Margrete Valdemarsdatter

Norsk, dansk og svensk dronning. Foreldre: Kong Valdemar 4 Atterdag av Danmark (ca. 1320–1375) og dronning Helvig (død ca. 1374). Gift 9.4.1363 med kong Håkon 6 Magnusson (1340–80). Mor til Olav 4 Håkonsson (1370–87); grandtante (mormors syster) til Erik av Pommern (ca. 1382–1459); mormors moster til Christoffer av Bayern (1418–48).

Ved giftarmålet mellom Valdemar Atterdags dotter Margrete og Håkon 6 Magnusson vart grunnlaget lagt for den dansk-norske unionen, som vart innleia 1380 og først oppløyst 1814. I sin politikk viste Margrete klokskap og måtehald, men også vilje til makt, og ho oppnådde å bli godteken som “mektig frue og rett husbond” i alle tre nordiske rika. Målet hennar var å knyte rika saman i ein fast union, og det målet tapte ho aldri av syne. Då Erik av Pommern vart krona til felleskonge i Kalmar 1397, vart også krona sett på livsverket til Margrete.

Margrete var berre barnet då ho 1363 stod brud. Etter eit par år i Danmark vart ho send til oppfostring hjå fru Märta Ulfsdotter, dotter til den heilage Birgitta, og vart fostra opp saman med fru Märtas dotter Ingegerd, seinare abbedisse i Vadstena kloster. Ei svensk krønike skriv at dei hadde kjærleg omgang med kvarandre, og at dei ofte fekk smake det same riset av den strenge fostermora.

Truleg som 15-åring flytte Margrete saman med ektemannen, og desember 1370 fødde ho sonen Olav. Margrete budde då på Akershus, og eit par månader før fødselen skreiv ho til ektemannen, som oppheldt seg i Båhuslen, og klaga over at ho og tenarane lei stor naud. Historikaren Eldbjørg Haug har sett dette i samanheng med at det var pest i Oslo dette året, men meir sannsynleg er det at brevet avspeglar den generelle situasjonen i tiåra etter Svartedauden, med knappe tilførsler til slottet og eit distribusjonsapparat som ikkje fungerte.

Eit pavebrev frå 1375 tyder på at Margrete alt på dette tidspunktet hadde politisk innsikt og klåre ambisjonar. Paven greip inn for å skaffe ein geistleg eit kanonikat ved Roskilde domkyrkje og opplyser at det skjedde etter bøn frå kong Håkon og dronning Margrete. Det er liten tvil om at det var Margrete som her stod bak. Frå faren hadde ho lært kor viktig det var å ha direkte kontakt med pavestolen, og seinare skulle ho med stor suksess utnytte den pavelege provisjonsretten til å få plassert pålitelege medarbeidarar på bispestolane. At ho ikkje var ei novise på den politiske arenaen, viste ho til fullnads då faren døydde seinare på året 1375.

Det var to aktuelle kandidatar til den danske trona: junker Olav og Albrecht av Mecklenburg, son til Margretes eldre syster Ingeborg (han var brorson til svenskekongen med same namn). Albrecht kunne vise til at Valdemar 1371 hadde peika han ut som sin etterfølgjar, og den tyske keisaren gav sin stønad til hans kandidatur. For å få Olav godteken satsa Margrete på to frontar: Ho sikra seg hjelp frå dei leiande krinsane i Danmark – kyrkja og stormennene med drosten Henning Podebusk i spissen – og ho innleia forhandlingar med hansaen. Dei tyske sjøbyane hadde eit fast grep om Danmark etter den knusande sigeren 1370 (freden i Stralsund) og hadde sikra seg vetorett ved komande kongeval. På riksmøtet i Slagelse 1376 vart Olav vald til dansk konge. Sidan han var rett arving til Noreg, opna det for ein framtidig union mellom dei to landa; frå faren arva han kravet på den svenske trona. Sjøbyane heldt seg nøytrale, og avgjerande for at dei gjorde det, var at kong Håkon kunne tilby ei fornying av privilegia i Noreg.

