Olav 4 Håkonsson

Konge. Foreldre: Norsk og svensk konge Håkon 6 Magnusson (1340–80) og dronning Margrete Valdemarsdatter (1353–1412). Ugift.

Med Olav 4 Håkonsson døydde den norske kongeætta ut, og hans kongstid markerer innleiinga til den norsk-danske unionen, som først vart oppløyst 1814. I si korte levetid innordna Olav seg heilt under den mektige mor si.

Inntil 1957 vart Olav Håkonsson rekna som den femte i rekkja av norske kongar med namnet Olav. Då den nye kong Olav skulle ta over, vart kongerekkja justert, og den tidlegare Olav 4 (barnekongen Olav Magnusson, 1098–1115) vart skoten ut.

Det var to kandidatar til den danske trona då Valdemar Atterdag døydde 1375: junker Olav og fetteren hans, hertug Albrecht 4 av Mecklenburg. Albrecht var son til Valdemars eldste dotter Ingeborg og brorson til svenskekongen med same namn. Albrecht stod i utgangspunktet sterkast; han kunne vise til at morfaren hadde peika han ut som sin etterfølgjar, og den tyske keisaren støtta hans kandidatur. I det politiske spelet som følgde, engasjerte Margrete seg sterkt, og ho viste seg som den sterkaste. Ho fekk dei danske stormennene på si side og oppnådde at dei tyske sjøbyane, som hadde sikra seg vetorett ved danske kongeval, heldt seg nøytrale; avgjerande for at dei gjorde det, var at kong Håkon kunne tilby dei fornying av privilegia i Noreg. 3. mai 1376 valde riksmøtet i Slagelse Olav til dansk konge, og han gav si handfesting til riksrådet med faren og mora som garantistar. I dei følgjande åra var det Margrete som førde styret i namnet til den umyndige sonen sin.

Fire år etter at han vart vald til dansk konge, kunne den 10 år gamle guten feste ein ny ærefull tittel til namnet sitt: 1380 døydde faren, og Olav vart då automatisk norsk konge. For Margrete var det viktig at kongeskiftet skjedde i samsvar med lov og tradisjon. Det vart etablert eit formyndarstyre, og riddaren Ogmund Finnsson vart utpeika til norsk drottsete. Olsokdagen 1381 vart Olav hylla på Øyratinget, og på vegner av kongen lova då drottseten og fleire riksrådar under eid at allmugen i heile Noreg skulle få nyte gamal rett.

Fram til Olav vart myndig 1384/85, var det drottseten og riksrådet som førde styret i Noreg. Det var ei roleg tid innanlands. I namnet til kongen vart privilegiebrev stadfeste og landsvistbrev utskrivne, og tre større rettarbøter innskjerpa tidlegare påbod om plikt for islandsfararar til å betale toll, om fjordkjøp og om rettar og plikter til arbeidsfolk i byane og på landsbygda. I tilhøvet til hanseatane var det eit par viktige saksområde som måtte avgjerast: Dei norske privilegia måtte fornyast etter kong Håkons død, og dei skånske slotta, som sjøbyane hadde hatt i pant sidan 1370, måtte vinnast tilbake. Det var spørsmål som galdt både Danmark og Noreg, og 1381 gav det norske riksrådet dronning Margrete fullmakt til å forhandle med hanseatane til Olav vart myndig. Forhandlingane om slotta vart først avslutta 1385, og det var Margrete som førde dei til endes, med sonen som den anonyme bisitjaren.

I eit av dei første breva sine som myndig tok Olav tittelen rett arving til Sveriges rike, og med mora som den drivande utnytta han dei sterke motsetningane i Sverige etter at riksdrotsen Bo Jonsson Grip døydde 1386. Sist i juli 1387 var mor og son saman i Ystad i Skåne, og her vart Margrete verande, medan Olav drog vidare til Falsterbo slott. Brått og uventa døydde han her. Tilhøva rundt dødsfallet gav opphav til rykte, dels om at dronninga stod bak, dels om at Olav ikkje var død. 1402 dukka ein falsk Olav opp i den tyske Ordensstaten. Dronning Margrete fekk mannen utlevert, han tilstod falskneriet og vart offentleg brend.

Gravsteinen som vart reist over kong Olav i Sorø klosterkyrkje, har innhogge den norske løva og har følgjande innskrift (på latin): “Her kviler Olav, son til dronning Margrete, som avla han saman med Noregs konge Håkon.” Det er Margrete som her er hovudpersonen, og innskrifta illustrerer godt den anonyme og underordna stillinga Olav hadde i si korte levetid.

Kilder og litteratur

  • DN, bd. 1–18
  • RN, bd. 7
  • Dipl. Dan., rk. 2–4, 1938 ff.
  • Isl.Ann.
  • NGL, bd. 3, 1849
  • NFH, 2. hovedavd., del 2, 1863
  • H. Koht: biografi (“Olav 5 Håkonsson”) i NBL1, bd. 10, 1949
  • J. Olrik: “Oluf II”, i DBL3, bd. 11, 1982
  • H. Bjørkvik: Folketap og sammenbrudd 1350–1520, bd. 4 i ANH, 1996
  • E. Albrectsen: Fællesskabet bliver til 1380–1536, bd. 1 av Danmark-Norge 1380–1814, 1997
  • E. Haug: Margrete. Den siste dronning i Sverreætten, 2000

Portretter m.m.

    Kunstnarlege framstillingar (eit utval)

  • Fantasiportrett på tapet av H. Knieper, 1581–84; Kronborg slott, Danmark
  • Måleri (same type) i Nationalmuseet, København, og på Gripsholm slott, Sverige
  • Fleire stikk, teikningar og måleri frå 1600-talet og seinare i Det Kgl. Bibliotek, København, på Gripsholm slott og på Fredensborg slott, Danmark
  • Sjå oversyn i DBL3, bd. 11, 1982, s. 50

    Segl

  • Majestetssegl med kongen på trone og med Danmarks og Noregs våpenskjold på høgre og venstre side; Arnamagnæansk samling, Det Kgl. Bibliotek, København; bilete i C. Brinchmann: Norske Konge-Sigiller og andre Fyrste-Sigiller fra Middelalderen, 1924, s. 26, pl. XVIII

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.