Faktaboks

Oddvar Torsheim
Fødd
2. november 1938, Bergen
Verke
Målar og grafikar
Familie
Foreldre: Skulemeister og klokkar Herman Johan Torsheim (1906–93) og lærar Jenny Pauline Høvik (1902–2002). Gift 1972 med lærar Magnhild Arstein (9.8.1947–), dotter til bonde Halvdan Arstein (1909–78) og Alvhild Reiakvam (1910–82), ekteskapet oppløyst 1978.
Oddvar Torsheim
Oddvar Torsheim
Av /NTB Scanpix ※.

Oddvar Torsheim er noko så uvanleg som ein popkunstnar frå Vestlandet. Opp gjennom åra har han i bilete, tekst og musikk mana fram ein skare innfule, tvetydige vesen: blånasa vestlendingar i klemme mellom spritflaska og kyrkjespiret, sexfikserte teologar, skumle englar, triste hundar med knute på midten og frodige nettingstrømpedamer. Han har måla glansbiletelandskap med symmetriske fjelltoppar og perfekte speglingar, i knallande glade primærfargar. Men ser ein nærare etter, rommar idyllane oftast ein ubehageleg dobbeltbotn.

Torsheim budde dei første barneåra på Rovde i Sunnmøre, men flytta som niåring til Naustdal i Sunnfjord. Faren var klokkar og skulemeistar, mora var aktiv i misjonsforeininga, og på Atløy hadde Oddvar ei handfull religiøst ekstatiske tanter, som han seier var “konstant forundra og forarga over alt som kunne skje i denne verda”. For Torsheim var imidlertid den religiøse oppdraginga ikkje ei kjelde til ekstase, men snarare til redsle. Alt i ungdommen var han sterkt plaga av angst. Utdanninga si fekk han frå Kunsthåndverkskolen i Bergen og Akademiet for Skønne Kunster i København. For ein ung klokkarson frå landsbygda var møtet med 1960-åras København kraftig kost. Især hugsar han dei frigjorte, danske kvinnene: “Eg trudde eg berre skulle halde i handa. Men så var det heilt andre ting dei damene ville halde i!”

Torsheim fekk sterke kunstnariske impulsar i Danmark, der han for første gang fekk sjå ei utstilling med amerikansk popkunst. Sidan brukte han sjølv popkunstens krasse fargar og teikneserieliknande biletspråk til å skildre den norske kvardagen. For mange kunstnarar i hans generasjon vart det viktig å setje politiske spørsmål på dagsordenen. Bileta hans frå denne tida kan lesast som ein protest mot eit urettferdig og materialistisk samfunn, der forbrukar- og mediekulturen tvingar sårbare menneske inn i forkvakla, irrasjonelle handlemønster og tenkemåtar.

Etter at Torsheim flytta heim til Sunnfjord og Førde 1970, sette dei politiske brytningane i tida eit sterkt preg på kunsten hans. EU-debatt, kvinnekamp, ureining, kapitalisme og kald krigs-paranoia var nokre tema han tok føre seg dei neste par tiåra. Sjølv om Torsheim klart plasserer seg på den politiske venstresida, nedlet han seg aldri til simpel propagandering for eit synspunkt. Ingen går fri ironien og humoren hans. I teikningar frå 1970-åra med spydige undertekstar kryr det av mjuke menn og andre einfaldige, venstrevridde sjeler – ofte berande på plakatar med slagord som “NATO ut av noko!”.

Medan Torsheim i 1970- og 1980-åra var oppteken av å skildre dei store samfunnsdebattane, fokuserte han i 1990-åra meir på intimsfæra med enkeltmenneskets trivielle bekymringar over appelsinhud, restskatt og andre moderne luksusproblem. Han rettar blikket mot ei sneversynt, sjølvsentrert tid der folk trur meir på ginseng enn på revolusjon. Angsten og historia om den tapte idyll går stadig igjen i bileta til Torsheim. Anten det dreier seg om kjærleik, kyrkje eller fjordlandskap, er det alltid ein liten demon til stades som forstyrrar ei elles perfekt overflate. Kjøp ikkje hytte på landet, for djevelen er også der er tittelen på eitt av hans ironiske idyllmåleri frå tidleg i karrieren.

Då Torsheim først kom til Førde, hadde mange tungt for å svelgje skildringa av religiøs dobbeltmoral og harselasen med det vestnorske. Men i dag har kunstnaren for lengst blitt allemannseige og vestnorsk ikon. Sidan 1990-åra er han nesten like kjend for musikken sin som for biletkunsten, etter han gav ut to særeigne platar inspirerte av Beatles og Bob Dylan.

I bilete, musikk og tekst har Oddvar Torsheim avslørt menneskeleg dårskap, men aldri utan kjærleik. Ein av hans fremste prestasjonar har vore å få folk til å le av seg sjølve.

Verker

    Publikasjonar

  • Svarte kvitingar i 80-åra, Bergen 1987
  • “Syner i syttiåra”, Førde 1980
  • Susanna frå Sunnfjord. Torsheim-tonar og palett-provokasjonar, utval og innleiing ved H. Flor, Bergen 1991

    Illustrasjonar

  • Vendepunkt. 14 noveller for ungdom, 1979
  • Ingvar Moe: Frå oppvaskkummen, 1983
  • Cindy Haug: Her der, helt nær, 1983

    Innspillingar

  • Nynorskens skog, CD 1992
  • Tur-retur Blues, CD 2000

    Utsmykkingar

  • Fylkessjukehuset i Ålesund, 1972
  • Kaupanger barne- og ungdomsskule, 1976
  • Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, Førde, 1983
  • Firda vidaregåande skule, Sandane, 1990

Kilder og litteratur

  • H. Flor: Susanna frå Sunnfjord, 1991 (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • K. Sele: Tvisynt tvilar. Eit portrett av Oddvar Torsheim, Leikanger 2001

Portretter m.m.

  • Skulptur (granitt) av Stig Eikaas, 2003; Førde