Alt no, 23 år gamal, viste Margrete glimt av det som skulle kome til å kjenneteikne hennar seinare politikk: handlekraft i kombinasjon med forhandlingstaktikk og ein sikker strategi. Ho var også varsam med ikkje å bryte fastlagde normer: Det var riksmøtet som valde Olav, og han gav si handfesting til riksrådet; Margrete og kong Håkon stilte seg bak handfestinga som garantistar. Som formyndar for sonen styrde Margrete i Danmark i samråd med stormennene. Ho kalla seg dronning av Noreg og Sverige, men i seglet sitt hadde ho også det danske riksvåpenet (tre krona leopardar, etter faren) og hertugdømmet Slesvigs våpen (to krona leopardar, etter mora). Det viser framover.

Fire år seinare døydde kong Håkon, og Margrete stod att som enkje og mor til tronfølgjaren, den 10 år gamle Olav. Også no la Margrete vekt på at ting vart gjort på rett måte. Det vart etablert eit formyndarstyre med Ogmund Finnsson som drottsete, og på Øyratinget, der Olav vart hylla olsokdagen 1381, lova drottseten og fleire riksrådar under eid – på vegner av kongen – at allmugen i heile Noreg skulle få nyte gamal rett. Fram til kongen vart myndig 1385 var det formyndarstyret og riksrådet som førde styret. Berre i eitt tilfelle er det registrert at Margrete tok avgjerd på vegner av sonen: 11. januar 1381 stadfeste ho privilegia til Mariakyrkja i Oslo, men det var før Olav vart hylla. Året etter, 6. februar 1382, stadfeste kong Olav privilegia på nytt, med råd og samtykke frå drottseten. Brevmaterialet vitnar i det heile om eit harmonisk tilhøve mellom dronninga og dei norske stormennene.

På kort og noko lengre sikt var det tre problemområde som det var viktig for Margrete å få løyst: Ho måtte sikre Slesvig for Danmark, få avklåra tilhøvet til hanseatane og få realisert den norske kongens krav på den svenske trona. Målsetjinga hadde ho klar heile vegen, strategien la ho under vegs.

Hertugdømet Sønderjylland eller Slesvig hadde frå byrjinga av 1300-talet stått under press frå sør. Holsteinske stormenn hadde etablert seg i det rike jordbrukslandet, og holsteinske grevar hadde sikra seg fyrstelenet som pant. Valdemar Atterdag var i ferd med å leggje landsdelen inn under den danske trona på nytt då han døydde, og for Margrete måtte det bli eit mål å realisere farens politikk; dei to leopardane i våpenseglet er vitnemål om det. Men i første omgang let ho det slesvigske spørsmålet liggje. Dei holsteinske grevane hadde vore på offensiven etter Valdemars død, og for å pasifisere dei gjekk Margrete 1386 med på å gje dei Slesvig som arveleg forlening. For henne var det ei mellombels løysing, og no hadde ho ryggen fri til å ta seg av andre viktige oppgåver.

1381 gav det norske riksrådet Margrete – “vår høgborne fyrstinne, dronning av Noreg og Sverige” – fullmakt til å tinge med dei tyske sjøbyane om fred og privilegier, til Olav vart myndig. I tilhøvet til hanseatane var det to ting som måtte ordnast: Privilegia i Noreg måtte fornyast etter kong Håkons død, og dei skånske slotta, som hanseatane hadde hatt i pant sidan 1370, måtte vinnast tilbake; pantetida gjekk ut 1385, men hanseatane var uviljuge til å gje slotta frå seg. Etter intense forhandlingar, der Margrete til fullnads fekk vist dei diplomatiske evnene sine, gav sjøbyane etter, og sluttstrek vart sett 29. juni 1385. Saman med slotta følgde skånetollen, som gav klingande mynt i ei slunken statskasse.

I eit av dei første breva sine som myndig tok Olav tittelen rett arving til Sveriges rike. Døra til den svenske trona opna seg for Olav året etter, då drosten Bo Jonsson døydde. Det vart strid om dei store godsa han hadde hatt i forlening, dei svenske stormennene gjorde oppreist mot kong Albrecht, og det svenske riksrådet vende seg til Margrete for å få hjelp. Ho gjekk raskt i gang med forhandlingar med dei svenske stormennene, men 1387 døydde Olav brått og uventa på Falsterbo slott i Skåne.

