Peter Anker - 2

Diplomat, koloniadministrator og kunstsamlar. Foreldre: Kjøpmann og jarnverkseigar Erik Ancher (1709–85) og Anne Cathrine Tank (1723–61). Ugift. Namneendring til Anker 1778. Bror til Carsten Tank Anker (1747–1824).

Peter Anker var ein av dei nordmennene som mot slutten av unionstida med Danmark satt i viktige posisjonar i det dansk-norske styringsverket, først som diplomat og seinare som kolonistyrar i den danske kolonien Tranquebar i India.

Anker voks opp i Fredrikshald i ein borgarfamilie som bygde sin velstand på trelasthandel. Saman med den yngre broren Carsten vart han 1760 send på ei mangeårig studiereise (“grand tour”) i Europa for å få den utdanning som var vanleg for unge menn av hans stand. Etter ein lengre periode for språkopplæring i Norwich, reiste dei omkring i England og Skottland. I minneboka deira har mellom andre professor Adam Smith i Glasgow skrive. Under opphald i London hausten 1762 møtte dei også fetrane sine, Bernt, Peder, Iver og Jess Anker, som var ute på ei liknande reise. Via Frankrike og Tyskland gjekk ferda heim ved utgangen av 1765.

Etter ein periode som deltakar i familiens trelasthandel vart Peter Anker 1773 utnemnd til dansk-norsk konsul i Hull, og vart verande i Storbritannia til 1786. Hull var ein viktig hamneby og norsk trelasthandel hadde sterke interesser der, men endå viktigare var handelen på London, der Anker vart konsul frå 1777. I denne posisjonen fekk han vist store evner som diplomat, særleg til gagn for nøytral dansk-norsk skipsfart under den nordamerikanske fridomskrigen, og han vart løna både med utnemning til dansk-norsk generalkonsul i Storbritannia og med kongeleg gullmedalje “pro meritis”.

Men det var ikkje berre skipsfart og handel han var oppteken av desse åra. I tillegg dreiv han etter oppdrag frå København ein aktivitet som nærmast kunne kallast industrispionasje. Han skulle rapportera om den industrielle utviklinga som fann stad i Storbritannia, både når det galdt gruvedrift, saltkokeri, tekstilindustri og nye tekniske innretningar. Frå Generallandøconomi- og Commercekollegiet fekk han 1775 instruks om å skaffa seg nøyaktige opplysningar om drift av industritiltak og særleg korleis reiskap og maskiner fungerte, helst med teikningar og konkrete opplysningar om korleis maskinene skulle styrast. Han var ein god teiknar og sende heim mange maskinteikningar som han fekk lovord for. Slik vart han av dei aller første som gjorde dampmaskinen og andre nye innretningar kjent i Danmark og Noreg.

1778 vart Peter Anker, broren Carsten og fetrane Bernt, Peder og Jess naturaliserte som danske adelsmenn med namnet Anker. Dei hevda at slekta kunne førast attende til den svenske adelsslekta Anckar, men i ettertid har ein ikkje funne prov for dette.

Dei mangesidige evnene han hadde vist, men truleg også hans dårlege privatøkonomi, gav bakgrunn for at Peter Anker vart send til India. 1786 vart han utnemnd til oberst og generalguvernør i den danske kolonien Tranquebar (på Coromandelkysten sør for Madras), men først i mai 1788 var han på plass og då med tittel av generalmajor. I denne stillinga møtte han store utfordringar frå mange kantar. Som guvernør har han eit godt ettermæle, sjøl om ikkje alle ting gjekk knirkefritt. På grunn av vanskeleg kommunikasjon til København tok han seg til tider store fullmakter. Fleire av hans disposisjonar kan nok kritiserast, men i motsetnad til mange av dei personar han fekk med å gjera, var han ein fiende av korrupsjon og å gjera pengar på sin posisjon.

For guvernøren vart det ein vanskeleg balansegang når det skulle takast omsyn til britiske og franske interesser, til indre indiske stridar, og til konfliktar i hans eige embetskorps. Kontakten med København var viktig, og motstandarar prøvde å undergrava den tillit han hadde der. Ein periode etter 1795 syntest dei å lykkast gjennom klagemål framsette av ein vidløftig indar direkte til kronprins Frederik, som sette ned ein granskingskommisjon. Ein god støttespelar hadde Peter heile tida i broren, som var medlem av Kommersekollegiet og seinare direktør i Det asiatiske kompani. Både frå indisk og frå britisk hald i India vart det gjeve dei beste skussmål, og stemninga vart etter kvart snudd til beste for guvernøren. Etter lange prosessar vart indaren dømd ærelaus for sine skuldingar.

