Faktaboks

Oddvin Reisæter
Fødd
9. mars 1913, Ullensvang, Hordaland
Død
2. september 1983, Ås, Akershus
Verke
Dendrolog
Familie
Foreldre: Banksjef Knut Oddmundsson Reisæter (1874–1954) og Guro Jensdotter Årsand (1879–1971). Gift 15.9.1944 i Voss med Anna Hjeltnes (5.4.1920–), dotter til fylkesgartnar Arne Hjeltnes (1889–1955) og Magnhild Skarstein (1890–1928).

Oddvin Reisæter var lærar ved Norges landbrukshøgskole i meir enn 30 år og gjorde eit banebrytande arbeid for kunnskap om tre og buskar (dendrologi) i Noreg. Heile livet var han oppteken av nynorsk og arbeidde for å utvikla det som eit tenleg språk i vitskapleg bruk.

Etter gartnarutdaning med eksamen frå Hjeltnes hagebruksskule 1934 vart Reisæter oppteken som student ved Norges Landbrukshøgskole, linja for hagekunst 1935. Han vart cand.hort. 1938. Han praktiserte i hagearkitektfirma og anleggsgartneri i Oslo, Berlin og Stockholm og var lærar ei tid ved Hjeltnes hagebruksskule før han 1940 vart assistent hos professor Olav Leif Moen ved NLH. Året etter vart han høgskulestipendiat og tok fatt på studiet av utbreiing og vinterskade hos tre og buskar i Noreg, eit emne det var lite kunnskap om. I sumarsesongane tre år framover fór han på sykkel over det meste av landet for å gjera undersøkjingar, heilt nord til Tromsø. Dette var innleiinga til eit forskararbeid som langt på veg vart livsverket til Reisæter. “Eg vart godt kjend med stigning og fall på vegane,” sa han seinare om dette.

Reisæter vart utnemnd i eit nyoppretta embete som dosent i dendrologi og planteskuledrift ved NLH 1947. Dette vart omgjort til professorat 26 år seinare. Ved sida av eit omfattande arbeid som han la ned i undervising for studentane, med ein auke frå om lag 100 timar i starten til 500 timar i 1975, låg hovudinteressa hans i dendrologisk utviklingsarbeid. Han heldt fram med professor Moens arbeid for å byggja opp systematiske plantesamlingar i parken ved NLH og var aktivt med i utviklinga av Det norske arboret på Milde og andre arboret i landet. Med grunnlag i forsøksverksemda som han bygde ut i Planteskulen ved NLH, sette han i gang ei storstilt utprøving av lignosar (vedaktige planteslag) på om lag 300 prøvestader over heile landet frå Agder i sør til Finnmark i nord. Dessutan la han stor vekt på å undersøkja kor store og gamle ulike treslag er på veksestader rundt om i landet. Alt dette gav honom framifrå kjennskap til geografiske tilhøve og busetnad Noreg rundt. Reisæter fekk i stand eit årsskrift for Norsk planteskulelag 1954 og var sjølv redaktør for 27 band opp gjennom åra. Han verka aktivt i Planteskulelaget m.a. på årsmøte, utferder og planteskulekongressar og vart heidra som æresmedlem av laget.

Som den systematikar han var, bygde Reisæter opp eit unikt fotoarkiv med over 90 000 kartotekførte bilete om dendrologi og planteskuledrift. Han var norsk styrerepresentant 1962–81 i nomenklaturkomiteen (Commission for Horticultural Nomenclature and Registration) i International Society for Horticultural Science. I Det internasjonale dendrologselskapet IDS var Reisæter med frå skipinga 1952. Han deltok i 19 dendrologiske ekskursjonar i dei fleste europeiske land og i alle øvrige verdsdelar, sist gjekk ferda til Japan og Kina.

Reisæter var høgt verdsett av kollegar og studentar. Han var ei drivkraft ved byggjinga av studentidrettsanlegget Storebrand kring 1950 og var æresmedlem av Studentsamfunnet i Ås og NLHs idrettslag. Som person var han lågmælt og til dels noko atterhalden, men hans mange vener kjende honom som ein venesæl kar med eit oppkome av lun humor. Lyrikaren Olav H. Hauge kjende Reisæter frå barndomen av og skreiv eit minnedikt etter at han døydde under ei utferd med planteskulelaget i Hardanger ein septemberdag 1983.

Verker

  • Fullstendig bibliografi i Årsskrift for planteskoledrift og dendrologi, 1985

    Eit utval

  • Norske plantenavn (sm.m. A. Thorsrud), 1948
  • Dendrologi for hagebruksstudentane i 2. årsklasse ved Noregs landbrukshøgskule i Ås. 1967–1968, Vollebekk, 1968
  • Ikkje-parasittære skadar, 1981
  • red. Hjeltnes 1901–1981. Festskrift til hagebruksskulen på Hjeltnes (sm.m. B. Ljones), Voss 1981
  • Fotoarkiv med ca. 90 000 bilder ved NLH

Kilder og litteratur

  • Landbruksakademikere 1922–74, 1981
  • “Avskilsfest for Oddvin Reisæter 4.9.1981”, i Årsskrift for planteskoledrift og dendrologi, 1985, s. 6–14
  • M. Sandved: “Oddvin Reisæter og Institutt for dendrologi og planteskoledrift ved NLH”, sst., s. 15–17
  • E. Strømme, M. Bruun og D. Tveito (red.): Hagebruk og hagekunst i 100 år, Ås–NLH 1987

Portretter m.m.

  • Fotografisk portrett av Magnhild Reisæter, ca. 1980; Institutt for plantefag, NLH