Slaget råka uendeleg hardt: Margrete miste sin einaste son, og samstundes kunne det sjå ut som om alt ho målmedvite hadde arbeidt for å byggje opp, no fall i grus. At ho ikkje let seg knekkje, vitnar om utruleg viljestyrke – og tru på eiga sak. Ho hadde gode hjelparar, og ho hadde vunne seg ein grunnfest posisjon som dronning og kongemor, så basisen for hennar framtidige maktstilling var sikra. Berre ei veke etter sonens død valde landstinget i Skåne henne til regent og hylla henne som “frue og husbonde” og heile Danmarks “fullmektige formyndar”; i grunngjevinga vart det lagt vekt på at ho var Valdemar Atterdags dotter og mor til kong Olav. Til stades var medlemer av det danske riksrådet, dessutan den nyoppnemnde erkebiskopen i Trondheim, Vinald Henriksson. Mindre enn eit halvt år etter, på eit møte i Oslo 2. februar 1388 kalla saman av erkebiskop Vinald, gjorde det norske riksrådet eit tilsvarande vedtak, og det svenske riksrådet følgde etter 22. mars same år. Kong Albrecht gav seg ikkje utan strid, men i slaget ved Falköping 24. februar 1389 vart han nedkjempa og teken til fange. Dei tre nordiske rika var samla, første etappe på Margretes veg fram mot målet var avslutta.

Det norske riksrådet valde Margrete til regent på livstid; i Danmark og Sverige vart det føresett at ho skulle styre til ein lovleg vald konge tok over. I det danske hyllingsbrevet heiter det at innbyggjarane skulle tene henne til ho vart samd med dei om å velje konge, medan det svenske rådet overlet til Margrete sjølv å avgjere om konge skulle veljast medan ho levde, eller først etter at ho var død. I kvart av landa lova ho å styre i samsvar med det som var lov og rett.

Noreg og det norske arvekongedømet vart eit grunnelement i den sterke og varige unionen Margrete ville byggje opp. Fjorten dagar etter at det norske riksrådet valde henne til “mektig frue” og “rett husbonde”, sende rådet ut brev om at kongearven frå no av skulle reknast frå henne, og at hennar systerdotterson, Erik av Pommern, var rett arving til den norske trona. Dette var brot på norsk tronfølgjerett, så det trongst ei grunngjeving: Han som stod nærast til i arv, hertug Albrecht 4 av Mecklenburg, høyrde til ei ætt som hadde ført krig mot Noreg og såleis tapt sin rett. Difor måtte det finnast eit nytt utgangspunkt for kongearven. Med hyllinga av Erik på Øyratinget året etter vart det knytt band til den gamle konungstekja, og ifølgje Eldbjørg Haug kan han ha vorte krona til norsk arvekonge 1392. For Margrete var dette viktig: Det la eit press på Danmark og Sverige, som vart bundne til å gjere same valet som Noreg. Det skjedde 1396 i begge landa. Då stod berre ein ting att for Margrete: å få dei separate avtalane inn i varige unionelle former.

Hausten 1396 gjekk det ut brev til riksråda i dei tre rika med innkalling til møte i Kalmar komande sommar. 17. juni 1397 vart Erik, med stor festivitas, krona av erkebiskopane i Lund og Uppsala til felles konge av Danmark, Sverige og Noreg; kroningsdokumentet, datert 13. juli same år, har form av eit hyllingsbrev til barnekongen. Ei seinare kjelde opplyser at 133 væpnarar vart slått til riddarar, eit tal som truleg er sterkt overdrive. Av verdslege stormenn som vi kjenner namnet på, var danskane i klårt fleirtal (24 eller 25), medan det var om lag like mange nordmenn (13) som svenskar (12 eller 13). Derimot møtte ingen framståande geistlege frå Noreg, noko historikarane har vore opptekne av å finne grunnen til. Eldbjørg Haug forklårar det med at dei norske biskopane hadde krona Erik på førehand, og då kunne det “lett ansees som en desavuering” dersom dei møtte til ny kroning. Men forklåringa ser bort frå at felleskroninga i Kalmar var noko heilt anna enn den tidlegare nasjonale kroninga. Spørsmålet står førebels ope.

