Olav Bø

Folkeminnegranskar. Foreldre: Gardbrukar Jørund Telleivson Bø (1869–1947) og Siri Olavsdotter Dale (1887–1971). Gift 16.12.1950 med adjunkt Inger Mathilde Hylleraas (8.8.1927–), dotter til professor Egil Hylleraas (1898–1965) og Magda Christiansen (1900–87).

Olav Bø var folkeminnegranskar og på mange vis den som gav folkeminnevitskapen eit ansikt. Med bøker og foredrag nådde han også eit stort utanomfagleg publikum.

Olav Bø var født og voks opp på garden Bø i Bygland. Han var heile livet sterkt knytt både til Setesdalen og farsgarden. Etter at han hadde teke examen artium på Hornnes gymnas 1938, gjekk han på befalskolen i Kristiansand og vart uteksaminert 1940. Under krigen tok han lærarskolen og var lærar eit år i Mandal. Han var med i Milorg, og den siste krigsvinteren sat han i tysk fangenskap på Grini. 1946 vart han tatt opp på Krigsskolen, men valde i staden å studere filologi. Ved sida av studiene var han likevel krinssjef i Heimevernet med kapteins grad fram til 1950 og mobiliseringsoppsett befal til han gjekk av for aldersgrensa.

Bø tok hovudfag i norsk våren 1950 med ei hovudoppgåve om folkeminnesamlaren Johannes Skar. Gjennom arbeidet med oppgåva fekk han kontakt med Norsk folkeminnesamling og professor Knut Liestøl. 1955 tok han doktorgraden på avhandlinga Heilag Olav i norsk folketradisjon. 1956 vart folkeminnevitskap eit universitetsfag med eige institutt, og folkeminnesamlinga flytta frå Universitetsbiblioteket til det nye instituttet på Blindern. Bø vart tilsett som førstearkivar; 1970 vart han dosent, og da Svale Solheim døydde 1974, overtok han professoratet.

Olav Bø var breitt orientert og har skrive om svært mange emne innan faget. Heilt sidan Moltke Moe og Knut Liestøls dagar hadde faget hatt ei klår kulturpolitisk målsetting, og Bø førte denne tradisjonen vidare. I mesteparten av det han skreiv, ser vi viljen til å styrke nasjonalkulturen og vere med på å skape ein nasjonal identitet. Vi ser målsettinga også i val av materiale. Den norske folkekulturen var det sentrale, berre sjeldan brukte han parallellar frå utanlandsk stoff. Han skreiv også alltid med eit perspektiv innanfrå. Det norske tradisjonsmaterialet vart aldri eksotisk for han. Sjølv når han skreiv om folkemedisin og overnaturlege vetter, ville han helst sjå rasjonelle grunnar bak, i staden for magisk tankegang. Observasjonar og røynsler ligg til grunn også for vettetrua, men fantasien fyller ut. Sjølv sa han ofte at erfaringa som gjetargut i barndommen hadde gjeve han eit syn på det gamle bondesamfunnet som han alltid bar med seg. Bø hadde sin styrke i den breie deskriptive dokumentasjonen.

1983 fekk Bø NAVFs pris for populærvitenskapelig innsats. Men i forfattarskapen hans er det ikkje noko skarpt skilje mellom det faglege og det populærvitskaplege. Hovudverka hans er også dei bøkene som er vorte mest populære. Vår norske jul (1970), Norsk skitradisjon (1966) og Norske årshøgtider (1980) er alle bøker som har nådd langt ut over fagmiljøet. Det same gjeld dei store samleutgåvene han var medredaktør for, Norsk folkedikting (2. og 3. utgåva) og Norsk eventyrbibliotek. Forelesingane hans om balladar og eventyr var populære langt utanfor fagkrinsen. Han var også ein hyppig gjest i radio og fjernsyn, og svarte sjeldan nei til spørsmål om å halde foredrag i foreiningar og lag. Slik gav han folkeminnevitskapen eit ansikt og rekrutterte stadig nye studentar til faget. Likevel var han ingen fagleg nybrottsmann, og utover i 1970-åra vart han stadig kritisert for å framstille tradisjonsmaterialet idealisert og lausrive frå si kontekst.

Han hadde mange tillitsverv i faglege og kulturelle organisasjonar; han var formann i Landsnemnda for bunadspørsmål, Landslaget for bygde- og byhistorie, organisasjonskomiteen for minneoppgåva for eldre og Norsk etnologisk gransking; dessutan hadde han mange styreverv, bl.a. i Det norske Samlaget og i Norsk Folkeminnelag. 1988 vart han utnemnt til riddar av første klasse av St. Olavs Orden.

Like før Olav Bø gjekk av som pensjonist, hadde han eit hjarteinfarkt, men det hindra han ikkje i å halde fram med å produsere manuskript og foredrag. Da han brått døydde ti år seinare, hadde han nettopp levert frå seg manuskriptet til si siste bok (om skiløparen Johan Grøttumsbråten), og han hadde framleis avtaler for lang tid framover.

Verker

  • Bibliografi fram til 1978 i Tradisjon og samfunn (sjå nedanfor, Kjelder og litteratur), s. 319–323

    Eit utval

  • Johannes Skar. Gudbrandsdølen som skapte “Gamalt or Sætesdal”, 1953
  • Heilag-Olav i norsk folketradisjon, dr.avh., 1955
  • Stev. Med ei innleiing og merknader av Olav Bø, Norsk folkedikting, bd. 5, 1957
  • medred. Norsk folkedikting, 2. utg. (sm.m. S. Solheim), 7 bd., 1960–71, 3. utg., 7 bd., 1977
  • Norsk skitradisjon, 1966
  • medred. Norsk eventyrbibliotek (sm.m. B. Alver og R. Kvideland), 12 bd., 1967–81
  • Vår norske jul, 1970
  • Folkemedisin og lærd medisin. Norsk medisinsk kvardag på 1800-talet, 1972
  • Utsyn over norsk folkedikting, 1972
  • Folkediktinga, i NLH/Beyer, bd. 2, 1974, s. 431–541
  • Årshøgtidene i norsk tradisjon, 1980
  • Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru, 1987
  • Folketradisjon og kulturarv, 1988
  • På ski gjennom historia, 1992
  • Johan Grøttumsbråten. Skikonge og motstandsmann, 1999

Kilder og litteratur

  • I. H. Bø: Olav Bø Curriculum vitæ, manuskript i Norsk Visearkiv
  • K. Bondevik: “Til Olav Bø på 60-årsdagen”, i Tradisjon og samfunn. Festskrift til professor Olav Bø på 60-årsdagen 19. mai 1978, 1978
  • V. Espeland: “Olav Bø som folklorist”, i Norveg nr. 2/1998, s. 3–9

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.