Olav Skard

Hagebruksekspert. Foreldre: Folkehøgskulestyrar, seinare skuledirektør Matias Skard (1846–1927) og Marie Bø (1849–83). Gift 25.2.1908 med Wally Bjerregaard (12.3.1879–1.5.1966), dotter til distriktslege Thoralf Nicolai Bjerregaard (1841–1929) og Ida Sophie Greiner (1851–1929). Brorson til Johannes Skar (1837–1914); systerson til Per (1830–78); halvbror til Torfinn Skard (1891–1970), Bjarne Skard (1896–1961), Eiliv Skard (1898–1978) og Sigmund Skard (1903–95); svoger til Åse Gruda Skard (1905–85).

Olav Skard hadde ei lang karriere i Selskapet Havedyrkningens Venner (no Det norske hageselskap) før han vart professor ved Norges Landbrukshøgskole (NLH) på Ås 1934.

Skard voks opp i Gausdal og Levanger som den nest eldste i ein stor barneflokk med halvsysken. Han var eit førebilete for dei yngre syskena, og faren skal ein gong ha skrive til Olav: «Du skal ha takk for at du har hjulpet meg med å gjøre guttene voksne.»

Olav Skard tok eksamen innan hagebruk ved NLH 1904. Før det hadde han lærlingpraksis og hadde gått hagebruksskulen på Hylla i Nord-Trøndelag. Vinteren 1906–07 var han elev ved Askov folkehøiskole i Danmark. Deretter var han knytt til ulike hagebruksskular, som lærar ved Berby i Idd 1904–07, styrar på Revo i Sande i Vestfold 1908–10 og Reistad i Lier 1911–18. I tillegg var han 1913–15 lærar ved småbrukslærarskulen på Sem i Asker.

Skard vart etter kvart ein respektert fagmann innan frukt- og bærdyrking, som han var særleg interessert i. Utan å ha spesielle vitskaplege kvalifikasjonar vart han 1934 professor i fruktdyrking ved NLH, ei stilling han hadde til han fall for aldersgrensa 1951, men han underviste fram til 1956.

Skard var sekretær i Selskapet Havedyrkningens Venner 1919–34. Dette var ei leiarstilling som omfatta administrative oppgåver, men òg eit stort fagfelt. Han var redaktør for publikasjonane til selskapet, og han skreiv sjølv mykje, både artiklar og bøker. Den populærvitskaplege Havebok for barn og ungdom kom i ei rekkje utgåver; det same gjorde Frukthagen. Seinare utgav han Norsk fruktdyrking og to bind Norsk pomologi (saman med forsøksleiarane Per Stedje og Erling Kvaale).

Olav Skard var organisasjonsmann. Han hadde svært mange tillitsverv, frå skulestyre og menighetsråd til næringsnemnd, men mest innan faget. Han var m.a. formann i Lier hagebruksforening 1913–21, og 1921 vart han vald inn i styret for Selskapet Havedyrkningens Venner. I sekretærtida der var han dessutan formann i Norsk skolehageforbund, Norsk kolonihageforbund og Gartnernes og hagebrukernes salgslag. 1935 kom han med i styret for Det norske hageselskap og var formann der 1938–54. I Den norske landbruksveka var han medlem av representantskapet 1939–54 og formann i styret 1945–50. Skard var æresmedlem av m.a. Det norske hageselskap og Sveriges pomologiska förening, og han blei utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden 1948.

Verker

  • Havebok for barn og ungdom, 1914 (10. utg. 1978)
  • Hagebruk for heim og skule. II. Frukthagen, 1934 (4. utg. 1949)
  • Norsk pomologi. I. Epler (sm.m. P. Stedje), 1939 (3. opplag 1947)
  • Norsk fruktdyrking. Rettleiing på grunnlag av innen- og utenlandske forsøk, undersøkelser og røynsle, 1941 (3. utg. 1946)
  • Høsting, sortering og pakking av frukt og bær, 1949 (5. utg. 1961)
  • Norsk pomologi. II. Pærer (sm.m. E. Kvaale), 1958
  • Det norske hageselskap (Havedyrkningens Venner) 1884–1959, 1959
  • Hagebruket i Lier gjennom tidene, red. av B. Foss, (posthumt) 1984

    Etterlatne papir

  • Ein del papir etter Olav Skard finst i broren Torfinn Skards samling i Spesialsamlingane ved NLH

Kilder og litteratur

  • O. Klokk: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • HEH 1964
  • E. Strømme m.fl. (red.): Hagebruk og hagekunst i 100 år, Ås 1987
  • O. Aspesæter: Det norske hageselskaps historie 1884–1984, 1984

Portretter m.m.

  • Måleri (knestykkje) av Jean Heiberg, 1946; p.e
  • Måleri (halvfigur) av Jardar Lunde, 1957; NLH, Ås

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.