I tilknyting til kroninga vart det ført diskusjonar om innhaldet i unionen, nedfelt i det mykje omdiskuterte “unionsbrevet”, datert same dag som kroningsbrevet eller ei veke seinare. Her blir det slått fast at statsforma skulle vere valkongedøme, og at kvart land skulle styrast i samsvar med det som var lov og rett i kvart av rika. Den svenske historikaren Erik Lönnroth såg dei to breva som uttrykk for to politiske program: eit regimen regale som Margrete stod bak, representert ved kroningsbrevet, og eit regimen politicum med aristokratiet som statsberande gruppe, representert ved unionsbrevet. Den samtidige eller nær samtidige dateringa kan tyde på at det vart arbeidt med dei to breva parallelt, men drøftingane må ha køyrt seg fast, noko som kan forklåre den uferdige forma unionsbrevet er overlevert i. Den danske historikaren A. E. Christensen har peika på at kroningsbrevet kan vere resultat av eit kompromiss. Det må ha skjedd med full tilslutning frå Margrete. Med den maktposisjonen ho hadde, ville det ikkje vore noko problem å presse ein avtale igjennom. Men det ville skapt strid; for dei norske delegatane ville det såleis ha vore vanskeleg å godta at kongen skulle veljast, noko som ville vere brot på prinsippet om at kvart land skulle styrast i samsvar med lov og rett. Ei detaljregulering av unionsvilkåra kan heller ikkje ha vore i Margretes interesse. Ho hadde kroningsdokumentet, som gav trygd for at det som var skapt, ville bli ståande.

Kroningsbrevet sluttar med ei lovprising og takk til Margrete for alt ho hadde gjort: “Gudh gifue henne hymmerike for thet”. Men det vart ikkje tale om pensjonisttilvære; ho heldt fram som “mektig frue” og “rett husbonde” for dei tre rika livet igjennom. Den formelle maktposisjonen etter Kalmar hadde ho i det morgongåvelenet ho hadde valt seg ut, og som symbolsk var eit nordisk rike i miniatyr: det norske Båhuslen med det sentrale slottet Båhus, det danske Nord-Halland og tilgrensande svenske landskap. Sin reelle maktposisjon hadde ho i kraft av sin personlegdom og dei resultata ho hadde oppnådd. Mange av dei prinsippa ho styrde etter, har ho pakka inn i den instruksen ho skreiv til Erik då han 1405 tok turen til Noreg for å ta imot hylling som myndig konge. Erik vart pålagd å trø varsamt, alltid ha eit fast mål med det han gjorde, og for all del ikkje la seg provosere. Dette var prinsipp som Margrete praktiserte sjølv både i innanrikspolitikken og i tilhøvet til framande makter.

Å styrkje kongemakta var eit av dei overordna måla til Margrete, og ho gjekk i gang med finansane. Skånetollen fekk ho hand om 1385; neste skritt var å auke skattane. I Danmark og Sverige hadde stormennene og kyrkja sikra seg rett til skattefritak for leiglendingane sine, og ved å kjøpe opp bondejord forminska dei skatteinngangen til staten. Då Erik vart vald til svensk og dansk konge 1396, gav stormennene i begge landa opp retten til slikt oppkjøp, og fem år seinare, i ein bulle frå pave Bonifatius 9, fekk Margrete rett til å tilbakeføre til krona jordegods som tidlegare hadde kome under kyrkja og verdslege stormenn. Denne såkalla reduksjonspolitikken gav resultat, men var mindre aktuell i Noreg, sidan stormenn og kyrkje ikkje hadde same privilegium her som i Danmark og Sverige. Med auka inntekter kunne Margrete løyse inn len som enno var pantsette, og mot slutten av hennar tid stod ingen av dei større lena i pant, korkje i Danmark, Sverige eller Noreg.

Kongemakta styrkte ho også ved å byggje opp eit maktsentrum rundt seg sjølv og det kongelege hoffet og leggje grunnen til eit unionelt kanselli med fellesorgan for unionen. Dei tidlegare riksembeta høyrde ikkje inn i byggverket, og ingen nye vart tilsette då innehavarane døydde – Bo Jonsson 1386, Henning Podebusk og Ogmund Finnsson 1388. Kanselliembeta vart ståande, men med funksjonar vesentleg knytte til rettsstellet. 1398 hadde den norske kanslaren riksseglet med seg til eit felles riksrådsmøte i København, og det ser ut til at det vart verande der i ettertid. Frå same tid vart det unionelle kongsseglet med tre kroner nytta i norske kongebrev.