Peter Anker la alltid vekt på å ha eit godt forhold til britane, og han fekk ekstra store problem under konflikten mellom Danmark og Storbritannia 1801. Tranquebar vart annektert av britisk hærmakt 1801–02, men dette skjedde i rolege og ordna former. Guvernøren handterte situasjonen så godt at han jamvel kom ut med økonomisk vinst. Frå København vart han heidra med utnemning til riddar av Dannebrogordenen 1804. Då hadde han ei tid hatt sterke ønskje om å slutta som guvernør.

Økonomisk vart guvernørposten aldri den suksess han hadde vona. Tida då det kunne skapast formuar i Tranquebar, var over. Løna var 3000 riksdalar i året, men forbruket og utgiftene var så høge at han opparbeidde seg gjeld. Då han forlet Tranquebar 1806, hadde han ei gjeld til kongens kasse på 21 000 riksdalar. Den vart avvikla på ein skånsom måte, og han fekk ha løna si på 3000 riksdalar som pensjon.

Kongen ville framleis ha han i teneste, men Peter Anker kjente seg utsliten både psykisk og fysisk, og han var ikkje frisk ved avreisa frå India til Storbritannia, der han hadde eit lengre opphald. Endeleg avskil fekk han i juli 1807, og 1808 slo han seg ned på garden Øraker vest for Christiania, der han for det meste heldt seg resten av si levetid.

Ein kort periode i 1814 vart han atter dregen inn i det politiske liv. Han var no frisk og hadde samla nye krefter, og 16. februar deltok han i notabelmøtet på Eidsvoll. Etter oppmoding frå Christian Frederik drog han den 2. april til London, og tanken var at han skulle avløysa broren, slik at Carsten skulle kunna dra til fastlandet og møta viktige personar mellom dei allierte. Peter Anker var no 70 år, men tanken var å utnytta hans tidlegare britiske kontaktar. Han tok på seg oppdraget trass i at han hadde lite tru på at det kunne lykkast, og trass i at hans private haldningar knapt kunne vera i samsvar med dei prinsen og broren hadde. I si guvernørtid hadde han utvikla ein sterk uvilje mot alt revolusjonært. Men i 1814 stilte han opp, og etter eit mislykka oppdrag vende han mot slutten av året attende til eit stille liv på garden sin.

Mellom dei ting Peter Anker hadde med seg frå India, var ei større samling indiske kunstverk, mellom desse ein del gudefigurar i bronse. Det meste vart seinare kjøpt til Nationalmuseets etnografiske samlingar i København. Sjøl hadde han produsert mange teikningar, akvarellar og kart. 1878 vart 131 av desse gitt av arvingane til universitetet i Kristiania og finst nå i Etnografisk museum.

Peter Anker gifta seg ikkje, men hadde ute i Tranquebar eit nært forhold til ei britisk enkje, Mrs. Mollart, som døydde før han drog heim, truleg alt i 1791. Sjøl vart han gravlagt i Moss, nær foreldra, som hadde vore knytta til Moss jarnverk.

Verker

  • En Samling af Mythologiske Antiquer bragte fra Hindustan, København 1806

    Etterlatne papir

  • Ymse rapportar i Rigsarkivet, København

Kilder og litteratur

  • Y. Nielsen: “Generalmajor Peter Anker, Guvernør i Trankebar”, i HT, rk. 1, bd. 1, 1871, s. 273–384
  • E. Bull: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • S. Steen: 1814, 1951
  • Aa. Rasch: Dansk Ostindien 1777–1845, bd. 7 i Vore gamle tropekolonier, 2. utg., København 1966
  • O. Feldbæk og O. Justesen: Kolonierne i Asien og Afrika, supplementbind i Politikens Danmarkshistorie, København 1980
  • D. Hysing: Generalmajor Peter Anker (1744–1832). En samling indiske prospekter i Etnografisk museum,hovedoppg. i kunsthist. UiO, 1998?

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (3/4-figur) i jaktdrakt, av Sir Joshua Reynolds, u.å.; Bogstad Stiftelse, Oslo
  • Måleri (brystbilete) i generalsuniform, av ein Reynolds-elev, 1806; p.e

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.