Odd Kjeld Starheim

Radiotelegrafist og motstandsmann. Foreldre: Skipper Kjetil (Kittel) Søyland Starheim (1891–1933) og Petra Amalie Leonardsen (1895–1985). Ugift.

Odd Kjeld Starheim er mest kjend for den dristige kapringa av kystruteskipet Galtesund og for saman med Gunvald Tomstad å ha bygt opp den hemmelege etterretningsorganisasjonen Cheese på Agder og i Sør-Rogaland, med radiosendarar som kommuniserte med Storbritannia. Ein reknar med at han vart drepen av tysk bombefly då han kapra kystruteskipet Tromøsund og prøvde å føre det over til Skottland.

Starheim voks opp på Lista, og som den eldste i barneflokken var han til god hjelp for mora då faren døydde av eit hjartetilfelle om bord på S/S Dea. I april 1940 var Starheim med på den audmjukande kapitulasjonen i Setesdal, då offiserane gav ordre om full kapitulasjon. Han var sterkt imot den ettergivande holdninga overfor fienden og kom seg over til Storbritannia, der han vart med i Special Operations Executive (SOE), ein britisk organisasjon som organiserte militær motstand i okkuperte land. Kompani Linge vart lagt inn under SOE og stod for ein del raid mot tyskarane i Noreg. Mest kjent er Måløy-raidet i desember 1941, der kaptein Martin Linge fall.

15. mars 1942 kapra Starheim og ein handfull menn kystruteskipet Galtesund vest for Flekkefjord og førte det trygt til alliert hamn i Aberdeen dagen etter. Einar Skinnarland var og med på kapringa og kunne gi London viktig informasjon om den tyske produksjonen av tungtvatn på Rjukan.

Dei første krigsåra var det fleire mindre raid på norskekysten. Dei skulle dels styrke kampmoralen hos nordmennene, dels binde store tyske troppestyrkar til landet. Kapringa av Galtesund gjekk inn i denne strategien med “nålestikk” i første fasen av krigen.

Starheim var løytnant i Kompani Linge og kunne gått inn i funksjonen som planleggjar av operasjonar etter Linge, men han ville ut i aktiv teneste. Han planla å kapre ein heil konvoi med skip på norskekysten, nærare bestemt ved Abelsnes ved Flekkefjord. Medan skipa låg i ro om natta, skulle dei under hans leiing kaprast og førast til britisk hamn. Han fekk godkjenning i War Office og hos Forsvarets Overkommando for operasjonen, som fekk kodenamnet Carhampton.

Tidleg på nyåret 1943 sette den ombygde kvalbåten Bodø i land 41 mann, 30 frå Kompani Linge og 11 frå den norske marinen. På tilbaketuren gjekk båten på ei mine og utanom to miste alle om bord livet. Sjølve operasjonen Carhampton vart heilt mislykka. Soldatane trekte seg tilbake til Indre Agder, der tyskarane jakta på dei med store styrkar.

28. februar kapra Starheim saman med ei gruppe Carhampton-karar kystruteskipet Tromøsund i Regefjord ved Sokndal i Rogaland, men tyskarane sende bombefly dagen etter og senka skipet. Alle omkom. Ein rest på 19 mann som var igjen på land, kom seg seinare over Nordsjøen i kutteren Ann Elizabeth.

Etter dette tragiske raidet innsåg ein at slike operasjonar var for hasardiøse, og dei tok etter kvart slutt. Sjefen for den norske delen av SOE, oberst John Skinner Wilson, var såleis kritisk til mangelen på eksakt rekognosering før Carhampton-operasjonen, og fleire med han meinte at suksessen med Galtesund hadde skapt eit inntrykk av at slike operasjonar kunne gå relativt lett.

I ettertid er det og stilt spørsmål ved kva som eigentleg hende med Starheim. Det som står fast, er at Starheim var villig til å ofre livet for å få frigjort fedrelandet frå nazi-åket. Som oberst Wilson skreiv i eit brev til ordførar og folk i Farsund hausten 1945: “Han var min venn. Jeg sørget ved hans bortgang, men jeg var glad over å vite at Norge har sønner som ham, som våger å sette alle fysiske og åndelige krefter inn for landets frihet og velstand.”

Etter ein ikkje heilt stadfesta tradisjon vart Starheim funnen drivande i sjøen utanfor Sverige og gravlagd der påskeaftan 1943. Liket vart seinare kremert og gravlagt på nytt i Farsund med full militær honnør i 1945. Starheim vart tildelt Krigskorset med sverd, Olavsmedaljen med eikegrein, Krigsmedaljen, Krigsdeltakarmedaljen med rosett, Haakon VIIs 70-årsmedalje og Distinguished Service Order. I Dronning Maud Land i Antarktis er eit 1200 m høgt fjell kalla Starheimtind. På kaia i Regefjord er det ei minneplate over dei som gjekk ned med Tromøsund.

Kilder og litteratur

  • E. O. Hauge: Mannen som stjal Galtesund, 1955
  • P. Hansson: Det største spillet, 1965
  • NKrL, 1995
  • M. Haugland: I natt gjelder det!, 2001
  • A. Moland: I hemmelig tjeneste, 2001
  • M. Haugland: Operasjon Carhampton, foredrag i NRK P2 9.1.2003 (utdrag på Internett: www.nrk.no/programmer/radio/p2_akademiet/2431082.html)

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.