Innanriks var målet å øve kontroll utan å kome i konflikt med dei leiande gruppene. Her skremde spora frå Albrecht av Mecklenburg og Magnus Eriksson. I størst mogeleg grad prøvde Margrete å unngå tvang. I toppstillingar i Sverige fekk ho for ein stor del plassert danskar og tyskarar som ikkje hadde direkte tilknyting til rådsaristokratiet. I neste omgang kunne det gje grunnlag for misnøye og opprør, noko som også skjedde etter at ho var død. I Noreg var det innanlandske stormenn som fekk dei sentrale lena. Styringsprinsippet var å få kongetru menn inn i alle viktige posisjonar, og følgja vart at ein og same mann kom til å sitje i fleire ombod samtidig; det var t.d. tilfellet med favorittane hennar i Noreg, Eindride Erlendsson og Gaute Eiriksson. Det var eit prinsipp som gjorde kontrollen sikrare, men det verka med til å påskunde lensoppløysinga i seinmellomalderen.

Sin politiske klokskap viste Margrete også i tilhøvet til kyrkja. Ho var sterkt religiøs, og kyrkjelege institusjonar i alle dei tre rika fekk gåver i form av jordegods og rørig kapital. Det norske testamentet hennar kjenner vi ikkje, men mange einskildgåver tyder på at den danske historikaren Kristian Erslevs påstand om at ho neglisjerte den norske kyrkja, ikkje held stikk. Under det kyrkjelege skisma (frå 1378) tok Margrete parti for paven i Roma, og ho visste å utnytte den maktposisjonen kyrkja og dei høgre geistlege hadde. Den same politikken som det nemnde pavebrevet 1375 vitnar om, praktiserte ho livet igjennom. Den kongetru Vinald Henriksson vart 1386 vald til erkebiskop i Trondheim, 1401 fekk ho ein av sine hoffprestar, den danskfødde Jakob Knutsson, godteken som biskop i Bergen, og då Oslo bispestol vart ledig seks år seinare, vart han overflytt dit og fekk oppgåver som norsk kanslar. Og det var fleire enn dei to som hadde bakgrunn i kongeleg presteteneste før dei fekk geistlege toppstillingar. Det gjeld m.a. Aslak Bolt, den seinare erkebiskopen; han hadde vore kongeleg kapellan før han 1408 etterfølgde Jakob Knutsson som biskop i Bergen.

Det var berre sjeldan det norske riksrådet kom saman under Margrete; det skjedde i Oslo 1392, då ho gav den store rettarbota si om landefred og Erik kanskje vart krona, og vi kjenner samla riksrådsmøte 1400 og 1409. I tillegg var det norske riksrådet med på felles unionsmøte i København 1398 og Helsingborg 1401. Det vanlege var at ho hadde samrådingar og tok avgjerder saman med einskildmedlemer. Til Noreg kom ho sjeldan, og dei fleste rådgjevarane ho hadde rundt seg til dagleg, var danske. Slik Margretes styresett var, fekk det norske riksrådet lite høve til å utvikle seg som styringsorgan. Men det er ingenting som tyder på motsetnad og interessekollisjon mellom henne og stormennene.

Biskopane hadde vore faste deltakarar i rådsmøta frå Magnus Erikssons dagar, og under Margrete vart deira politiske makt utvida ved at dei fekk tildelt len. Jakob Jensson i Bergen fekk 1400 Sunnfjord sysle på livstid, hans etterfølgjar Jakob Knutsson fekk Hardanger, prosten ved Apostelkyrkja fekk Voss, og erkebiskopen fekk Sparbu. Dei verdslege forleningane retta opp noko av det inntektstapet biskopane hadde hatt under Svartedauden, men disponeringane resulterte i at inntektsgrunnlaget til krona vart svekka.

I utanrikspolitikken hadde Margrete to klåre mål: å sikre dei nordiske rika mot pågang utanfrå, og vinne tilbake område som hadde gått tapt – Stockholm, Gotland og Slesvig. Som motvekt mot hansaen og dei nordtyske fyrstedøma orienterte ho seg vestover. Ho hadde utsendingar ved det engelske kongehoffet, og ho skaffa ei engelsk prinsesse, Filippa, som ektefelle til kong Erik. Også ekteskapet mellom Eriks syster Katarina og pfalzgreven Johan av Neumarkt (foreldre til Christoffer av Bayern) høyrer inn i Margretes plan om å byggje opp alliansar mot sjøbyane og dei mektige nordtyske fyrstedøma.

