Peder Kolstad

Landbruksskulelærar og politikar. Foreldre: Gardbrukar Olaus Pedersen Kolstad (1839–1911) og Anne Kristine Pettersen Lille-Borge (1851–1940). Gift 16.11.1905 med Ingrid Mathiesen (19.9.1879–1954), dotter til verkseigar Henrik Mathiesen (f. 1850) og Anne Kristine Jensen (f. 1858). Svigerfar til Eva Kolstad (1918–99).

Peder Kolstad var landbrukslærar og seinare framståande politikar i bonderørsla. 1931–32 var han statsminister i den første bondepartiregjeringa i Noreg.

Kolstad tok utdanning først ved Kalnes landbruksskole i Tune 1899, deretter ved Den høiere Landbruksskole på Ås, der han vart uteksaminert 1902. Same året vart han landbrukslærar på Bjørnetrø i Nedenes. To år seinare flytta han til Sem i Asker, der han vart lærar ved Holtsmarks landbruksskole. Året etter kom han tilbake til Kalnes landbruksskole som lærar og vart styrar for skolen 1912.

Kolstad engasjerte seg tidleg i organisasjonsarbeid for landbruket. Han hadde ei rekkje verv i samvirkeorganisasjonane og var dessutan i fleire år medlem av Tune heradsstyre og formannskap. Han var styremedlem og formann i Tune Landbruksforening, i landbruksselskapet i Østfold, i Felleskjøpet og medlem av representantskapet og varamann til styret i Selskapet for Norges Vel. Alt i 1910-åra fekk han sentrale verv i Norsk Landmandsforbund. Han spelte m.a. ei viktig rolle i utarbeidinga av kornpolitikken, og han var ein av pådrivarane bak vedtaket 1920 om å gjere forbundet til politisk parti. Han var også aktiv i debatten om omorganiseringa 1922, då Landmandsforbundet vart delt i to greiner, Bondepartiet og Norges Bondelag. Kolstad ville gå lenger og skilje dei to organisasjonane heilt frå kvarandre. I 1920-åra sat han som leiar av partiet i Østfold og var i ei årrekkje medlem av landsstyret i Bondelaget.

1921 vart Kolstad vald inn på Stortinget, og han sat som representant for Østfold til han vart statsminister 1931. I heile denne perioden hadde han vervet som gruppesekretær. Han var også heile tida medlem av finanskomiteen og vart formann der 1928. 1931 vart han odelstingspresident.

Kolstad var rekna som ein moderat politikar. Han tilhøyrde den konservative austlandsfløyen i partiet, men han var ingen markert fløypolitikar, og fram mot slutten av 1920-åra kom han meir og meir på line med den noko meir radikale vestlandsfløyen som ønskte sterkare offentlege tiltak mot vanskane i jordbruksnæringa. Han var partiets finanspolitiske talsmann, og han stod sentralt i utarbeidinga av gjeldspolitikken frå slutten av 1920-åra. Han hadde ingen formelle leiarverv i partiorganisasjonen, men av fleire grunnar vart han likevel utpeika som partiets statsministerkandidat ved regjeringskrisa våren 1931. Han hadde lang fartstid bak seg i Stortinget og hadde vist seg som ein dyktig administrator. Han hadde vore medlem i fleire departementale og parlamentariske kommisjonar, m.a. krigsforsyningskommisjonen, Stortingets krisekomité og ankenemnda for Trustkontrollen, og han hadde vore varamedlem i Noregs delegasjon til Folkeforbundet. Eigenskapane han hadde som moderat og samarbeidsinnstilt politikar, tente også til å dempe misstemningar mot den nye regjeringa. Dessutan vart det lagt vekt på dei erfaringane og kunnskapane han hadde om økonomisk politikk, eit område som nettopp stod i forgrunnen ved dei økonomiske problema som var under utvikling på denne tida.

Den korte statsministerperioden til Kolstad vart prega av ei rekkje vanskelege politiske spørsmål. Regjeringa hadde eit smalt parlamentarisk grunnlag (25 av 150 stortingsrepresentantar) og den økonomiske krisa sette ytterlegare grenser for speleromet. Som vanleg på den tid var statsminsteren også leiar av eit fagdepartement. Det var naturleg å plassere Kolstad i Finansdepartementet. Denne stillinga styrka den posisjonen han hadde som regjeringssjef, men det var også ein krevjande post. Som ortodoks finanspolitikar la Kolstad vekt på å møte økonomiske nedgangstider med å skjere ned budsjetta, og han la opp til ein hard sparepolitikk. Dette gjorde det vanskeleg å innfri forventningane som var stilte til regjeringa. Vanskane vart skjerpa då Bygdefolkets Krisehjelp vart skipa hausten 1931 og utfordra regjeringa med krav om ein radikal gjeldspolitikk.

Eit anna problem regjeringa fekk i fanget, var konfliktane i arbeidslivet. Dei toppa seg ved “Menstad-slaget”, då regjeringa sende militære styrkar for å verne “arbeidsvillige” arbeidarar. Konflikten forsterka kritikken og kampanjen mot forsvarsminister Vidkun Quisling, som elles her spelte ei passiv rolle. Kort tid etter utnemninga måtte regjeringa også ta stilling til den private norske okkupasjonen av Aust-Grønland. Kolstad sjølv likte det dårleg, men regjeringa kom likevel til å støtte okkupasjonen, både etter press frå partiet og Bondelaget og frå krinsar utanfor bonderørsla.

Regjeringa fekk gjennom fleire reformer, m.a. utviding av omsetningslova, lov om smørinnblanding i margarin og høgre kornprisar. Då Storbritannia forlet gullstandarden hausten 1931, følgde den norske regjeringa, etter råd frå Norges Bank, etter. Samstundes vart krona devaluert, noko som var til fordel for den norske eksporten. Dei mange problema og vanskelege avvegingane tærte likevel på kreftene til regjeringssjefen. I midten av januar 1932 vart han sjuk, og han døydde av blodpropp 5. mars, knapt 54 år gamal.

Kilder og litteratur

  • HEH 1930
  • W. Dietrichson: biografi i NBL1,bd. 7, 1936
  • biografi i Haffner, bd. 1, 1949
  • B. V. Gabrielsen: Menn og politikk. Senterpartiet 1920–1970,1970
  • P. O. Borge: Norges statsministre,1999
  • M.-B. O. Nielsen: Bondekamp om markedsmakt 1920–59,bd. 1 av Senterpartiets historie 1920–2000,2000

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.