Som dottersøner til Håkon 5. hadde Sigurd og broren Jon Havtoresson (ofte kalla Havtoressønene) ein ættebakgrunn som ingen andre norske stormenn. Etter faren arva dei eit omfangsrikt jordegods, som vart skift slik at Sigurd overtok farens setegard Sørum (Sudreim) og tyngda av jordegodset på Romerik. Jon fekk sin hovuddel lagd til Borgarsysla, konsentrert om storgardane Huseby i Onsøy og Borregård i Tune.
Godseigedomen auka gjennom arv, påskunda av utviklinga etter svartedauden. Dette førde to større godssamlingar over til Havtoressønene: heile eller delar av det godset riddaren Sigurd Erlendsson på Sandbu i Vågå og kona Gudrun Ivarsdotter – truleg dotter til Ivar Jonsson, farbror til Havtoressønene – døydde frå (forlik 1353), og godssamlinga til syskenbarnet Herdis Torvaldsdotter, mellom anna med eigedomar på Shetland (dom 1366). Derimot ser det ikkje ut til at dei fekk noko av arven etter Ogmund Finnsson, jamvel om herr Ogmund etter eige utsegn ikkje vedkjende seg andre arvingar enn herr Jon og herr Sigurd.
I 1342 fekk Sigurd paveleg dispensasjon til å gifte seg med jomfru Ingebjørg, dotter til Erling Vidkunnsson. Dispensasjon trongst sidan dei var slektningar i fjerde ledd. Erlings einaste son Bjarne døydde under eller like etter svartedauden, og då Erling gjekk bort i 1355, vart Sigurd og fru Ingebjørg hovudarvingar. Hovudgarden Giske hadde Erling overført til Ingebjørg året før, sonen Bjarne hadde bede han gjere det medan han låg på det siste. Med Giskegodset følgde dei nordnorske godsa som Erling Vidkunnsson etterlet seg, med dei gamle storgardane Bjarkøy, Tjøtta og Dønnes som sentra. Frå no av var Sigurd Havtoresson Noregs mest godsrike mann, og Giske vart hovudgarden i godskomplekset.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.