Faktaboks

Nikolaus Gjelsvik
Nikolaus Mathias Gjelsvik
Fødd
11. april 1866, Vevring (no Askvoll), Sogn og Fjordane
Død
14. november 1938, Oslo
Verke
Jurist og målreisar
Familie
Foreldre: Bonde Øystein Eirik Olavsson Gjelsvik (1824–80) og Malene Andreasdotter Selvik (1833–80). Gift 21.3.1900 i Kristiania med Eugenie Karoline Ursula Marie Kallhardt (9.9.1874–1950), dotter til professor Friedrich Kallhardt og Marie Wilhelmine Ursula Ruprecht. Farbror til Agvald Gjelsvik (1907–76).
Nikolaus Gjelsvik
Nikolaus Gjelsvik
Av /NTB Scanpix ※.

Nikolaus Gjelsvik var den første bondefødde universitetslæraren i jus her i landet og grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. Han var ei drivkraft i arbeidet for målsak, folkeopplysning og nasjonalt sjølvstende.

Gjelsvik var fødd på garden Gjelsvik i Sunnfjord. Han tok embetseksamen med rein laud 1893. Han studerte vidare i Heidelberg og Berlin. I konkurransen om eit professorat ved universitetet i Kristiania vart han ståande etter Fredrik Stang, men Stortinget løyvde midlar til ei dosentstilling for Gjelsvik frå 1897. Frå 1906 til 1936 var han professor i rettsvitskap. Han fekk doktorgraden på det eine arbeidet frå professorkonkurransen, Den norske Privatrets Lære om Vildfarelsens Indflydelse paa Retshandlers Gyldighed.

Innleiding i rettsstudiet (1912) må reknast som den viktigaste boka hans. Det er ei innføringsbok som har vore omtala som eineståande for si tid, og desse linene frå føreordet kunne like gjerne ha vore skrivne i dag: “Men kunnskapsmengdi er ikkje alt, ikkje ein gong det vigtigaste. Det som studenten fyrst og fremst maa leggja seg um, det er den juridiske maaten aa tenkja paa. Han maa temja upp den juridiske tenkjeevna. Kva slutningar kann ein draga av det eller det utgangspunktet? Kva fyremaal hev den eller den rettsregelen? Kva rekkevidd maa rettsregelen ha, um han skal naa fyremaalet sitt. Kva er grunnen til, at reglarne er so og ikkje annleis? Kva samanheng er det millom dei ymse rettsreglarne?”

Gjennom heile boka held Gjelsvik fram at ein skal finne dei rimelege løysingane: “Kva som er den mest rimelege løysing er ei skynssak, som maa avgjerast etter god takt i samhøve med dei krav, livet set.” Ordlaga om takt og det livet krev, går att både i denne boka og i mykje av det han elles skreiv. Dei to neste bøkene, Lærebok i folkerett og Lærebok i millomfolkeleg privatrett måtte han òg skrive utan mønster i den norske faglitteraturen. I desse bøkene, som begge var byrjinga på verk som vart ståande ufullførte, viste Gjelsvik brei internasjonal og historisk orientering, og han sette fram sjølvstendige synspunkt som var godt grunngjevne.

Norsk tingsret vart gjeven ut som førelesingsreferat, tre utgåver i alt. Det som står om fast eigedoms rettsforhold, kan framleis lesast med utbyte, medan tida i større grad har gått frå synspunkta på omsetningsproblema.

Det er i arbeidet med nynorsk rettsmål Gjelsvik har sett dei djupaste fara etter seg. Landsmålet og det vanlege bokspråket var jamstilte riksspråk frå 1885, og skulle denne jamstillinga bli reell, måtte landsmålet (seinare nynorsken) takast i bruk også i juridiske samanhengar. Gjelsvik framheva at det ikkje berre var eit spørsmål om stavemåte og ordformer, men at ein måtte kome bort frå det han kalla det latinske eller tysk-romanske stilgrunnlaget. Seiemåten måtte bli lettare og meir folkeleg: “Det er difor tankane,som maa setjast um fraa eit maal til eit anna, ikkje ordi. I omsetjingar av lovtekstar og i eigne skrifter gjennomførte Gjelsvik dette programmet på ein måte som det står stor respekt av både mellom juristar og språkfolk. Synet sitt på språk la Gjelsvik fram i mange artiklar, i Juridisk ordliste, som òg har ei innleiing om den juridiske stilen, og i skriftet Von og veg, som han skreiv på i kapplaup med den siste sjukdommen.

Gjelsvik var aktivt med i lagsliv og i ordskifte i aviser og tidsskrift. Nokre år var han formann i Det Norske Samlaget, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag samtidig. Det har ingen gjort han etter. Denne tida var han òg mest produktiv fagleg. Så var han då òg observert medan han stod og las korrektur under ein paraply på Stortorget og venta på trikken.

Kanskje sleit han seg ut. Han trekte seg ut av lagsarbeidet frå 1919, og etter hausten 1920 hadde ikkje Gjelsvik fleire førelesingar på universitetet, mest på grunn av helsa. Men han skreiv framleis artiklar, reviderte lærebøker og arbeidde med rettsmålet. Han engasjerte seg òg sterkt i Grønlandssaka.

1929 vart Gjelsvik æresdoktor ved universitetet i Leipzig. Seinhausten 1938 døydde han av ein kreftsjukdom.

Verker

  • Bibliografi i K. Haukaas: “Lista yver professor Gjelsviks skrifter”, i Professor Nikolaus Gjelsvik 1866–1938. Minneskrift frå Norsk Måldyrkingslag,1968, s. 40–63
  • Den norske Privatrets Lære om Vildfarelsens Indflydelse paa Retshandlers Gyldighed, dr.avh., 1897
  • Innleiding i rettsstudiet, 1912 (5. utg. ved N. P. Langvand og S. Thune, 1968)
  • Die norwegisch–schwedische Union, ihr Bestehen und ihre Lösung, sm.m. A. Aall, Breslau 1912
  • Lærebok i folkerett, 1915
  • Lærebok i millomfolkeleg privatrett, 1918 (2. utg. 1936)
  • Norsk tingsret, 1919 (førelesingsreferat; 3. utg. ved E. Solem, 1936)
  • Norsk personrett, 1923 (førelesingsreferat; 2. utg. ved P. Augdahl, 1934)
  • Juridisk ordliste, 1929
  • Lover i utval på nynorsk, 1936
  • Von og Veg, 1938

Kilder og litteratur

  • Stud. 1887,1912 og 1937
  • K. Robberstad m.fl. i SogS1926, s. 189–204
  • R. Knoph: biografi i NBL1,bd. 4, 1929
  • HEH,1938 og 1948
  • F. Schjelderup i TfR1939, s. 121–126
  • L. Amundsen: Universitetet i Oslo 1911–1961,bd. 1, 1961, s. 72–75
  • K. Robberstad i Professor Nikolaus Gjelsvik 1866–1938. Minneskrift frå Norsk Måldyrkingslag,1968, s. 10–23
  • O. Midttun: Mål og menn. Utgreiingar og livsskildringar,1968, s. 171–182