Orm Ivarsson Kongsbror

Hovding. Foreldre: Ivar Sneis og Ingerid Ragnvaldsdotter (ca. 1105–1170). Trulova 1160 (men kanskje aldri gift) med Ragna Nikolasdotter (sjå NBL1, bd. 11), dotter til Nikolas Måse og enke etter kong Øystein 2 Haraldsson (død 1157). Halvbror til kong Inge 1 Haraldsson Krokrygg (ca. 1135–1161) og Nikolas Arnesson (ca. 1150–1225).

Orm Ivarsson var ein av dei mest sentrale aktørane i den politiske maktkampen i Noreg i andre halvdel av 1100-talet. Han var ein viktig alliert for sin halvbror kong Inge Haraldsson, og etter Erling Skakkes død var han kong Magnus Erlingssons fremste støttespelar. Store deler av sitt vaksne liv tilbrakte han som hærførar til lands eller vanns, før han miste livet i slag mot kong Sverre i Norefjorden 1184 saman med Magnus.

Orm var son til Ingerid Ragnvaldsdotter, enka etter kong Harald Gille, og Ivar Sneis. Når forholdet mellom Ingerid og Ivar fann stad veit vi ikkje, men rimelegvis skjedde det mellom kong Haralds død 1136 og ekteskapet hennar med Ottar Birting i byrjinga av 1140-åra. P. A. Munch har plassert Ingerids forhold til Ivar etter Ottars død ca. 1146, men det er altfor seint. I byrjinga av 1160-åra var Orm nemleg vaksen nok til å vere hærførar for kong Inge. Kven Ivar Sneis var, veit vi heller ikkje så mykje om, men det er grunn til å tru han kom frå Oppland. Sverres saga opplyser nemleg at Orm hadde frendestyrken sin i Oppland. Orm fekk dessutan ein son som gjekk under namnet Ivar Steig – eit namn som også er å finne i Oppland.

Fyrste gongen vi møter Orm i sagalitteraturen, er i februar 1161. Håkon Herdebrei, kong Inges motstandar, var ventande til Oslo, der Inge oppheldt seg. Orm var også der. Han skulle etter planen gifte seg med Ragna Nikolasdotter, enka etter kong Øystein Haraldsson, nokre dagar seinare. Før slaget mot Håkon på isen utanfor Oslo vart Inge oppmoda om å la halvbroren Orm vere hovding for hæren. Men kongen ville sjølv leie sine menn i strid. I slaget som fulgte, miste Inge livet, medan Orm utmerka seg som ein dugande hærførar. Til slutt måtte han likevel flykte, og han reiste til Sverige, der halvbroren Magnus Henriksson hadde drepe kong Erik og sjølv gjorde krav på trona. Bryllaupet med Ragna vart det ikkje noko av i denne omgangen, men det er mogeleg at det vart halde på eit seinare tidspunkt.

Det er nærliggjande å tenkje seg Orm som ein kandidat ved valet av ny konge etter Inge 1161. Ifølgje Heimskringla vart Ingerid sine søner med Arne nemnde, saman med fleire andre kongsslektningar. Orm høyrer vi derimot ingenting om. Det er mogeleg at kravet om legitimitet har spela inn her; det hevdar m.a. den britiske historikaren G. M. Gathorne-Hardy.

Opphaldet i Sverige vart ikkje langvarig. Allereie året etter er Orm å finne mellom Erling Skakkes og kong Magnus' hærførarar, og utover i 1160- og 1170-åra ser det ut som om han meir eller mindre hadde hovudansvaret for forsvaret av Viken. Han var også sentral i konflikten mellom Erling og kong Valdemar av Danmark i slutten av 1160-åra. Ifølgje den danske historieskrivaren Saxo allierte Erling Skakke seg i løynd med Valdemars motstandar Buris, nok ein halvbror av Orm (frå moras ekteskap med Henrik Skadelår), og Orm var med Erling til det avtalte møtet med Buris. Men Valdemar fekk nyss i planane deira, og tok livet av Buris (sjå Kristin Knutsdatter).

Mot slutten av 1170-åra hadde Orm det travelt med å forsvare Viken og dei indre austlandsområda mot Sverre Sigurdsson og birkebeinane. Han kjempa ved kong Magnus' side i Bergen 1181, der han med nød og neppe berga livet ved å rømme over fjellet, og 1184 ved Fimreite i Norefjorden i Sogn. Både Orm og kong Magnus fall i dette slaget, og dessutan Ivar, son til Orm. Liket av Orm vart seinare ført til Oslo, der han vart gravlagd i Hallvardskyrkja.

Ifølgje Snorre var Orm ein vakker mann og ein stor hovding. Sverres saga gjev dessutan inntrykk av at Orm var mann med militær kløkt – ein eigenskap som kong Magnus ikkje alltid visste å verdsette.

Kilder og litteratur

  • Morkinskinna, utg. ved Finnur Jónsson, København 1902–03
  • Fagrskinna, utg. ved Finnur Jónsson, København 1932
  • HKr., omsett av F. Hødnebø og H. Magerøy, Noregs kongesoger, bd. 2, 1979
  • Sverres saga: Det Arnamagnæanske Hanndskrift AM81a Fol. (Skálholtsbók yngsta), utg. ved A. Kjær og L. Holm-Olsen, 1910, og oms. av F. Hødnebø og H. Magerøy, Noregs kongesoger, bd. 3, 1979
  • Saxo Grammaticus: Danmarks Krønike, oms. av F. Winkel Horn, København 1994
  • NFH, bd. 6, 1943
  • A. W. Brøgger: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • G. M. Gathorne-Hardy: A royal impostor. King Sverre of Norway, 1956

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.