Per Sivle

Forfattar. Foreldre: Hestehandlar og gardbrukar Eirik Hansson Sivle (1825–98) og Susanna Andersdotter Ryum (1821–59). Gift 1.8.1887 med Wenche von der Lippe Nilsen (30.12.1856–21.10.1932), dotter til seglmakar og skipsreiar Randolph Nilsen (1826–1909) og Wenche Elisabeth Mowinckel (1830–1905). Tremenning til Sjur Helgeland (1858–1924).

Per Sivle er ein av dei mest nasjonale diktarane Noreg har hatt. I dikta sine kjempar han to kampar: Han vil ha eit fritt Noreg, og han freistar å finna ut av motsetnadene i sitt eige sinn.

Han vart fødd utanfor ekteskap, og han var berre to år gamal då mor hans døydde i barselseng. Faren, ein velståande hestehandlar, var ofte på farten, slik at Per voks opp hjå ulike skyldfolk. Denne flyttinga varde ved; han budde aldri lenge på same staden, og var på mange måtar heimlaus heile livet. Faren var ein god læremeister, og Per fekk tidleg dragning mot bøker. Han kunne ha fylgt i fotspora til faren og vorte hestehandlar, men søkte meir mot opplysning og kunnskap. Som 15-åring reiste han til Sogndal for å gå på folkehøgskule. Der vart han kjend med målmannen Henrik Krohn, og etter å ha vore elev ved skulen i to år vart han verande eit halvt år hjå Krohn. Desse åra var med på å prega livet til Sivle, ideologisk sett.

1875 kom Sivle til Christiania for å studera. Planen var å verta prest, men han vart råka av ein nervesjukdom og fekk beskjed frå ein dokter om at all lesinga tok knekken på han. Han braut difor av studiane og satsa etter kvart på ei skrivande karriere. Han hadde alt hatt sitt fyrste dikt på trykk, i Vossingen 1872, og fleire dikt følgde i andre aviser. 1878 kom debutboka, En digters drøm, under pseudonymet Simon de Vita. Denne boka var på dansk-norsk, men frå den neste boka brukte Sivle landsmål, som vart språket han brukte oftast.

1885 vart det likevel meir skulegang, då han reiste til Danmark for å gå på Askov Højskole. Han var eldre enn dei andre elevane og fungerte nok ofte som ein lærar for dei, livsrøynd som han var. Seinare i livet kom han ved fleire høve attende til Askov, for å finna ro til skrivinga. På Askov møtte han Wenche Nilsen, som seinare vart kona hans. Dei gifte seg 1887 og vart verande gifte så lenge Sivle levde, men dei budde oftast kvar for seg, og det var Wenche som hadde mest med dottera Susanna å gjera.

Før og etter opphaldet i Danmark var Sivle redaktør i to ulike aviser. Han sat som redaktør i Buskeruds Amtstidende 1883–84, og nokre år seinare redigerte han Kristianiaposten i fire år, 1887–91. Det vekte oppsikt då Sivle, som fann seg best til rette blant sosialistane, takka ja til å verta redaktør i Kristianiaposten, som var eit organ for regjeringspartiet Venstre. Han fekk svært mykje kritikk for at han skreiv leiarartiklar som støtta Sverdrup, og andre aviser skreiv at han her sveik ideala sine. Det høyrer likevel med at han også prenta mange arbeidardikt i avisa. Då han søkte avskil 1891, var grunngjevinga at han ville ha betre tid til diktinga, og den neste boka hans var romanen Streik, ein av dei fyrste arbeidarromanane i norsk litteratur. Den er basert på ein arbeidskonflikt i Drammen 1881, og er like mykje eit politisk innlegg som ein kunstnarleg roman. Det var i lyrikken og i dei kortare forteljingane Sivle nådde dei største litterære høgdene. Der er han meir personleg, medan han i Streik vert meir agitatorisk.

I diktinga si var Sivle ein stridsmann. Sjølv sa han at “eg har ei visa, og den heiter Noreg”. Mange av dikta hans hentar motiv frå historia, til dømes Tord Foleson frå 1885, og han kan med rette kallast ein nasjonal kampdiktar og sogeskald. Diktinga hans i 1890-åra peikar fram mot 1905, og han brukte historiske personar som modellar for den innsatsen han meinte hans samtidige landsmenn burde gjera. Rekna i sider har han ingen stor litterær produksjon, men han ville noko med kvart einaste dikt.

Sivle skriv òg om eigne røynsler, og mange av dei finaste dikta spring ut frå kampen mot sjukdommen han vart råka av i studietida. Han skriv òg dikt der han knyter saman desse to hovudtrådane, der kampen i hans eige sinn heng saman med kampen for nasjonalt sjølvstende.

Det litterære gjennombrotet kom 1887 med Sogor. Denne boka inneheld fem forteljingar, med Berre ein Hund som den best kjende. Som så mykje anna av diktinga hans er forteljinga lagt til eit landskap som minner svært mykje om heimstaden. Historia vert fortalt gjennom ein ung gut, som vert fascinert av ein engelsk fjellklatrar og hunden hans. Klatraren misser livet i ei ulukke, og guten tek seg av hunden, heilt til far hans misser tolmodet og drep hunden. Sjølve soga er oppdikta, men kjenslelivet og livssituasjonen har klare sjølvbiografiske trekk.

