Faktaboks

Paul Hartmann
Paul Ernst Wilhelm Hartmann
Fødd
12. oktober 1878, Kongsberg, Buskerud
Død
5. desember 1974, Oslo
Verke
Jurist og offentleg tenestemann
Familie
Foreldre: Stadslege Carl Christian Andreas Hartmann (1852–1915) og Marie Sophie Sylow Thorne (1851–1939). Gift 16.10.1908 med Elna Bentzen (13.6.1883–14.4.1963), dotter til stadsfysikus Gotfred Eugen Bentzen (1852–1937) og Rachel Valborg Skarsteen (1849–94).
Paul Hartmann
Paul Hartmann
Av /NTB Scanpix ※.

Paul Hartmann kom frå hovudstadens lokalpolitikk til eit kort, men viktig gjestespel på den nasjonale scenen under den andre verdskrigen. Som sendemann frå heimefrontleiinga Kretsen kom han til London 1941 og vart sitjande i regjeringa til ho søkte avskil juni 1945.

Hartmann voks opp på Kongsberg, dit farfaren hadde kome frå Danmark som apotekar 1825. Han tok examen artium i Kristiania 1896, studerte jus og vart cand.jur. 1901. Etter nokre år som sakførar- og skrivarfullmektig var han sekretær i Kyrkjedepartementet 1906–09. Deretter arbeidde han i ulike kommunale stillingar i Kristiania til han vart rådmann for løns- og personalsaker 1923. Då det for fyrste gong skulle utnemnast sysselmann på Svalbard 1925, vart Hartmann utnemnd, men han takka nei då han ikkje fekk innvilga permisjon frå rådmannsstillinga. Etter eit kort mellomspel som økonomidirektør i A/S Vinmonopolet 1926–28 var han borgarmeister (finansrådmann) i Oslo frå hausten 1928 til han søkte avskil sommaren 1941 på grunn av samarbeidsvanskar med NS-styresmaktene.

Det er framleis noko uklart kvifor nettopp Hartmann vart utvald til å representere Kretsen i regjeringa i London. Det kan ha spela inn at han var mindre prega av den til dels sterke mistillit til regjeringa som rådde i Kretsen, og at han derfor ville ha betre utsikter til å kome på talefot med London-regjeringa. Regjeringa hadde på førehand fått melding frå Kretsen om ønsket om å få ein representant frå heimefronten inn i regjeringa, og hadde gitt si tilslutning til dette. Betre kontakt og samarbeid mellom regjeringa og heimefronten var innlysande nødvendig, og Kretsen stod trass alt som den mest representative og moderate grupperinga av dei nordmenn heime eller i Stockholm som på ulike vis hadde gitt uttrykk for mistillit til London-regjeringa. Viktig var det også at Kretsen hadde sikra seg tilslutning frå arbeidarrørsla, gjennom Einar Gerhardsens deltaking i det avgjerande møtet i juni 1941.

Hartmann vart godt motteken då han kom til London 8. september. Men det første formelle møtet med ei samla regjering fall ikkje særleg heldig ut. Han framførde der eit skriftleg notat frå Kretsen, som mellom anna inneheldt eit krav om at regjeringa måtte gå av straks kongen kunne kome tilbake til eit fritt Noreg. Hartmann skriv i sine memoarar at “jeg forsto at det ikke var synderlig enighet om mitt synspunkt. Jeg ga uttrykk for dette, og sa at det var ikke min mening at det nå var nødvendig å ta noen bestemmelse om dette punkt (særlig regjeringens fratreden ved hjemkomsten)” og at han var innstilt på “lojalt samarbeide i regjeringen for de oppgaver som alle var enige om til Norges gjenreisning”.

Hartmanns personlege samarbeidsvilje la grunnlaget for ei utvikling fram mot eit gradvis betre samarbeid mellom utefront og heimefront – eit heilt avgjerande vilkår for at London-regjeringa skulle kunne vareta Noregs interesser i krigsalliansen.

Spørsmålet om regjeringas lagnad ved frigjeringa vart 1943 knytt saman med spørsmålet om stillinga til dei lokale styringsorgana. Skulle dei gamle folkevalde organa få ein midlertidig funksjon i overgangen frå krig til fred, eller skulle heimefronten oppnemne nye menn til å legge grunnlaget for ei fornying av det norske demokratiet?

Striden toppa seg då Kretsen sommaren 1943 nekta å la dei gamle kommunestyra kome saman for å velje kven som skulle stå for styringa inntil nye val kunne haldast. Hartmann tok avstand frå den harde lina og medverka til at striden vart løyst gjennom eit kompromiss som stort sett utsette konfliktspørsmåla til frigjeringa stod for døra. Han tok også klar avstand frå krav frå Kretsen om at ei heimefront-regjering skulle ta leiinga i frigjeringsfasen inntil det kunne skipast ei ny regjering: “Så lenge den nåværende regjering sitter, må det være den som har den virkelige myndigheten […] inntil landet er helt gjenerobret og Kongen har kunnet danne en ny regjering.” Det høyrer med til historia at overgangen frå krig til fred i Noreg i all hovudsak kom til å gå føre seg etter opplegget til regjeringa.

Som finansminister i London-regjeringa kom Hartmann til å spele ei aktiv og konstruktiv rolle i utforminga av ordningar for å tryggje økonomisk og finansiell stabilitet under avviklinga av okkupasjonsstyret. Han var ein av dei første statsrådane som kom tilbake til Noreg, som medlem av den regjeringsdelegasjonen som kom til landet 12. og 13. mai 1945 og som straks overtok den sivile makta frå Hjemmefrontens Ledelse. Han tok avskil saman med resten av regjeringa Nygaardsvold 23. juni 1945 og gjekk attende til stillinga som finansrådmann fram til han nådde pensjonsalderen 1948.

Hartmann var formann i styret for A/S Vinmonopolet 1945–53 og medlem av granskingskommisjonen om Nasjonalhjelpen 1948. Han vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden 1948, og han var kommandør av Dannebrogordenen, den svenske Nordstjärneorden og den franske Æreslegionen. 1955 utgav han sine memoarar og dagboksnotatar frå krigstida, Bak fronten. Hans openhjarta avsløringar av indre stridar på utefronten og kritikk av namngitte personar vakte stor oppsikt, og avfødde bitre kommentarar frå regjeringskollegaer og andre, trass i forfattarens forsikring i forordet om at “jeg ikke har ment å såre noen”.

Verker

  • Red. Beretning om Oslo kommune for årene 1912–1947, 1948
  • Den norske regjerings virksomhet fra 9 april 1940 til 22 juni 1945, bd. 3 Finansdepartementet, 1948
  • Bak fronten. Fra Oslo og London 1939–1945, 1955

Kilder og litteratur

  • Stud. 1896, 1921, 1946
  • HEH 1973
  • T. Lie: Med England i ildlinjen, 1956
  • d.s.: Hjemover, 1958
  • R. Kluge: Norge og den annen verdenskrig. Hjemmefrontledelsen tar form. Kretsen dannes sommeren 1941, 1970
  • O. K. Grimnes: Hjemmefrontens Ledelse, 1977
  • J. Nygaardsvold: Norge i krig. London 1940–1945, 1983
  • E. Opsahl (red.): Arne Ordings dagbøker, 2000