Faktaboks

Sjur Helgeland
Fødd
19. august 1858, Voss, Hordaland
Død
12. april 1928, Vossestrand (no Voss)
Verke
Hardingfelespelemann
Familie
Foreldre: Lars (“Brita-Lars”) Olsson Hirt (1823–1908) og Brita Helgeland (1820–98). Ugift. Tremenning av Per Sivle (1857–1904).

Sjur Helgeland er ein av dei største spelemennene som Vestlandet har fostra. Han levde i eitt med naturen i heimemiljøet på Vossestrand, men reiste elles mykje på speleferd. Han formidla og omskapte mange slåttar i tillegg til at han komponerte fleire kjende lydarslåttar.

Helgeland, også kalla Brita-Lars-Sjur, var fødd på ein fjøslem i Myrkdalen på Vossestrand. Mora, Brita Helgeland, var fødd på garden Helgeland, og faren, spelemannen Lars Olsson Hirt, kom frå garden Hirt i Myrkdalen. Sjur lærde spel av faren frå femårsalderen og seinare av ein omreisande klassisk fiolinist, Karl August Torsteinsen, som hadde vore teatermusikar. I tillegg vart han opplært i såkalla nyspel. Det var dansar som opphavleg kom frå Mellom-Europa, slike som reinlender, vals, pols og masurka. Såleis vart han ein forvaltar av både den klassiske spelemannstradisjonen og det vi no kallar gamaldansmusikk, som på slutten av 1800-talet vart sett på som ny og radikal musikk på bygdene.

Sjur lærde også av andre kjende spelemenn i Vossadistriktet, slike som Ola Mosafinn, Lars Lofthus og Brynjulv Hefte. Alt frå konfirmasjonsalderen spelte han på dansetilstellingar og til bryllaups, og etter kvart vann han ry som ein av dei fremste spelemennene i Vossadistriktet ved sida av Ola Mosafinn.

Sjur Helgeland komponerte også fleire lydarslåttar for hardingfele, der den mest kjende er Budeiene på Vikafjell. Stykket tolkar sinnsstemningar hjå tre budeier på ein støl mellom Voss og Sogn. Den første jenta var nedtrykt fordi guten som ho var trulova med, hadde gjort det slutt. Den andre venta guten sin frå bygda og sat og skoda etter han, medan den tredje var lukkeleg og skulle gifta seg. I stykket høyrer vi korleis budeiene lokkar på kyrne, og dei rautar attende. Vinden kviskrar, gauken gjel og fuglane syng. Stykket tolkar menneskelivet: sorga, gleda og lukka.

Helgeland vann òg fleire kappleikar, mellom anna den første landskappleiken i Bergen 1896. Han sat inne med fleire hundre slåttar frå ulike kjelder og ulike tradisjonsberarar, men lika ikkje å læra dei frå seg. Slåttane var den einaste formuen hans ved sida av kleda og felene. Han var mykje på speleferd, både omkring i vestlandsbygdene, til Bergen og til Kristiania. Ein gong skulle han på speleferd til Amerika, men snudde då han kom fram til båten som låg for kai i Bergen. Kvifor? Jau, det var så mykje “rukkor” på sjøen!

Elles heldt han seg heime og budde hjå broren Brita-Lars-Ola på Helgeland i Myrkdalen. Ein gang han gjekk til andre sida av Myrkdalen og såg bort på bøen på Helgeland, skreiv han eit stykke han kalla Heimlengt. Så heimekjær var han. Helgeland var svært knytt til naturen på Vossestrand, og han både spelte og komponerte i fjellheimen.

Sjur Helgeland kjende komponisten Edvard Grieg og spelte mange ganger for han. Det er sagt at Grieg nytta Helgeland som inspirasjonskjelde til komposisjonane sine, sjølv om han ikkje skreiv av musikalske tema direkte etter Sjur.

Det finst eit stort materiale etter Sjur Helgeland i Arne Bjørndals samling ved Griegakademiet i Bergen. Her er det både nedskrive slåttar og mykje tradisjonstoff. Helgeland vart aldri gift. Han døydde 1924 etter kort tids sjukdom. Ein bauta over han vart sett opp på garden Helgeland i Myrkdalen 1958.

Verker

  • Oversikt over Helgelands slåttar med notar i O. D. Lærum: Spelemannen Sjur Helgeland, 1991

    Eit utval slåttar

  • Budeiene på Vikafjell
  • Sivlefossen
  • Jernbanemarsjen
  • Heimlengt
  • Bygdatroen
  • Vårlengting
  • Trollet i Hyrtagjelet
  • Jonsokdraum

    Innspelingar

  • Bygdatroen (etter Nils Mørkve, innspelt 1911)
  • Fonografopptak frå Voss, 1911, gjorde av William Farre, i NRK

    Ikkje-publisert materiale

  • Arne Bjørndals samling, Griegakademiet, UiB
  • privat arkiv hos O. D. Lærum

Kilder og litteratur

  • O. M. Sandvik: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • A. Bjørndal og B. Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon, 1966
  • T. Hellesnes: Gardssoge for Vossestrand (Voss bygdebok). Vinje sokn, Voss 1972
  • O. D. Lærum: Spelemannen Sjur Helgeland, 1991
  • J. Mæland: Ervesylvet. Folkemusikksoga for vossabygdene, Voss 1991

Portretter m.m.

    Kunstneriske portrett

  • Minnestein på grava, 1929; Vinje kyrkjegard, Vossestrand
  • Bauta med bronserelieff av Jacob Nævdal, 1958; Helgeland i Myrkdalen, Vossestrand

    Fotografiske portrett

  • Talrike portrett, m.a. i Billedsamlingen, UBB