Margrethe Munthe

Lærar og forfattar. Foreldre: Distriktslege Christopher Pavels Munthe (1816–84) og Christine Margrethe Pavels Aabel (1827–87). Ugift. Systerdotter til Gerhard Munthe (1795–1876); syster til Hartvig Andreas Munthe (1845–1905; sjå NBL1, bd. 9), Gerhard Munthe (1849–1929) og Carl Oscar Munthe (1861–1952; sjå NBL1, bd. 9); tante (fars syster) til Wilhelm Munthe (1883–1965); kusine til Hauk Aabel (1869–1961).

Margrethe Munthe er av ettertida sett som den fremste eksponenten for den moraliserande dikttradisjonen for barn. Som barnesongar er dikta hennar blitt allemannseige.

Munthe voks opp på doktorgarden Alfheim i Elverum. Som ung jente vart ho send til Christiania, der ho tok middelskoleeksamen ved Nissens Pigeskole 1879. Så reiste ho heim og arbeidde som guvernante for dei tre yngste syskena sine eit års tid. Deretter dreiv ho ein privatskole i Langesund før ho tok lærarinneeksamen av høgare grad i Kristiania 1883. Munthe vart tilsett som lærarinne ved Bolteløkken folkeskole 1887 og underviste her og seinare ved Vaterland skole fram til 1920, då ho gjekk av med pensjon. Etter den tid var ho fleire år busett i Italia. 1900 hadde ho stipend for å studere teikneundervisning for barn i Storbritannia.

Arbeidet i barneskolen danna grunnlaget for Margrethe Munthes forfattarverksemd. Song og leik var hennar spesialfag og store interesse, og det ho skreiv, nytta ho også i undervisninga. 1905 gav ho ut si første samling av songar for barn, Kom skal vi synge. Seinare kom to nye samlingar med same tittel, 2. samling 1907 og 3. samling 1918. Songane vart populære, og bøkene kom i stadig nye opplag. 1946 kom ei samla utgåve, illustrert av Olav Engebrigtsen; denne samlinga kom i sitt 22. opplag 2002.

Det karakteristiske for Margrethe Munthes barnedikt er at dei tar sitt utgangspunkt i barns liv her og nå, i leiken, i skolen, i heimen, saman med andre barn og saman med foreldre og andre vaksne. Det er dikt om barn i kvardagslege, gjenkjennelege situasjonar, forma som små forteljingar eller som små sceniske opptrinn. Ofte har dei ein innebygd moral som viser korleis ein bør oppføre seg. Enkelte dikt kan vere direkte moraliserande, som dei velkjende Bare se, men ikke røre, Nei, nei gutt og Sladrehank skal selv ha bank. Ein annan teknikk er å nytte eit barnleg eg i teksten og la barnet sjølv uttrykke moralen, som i Jeg skriker ikke jeg og Da klokken klang. Men samlingane inneheld også muntre dikt, der innhaldet er rein gledesytring som i Hurra, det sner! og Akevise. Nokre dikt knyter seg til regletradisjonen, eller har emne som er henta frå folkeleg forteljetradisjon, t.d. Geiterams ('Aa, jeg vet en seter') og Nissens julekveld. Felles for alle dikta er at dei er skrivne til kjende melodiar og er lette å syngje. Melodiane varierer frå salmar til stevtonar, alt etter innhaldet i visene. Bruken av folkelege melodiar gjer sitt til å dempe det moraliserande preget og er ein viktig grunn til at mange av songane enno lever.

Munthe skreiv innafor eit tradisjonelt formspråk der ho nytta faste, regelrette strofemønster. Ein føresetnad var at dikta skulle kunne syngjast. Gjennom den populariteten som dikta oppnådde og den posisjonen ho dermed fekk, kom ho også til å påverke seinare diktskriving for barn. Det utvikla seg ein sterk norsk tradisjon for å formidle god moral innafor eit fast formspråk. Men Margrethe Munthe var også nyskapande på den måten at ho skreiv om levande barn i eit gjenkjenneleg miljø. Både barn og situasjonar er tatt på kornet, og dei beste dikta gir slik uttrykk for ekte kjensler og opplevingar.

Munthe skreiv også dikt og songar for julehefte, og ho gav ut eit par mindre samlingar med songar og songleikar, Saa leker vi litt og Nu synger vi om dyrene vore. Ho gav også ut fire barnekomediar. Aase fiskerpike er eit skodespel i tre akter, skrive i versform og med 14 innlagde songar. Stykket vart i første omgang refusert av teateret, men kom i staden ut som bok 1912, vakkert illustrert av Andreas Bloch. Askepot og Den nysgjerrige kone er enklare stykke; Askepot vart oppført som opningsforestilling ved Inga Bjørnsons barneteater 1922. Då dei to stykka kom ut 1917, var boka illustrert av Margrethe Munthes 15 år gamle slektning Per Aabel.

Verker

  • Kom, skal vi synge. Barnesanger for hjem og skole, 1905
  • Kom, skal vi synge, 2. samling, 1907
  • Saa leker vi litt. Sang- og gymnastikleker, 1911
  • Aase fiskerpike. Eventyrkomedie med sange til norske folkemelodier (ill. av A. Bloch), 1912
  • Nu synger vi om dyrene vore, 1916 (3. opplag 1948)
  • Askepot og Den nysgjerrige kone. Barnekomedier (ill. av P. Aabel), 1917
  • Kom, skal vi synge, 3. samling, 1918
  • Prinsessen og det halve rike. Barnekomedie, 1923
  • Kom skal vi synge, samleutg. (ill. av O. Engebrigtsen), 1946 (22. opplag 2002)

Kilder og litteratur

  • With, 1920
  • HEH 1930
  • Ø. Anker: biografi i NBL1, bd. 9, 1940
  • S. Hagemann: Barnelitteratur i Norge 1914–1970, 1974
  • S. Munthe: Familien Munthe i Norge, 1994
  • T. Birkeland, G. Risa og K. B. Vold: Norsk barnelitteraturhistorie, 1997

Portretter m.m.

  • Måleri (heilfigur) av Christopher Munthe, 1917; p.e

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.