtta Håkon Håkonssons kongsrett og einekongedøme og bygde sin meklingspolitikk på det. Alt i 1220 vart Skule tatt i pavestolens vern, og i 1230-åra fekk paven ei garantistrolle for forlik inngått mellom konge og jarl. Ved eit par høve donerte Skule gardpartar til kyrkjelege institusjonar, bl.a. til domkapitlet i Nidaros. 1226 vart jarlen alvorleg sjuk, og ei tid syntest det å gå mot slutten. Det har vore gissa på at det var no han gav farsgarden Rein til eit nyskipa nonnekloster, bygde krosskyrkje i stein og la store godsmengder til. I mest eit tiår etter 1226 hører vi om krossferdplanar i Skule Bårdssons regi, både til det heilage landet og til Canterbury, utan at det synest å ha kome ut over planstadiet.

I norsk historieskriving har Skule Bårdsson vore svært skiftande vurdert, som person, politikar og militær leiar. Langt på veg heng dette saman med kjeldesituasjonen. Hákonar saga, den absolutte hovudkjelda til Skules livshistorie, har helst matte konturar i personteikninga, og det er eit gjennomgåande trekk at Skules livssoge er skildra relasjonelt til kongens. Dermed representerer dei to på sett og vis ein konstant sum av idépolitisk innsikt og realpolitisk handlekraft, og i seinare historieskriving har gjerne ei positiv vurdering av den eine gitt eit bilete med motsett forteikn av den andre. Denne dualiteten har åpenbart stengt for ei realistisk og rettvis vurdering av begge hovudpersonane.

Hákonar saga gir på mange vis ei sympatisk skildring av Skule Bårdsson, faktisk overraskande positiv når vi kjenner hans dramatiske eksodus: kongssvikaren som fell på sine gjerningar. Det konsekvent negative bildet av Skule Bårdsson var det P. A. Munch som skapte. Munch solidariserte seg med rikskongedømmet og skildra Håkon Håkonsson som den største og dyktigaste personlegdom på Noregs trone i mellomalderen. I dette perspektivet blir Skule Bårdssons livsgjerning – i smått og stort – redusert til eit samanhengande renkespel, med det dramatiske sluttoppgjeret som intrigens logiske mål. I Kongsemnerne (1863) bygde Henrik Ibsen på Munch, men la sine eigne, psykologiserande element inn i skildringa av Skule: den handlingslamma tvilaren, skapt til å stå kongen nær, men ikkje til å vere konge sjølv. Kongsemnerne er utan tvil det viktigaste og litterært beste historiske drama som er skrive i Noreg, og skapte – saman med P. A. Munchs skildring – det Skule-portrettet som generasjonar av nordmenn fekk prenta inn. Andreas Munchs romantiske versedrama Hertug Skule (1864) har langt på veg ei anna karakterforståing, men saknar heilt den dramatiske kraft som gjorde Ibsens Skule til folkeeige.

Oppgjeret med P. A. Munchs syn på Skule Bårdsson kom med full tyngd tidleg i 1920-åra. 1922 gav diktaren Hans E. Kinck ut den merkelege boka Storhetstid, som vekte stor oppsikt da den kom. I denne heller overflatiske kulturfilosofiske studien blir Håkon Håkonsson redusert til ein forfengeleg og affektert narr, medan Skule Bårdsson – i handlekraft og kulturbakgrunn – står fram som den overlegent dyktige og intelligente både som åndsmenneske og som politisk aktør. Hans tragedie var at han personifiserte holdningar det ikkje var rom for i “en ond og gjærende tid”. Nokre av Kincks hovudpoeng greip Halvdan Koht nesten umiddelbart, i eit sterkt personleg foredrag om Skule jarl i vitskapsakademiet i Kristiania 1923 (trykt 1924). Her stig Skule Bårdsson fram som det største politiske talentet i norsk mellomalderhistorie, eit talent han berre delvis fekk høve til å realisere. Hans politiske handlingar var prega av to hovudmotiv: forsoning og samling innanlands, freds- og vennskapspolitikk andsynes utlandet. Håkon Håkonsson mangla derimot – hos Koht som hos Kinck – alle grunnleggjande eigenskapar som karakteriserer ein stor statsmann.

Koht var, i nesten ekstrem grad, fengsla av Skule Bårdsson og hans livslagnad, og hans Skule-skildring ber meir preg av personleg følt karakterteikning enn av nøktern vitskapleg analyse. Den fekk likevel betydeleg gjennomslag i historikarmiljøet, først og fremst gjennom ei nedvurdering av Håkon Håkonssons eigenskapar og innsats som regjerande konge. Forsking kring temaet sidan 1960-åra har i større grad skilt Skule og Håkon som historiske aktørar; den eine kan vere stor utan at den andre blir redusert. På dette grunnlaget har det skjedd ei klar rehabilitering av Håkon Håkonsson og hans regime.