Sivle hadde òg ei lystigare side, og boka Vossa-Stubba er eit godt døme på dette. Nokre av stubbane var kjende frå munnleg tradisjon på Vossestrand, men Sivle har gjeve dei nye vinklar og smør litt tjukkare på. Stubbane er skrivne på dialekt, slik at dei framleis har eit munnleg preg. Seinare gav han ut to nye bøker med stubbar, men desse er ikkje like vellukka som den fyrste.

1894 gav Sivle ut diktsamlinga Noreg, der han når høgdepunktet som nasjonal stridsdiktar. Same året skreiv han på riksmål kampdiktet Vi vil os et land i høve ei Venstre-kampanje for ållmenn røysterett; songen vart tonesett av Christian Sinding 1897 og vart mykje bruka i åra fram mot unionsoppløysinga. 1890-åra var likevel eit blanda tiår for Sivle. Han hadde ein god arbeidsbolk då han budde eitt år hjå venen Anders Hovden på Lista, og han fekk mykje skryt for foredrag han heldt rundt om i landet. Samstundes sleit han på det personlege planet. Han greidde ikkje å slå rot nokon stad, han sleit med ein nervesjukdom, og han fann trøyst i alkohol. Då faren døydde 1898, arva Sivle ein gard utanfor Drammen, men han passa svært dårleg som gardbrukar og selde garden nokre år seinare. Han sleit òg økonomisk, og sjølv om det var god hjelp i reisestipenda Stortinget hadde gjeve han fleire gonger i 1890-åra, hadde han vanskar med å greia seg.

Det Sivle skreiv etter hundreårsskiftet, viste at han hadde sett sine beste dagar som forfattar. Den siste diktsamlinga hans, Olavs-Kvæde, fekk hard medfart i pressa då ho kom ut. Kritikarane følte at han ikkje greidde å fornya seg, og at tida var i ferd med å gå frå han. Samstundes var det stor debatt om Sivle framleis burde få stipend, og 1904 var namnet hans vekke frå lista over diktarane som fekk godtgjersle frå staten. Same året tok han livet sitt, då han skaut seg på Kristiania bad i Ringsgangen 3 i Pipervika.

Verker

  • Detaljert bibliografi i B. Birkeland: Per Sivle, 1961
  • En digters drøm. Tidsaanden tilegnet (under namnet Simon de Vita), 1878
  • Digte (under namnet Peder Sivle), 1879
  • Sogor. Ein Bundel, 1887
  • Vossa-Stubba, 1887
  • Streik, 1891
  • Noreg, 1894
  • Nye Vossa-Stubbar, 1894
  • Bersøglis- og andre Viser, 1895
  • Sivle-Stubbar, 1895
  • Skaldemaal, 1896
  • Nationalt Selvmord, 1897
  • En Fyrstikke og andre Viser, 1898
  • Folk og Fæ, 1898
  • Olavs-Kvæde, 1901
  • Sivles Skrifter, 3 bd., 1909–10
  • Dikt i samling, 1978

    Offentleg tilgjengelege lyd- eller biletpresentasjonar

  • Berre ein hund (fjernsynsfilm), 1975

Kilder og litteratur

  • K. Elster: Illustrert norsk litteraturhistorie, 1934
  • B. Birkeland: Per Sivle, 1961
  • B. Birkeland (red.): Sivle frå Voss, 1974
  • K. Johansen: “Merket det stend –”, innleiing i P. Sivle: Dikt i samling, 1978
  • H. Beyer og E. Beyer: Norsk litteraturhistorie, 1978
  • W. Dahl: Norsk litteratur fra århundreskiftet til våre dager, 1984
  • A. Hovden: Per Sivle. Ei livssoge, ny utgåve med tillegg og merknader ved K.-A. Hovden, 2000
  • P. T. Andersen: Norsk litteraturhistorie, 2001

Portretter m.m.

  • Bautastein, ca. 5 meter høg, naturstein, 1909; Stalheim, avduka av Anders Hovden 20. juni 1909
  • Bautastein, ca. 7 meter høg, naturstein, 1909; på grava til Sivle på Sundhaugen kirkegård, Drammen, avduka av Sven Moren 27. juni 1909
  • Sivle-varden bygd av Helge Væringsaasen før 1936; Nordhue, høgste fjellet ved Elverum
  • Byste (bronse, på 2 meter høg sokkel) av Ottar Espeland, 1957; utanfor Voss tinghus
  • Merkesmannen (bronse) av Lars Fletre, 1953; sett opp 1984 på torget i Voss
  • Teikning av Finn Graff, 1974
  • Portrett av Kari Beichmann Hovden, 1980-åra; Stalheim hotell
  • Portrett av d.s., 1980-åra; Stalheim hotell
  • Teikning (karikatur) av Gustav Lærum, u.å

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.