At Skule Bårdsson gjorde ein stor og målretta innsats i norsk politisk historie, særleg i åra etter 1217, kan det ikkje herske tvil om. Hákonar saga er i seg sjølv godt nok vitnemål om det. Han hadde format, og Koht har nok noko rett i at det til slutt var hans “eige livsverk” som vende seg mot han og knuste han. Det er tydeleg at Skule, særleg i 1230-åra, vart utmanøvrert av den ambisiøse regjeringskrinsen kring kongen, og at han hadde problem med å finne realistiske motstrategiar i slike situasjonar og i denne atmosfæren. Realpolitikarens teft og evne til å satse rett, til rett tid og på rett stad, var – gjennomgåande vurdert – neppe hans fremste politisk-strategiske eigenskap.

I vår aller nyaste historieskriving har det igjen vore fornya interesse for Skule Bårdsson og hans livsgjerning, og i ein viss forstand kan ein spore tendensar tilbake til debatten i 1920-åra. Særleg på eitt punkt har denne forskinga gitt resultat som nok vil bli ståande. Det gjeld revurderinga av Skule som militær strateg, særleg analysert gjennom felttoga 1239–40 (Knut Arstad). Skules krigføring var kjenneteikna av profesjonelle mannskap, fleksible taktiske mønster, logistisk planlegging og gjennomorganisert militærspionasje, og var i sum på høgde med militærstrategisk tenking i Europa. At han tapte det endelege oppgjeret rokkar ikkje ved denne generelle analysen.

Hákonar saga gir Skule Bårdsson dette ettermælet: Han var høg, lys i andletet og hadde vakkert, lysebrunt hår. I si framferd var han finsleg og høvisk, ordhag og talefør. Oppsummert heiter det at “han hadde flest alle dygder som pryder ein god høvding”. Og sagaforfattaren legg til at hadde ikkje det siste året kome, ville hans ettermæle vore at ingen duglegare mann var fødd i Noreg utanom kongsætta. Det heiter også at hans tragiske død gjekk hardt inn på folk.

Kilder og litteratur

  • Isl.Ann.
  • RN, bd. 1, 1989
  • Bǫglunga sǫgur, utg. av H. Magerøy, 2 bd., 1988
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger, bd. 4, 1979
  • Sturlunga saga, utg. av K. Kålund, bd. 1, 1906
  • NFH, del 3, 1857
  • H. E. Kinck: Storhetstid, 1922
  • C. Brinchmann: Norske konge-sigiller og andre fyrste-sigiller fra middelalderen, 1924
  • H. Koht: “Skule jarl”, i HT, rk. 5, bd. 5, 1924
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • N. Bjørgo: “Håkon Håkonssons ettermæle”, i SogS, bd. 74, 1968
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • B. C. Lange: “Hertug Skules gravsten”, i FMF Årbok 1973, 1974
  • O. Grønli: “Innskrifta på Skulesteinen”, i FMF Årbok 1975, 1976
  • K. Skaare: Norges mynthistorie, 2 bd., 1995
  • K. P. L. Arstad: “'...underlig forjaget og planløs...'? Strategi og feltherreegenskaper i Norge i første del av 1200-tallet”, i d.s. (red.): Krigføring i middelalderen. Strategi, ideologi og organisasjon ca. 1100–1400, Forsvarsmuseets småskrift nr. 35, 2003

Portretter m.m.

  • Delar av det som truleg har vore Skule Bårdssons gravstein, vart funne i Erkebispegardens vestfløy i Trondheim 1972; den trapesforma marmorsteinen har vore vel 200 cm lang, og det bevarte stykket har bilete av eit hovud med halvlangt hår, med krans eller krone av stiliserte roser, eit vanleg verdighetsteikn for hertugar i Europa på 1200-talet; forsøket på å tolke (O. Grønli) den delvis bevarte minuskelskrifta er usikkert
  • Skule Bårdsson er saman med Håkon Håkonsson avbilda i fargelagt initial i Flateyjarbók, 1380-åra (Stofnun Árna Magnússonar, Reykjavík), gjengitt på omslaget til Forsvarsmuseets småskrift nr. 35, 2003
  • Ein brakteattype (kvartpenning) frå 1200-talet har omskrifta rex et comes, Myntkabinettet ved UiO, (katalognr. 160 og 161 hos K. Skaare); Skaare har sannsynleggjort at kong Håkon 4 Håkonsson og hans regent, jarlen Skule Bårdsson, er myntherre, dermed er tidfestinga kongens umyndige regjeringsperiode, altså 1217–ca. 1220; katalognr. 160 har brystbilete av ein ung mann trekvart en face
  • Avtrykk av midtstykket av Skule Bårdssons dobbeltsegl er bevart i RA på brev av september 29 1225 (RN, bd. 1 nr. 529); framsida er eit riddarsegl med bortkomen skriftrand, medan kontraseglet har skjoldform med oppreist løvefigur og delvis lesbar skriftrand (plansje I:1–2 hos C. Brinchmann, sjå ovanfor, avsnittet Kjelder)

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.