Stockholm, som Margrete ikkje hadde makta å undertvinge i oppgjeret med Albrecht av Mecklenburg, gav hansaen frå seg 1398, mot å få privilegia sine fornya. Også Gotland, som 1394 hadde vorte hærteke av Mecklenburg, fekk ho hand om på fredeleg vis 1407, etter forhandlingar med Den tyske orden. Slesvig var berre halvveges tapt for den danske trona; avtalen 1386 slo fast at hertugdømet var del av Danmark, men arveleg len under den holsteinske greveslekta. Grev Gerhard, som samstundes var hertug av Slesvig, døydde 1404, og motsetningar innan grevefamilien opna for at Margrete kunne gripe inn. Ho prøvde seg først med forhandlingar, men det utvikla seg til krig, og det var under fredsdrøftingane, etter eit forsoningsmøte i Flensborg, at ho brått døydde på skipet sitt i Flensborg hamn sist i oktober 1412.

Sin siste kvilestad fekk dronning Margrete i Roskilde domkyrkje, i ein praktfull sarkofag som stod ferdig 1423 og fekk heidersplassen framfor høgalteret. På lokket er dronninga avbilda i heilfigur, liggjande med krone og attlatne augo. Statuen viser ei ung kvinne, vel 160 cm høg, med reinskorne andletsdrag, og den gjev eit idealisert bilete av dronninga. Meir naturtro verkar ei samtidig byste, truleg forarbeid til statuen; her lyser andletet av styrke og energi, karakterdrag som statsmannsgjerninga hennar fortel om. I Uppsala domkyrkje finst ein kjortel i italiensk gullbrokade som skal ha tilhøyrt Margrete. Kjortelen er datert til mellom 1403 og 1439 og kan ha vorte boren av den slanke kvinna som har fått sin statue på sarkofagen.

Kilder og litteratur

  • DN, bd. 1–19
  • RN, bd. 5–7
  • Dipl.Dan., rk. 3, bd. 9 og rk. 4, bd. 1–3
  • Isl.Ann.
  • NgL, bd. 3, 1849, og rk. 2, bd. 1, 1904–12
  • NFH, 2. hovedavd., del 1–2, 1862–63
  • K. Erslev: Dronning Margrethe og Kalmarunionens Grundlæggelse, København 1882
  • L. Weibull: “Unionsmötet i Kalmar 1397”, i Scandia, bd. 3, 1930, s. 185–222
  • G. Carlsson: “Kalmarunionen. Till frågan om rättsgiltigheten av 1397 års unionsavtal”, i SHT, bd. 50, 1930, s. 405–481
  • H. Trætteberg: “Norges statssymboler til 1814”, i HT, bd. 29, 1930–33, s. 479–519 og 559–610
  • E. Lönnroth: Sverige och Kalmarunionen 1397–1457, Göteborg 1934
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 9, 1940
  • d.s.: Dronning Margareta og Kalmar-unionen, 1956
  • E. Lönnroth: “Unionsdokumenten i Kalmar”, i Scandia, bd. 24, 1958, s. 32–67
  • A. E. Christensen: Kalmarunionen og nordisk politik 1319–1439, København 1980
  • d.s.: biografi i DBL3, bd. 9, 1981
  • E. Albrectsen: Herredømmet over Sønderjylland 1375–1404. Studier over hertugdømmets lensforhold og indre opbygning på dronning Margrethes tid, København 1981
  • K. Hørby: “Kalmarunionens statsrett”, i Profiler i nordisk senmiddelalder og renaissance. Festskrift til Poul Enemark, Århus 1983
  • E. Lönnroth: biografi i SBL, bd. 25, 1987
  • E. Haug: “Erik av Pommerns norske kroning”, i HT, bd. 74, hf. 1 og 4, 1995, s. 1–21 og 492–508
  • K. Dørum: “Ble Erik av Pommern kronet i Norge før Kalmarmøtet?”, i HT, bd. 74, hf. 4, 1995, s. 469–472
  • E. Opsahl: “Erik av Pommerns kroning og Norges rolle i dannelsen av Kalmarunionen”, i HT, bd. 74, hf. 4, 1995, s. 473–491
  • E. Haug: Provincia Nidrosiensis i dronning Margretes unions- og maktpolitikk, Trondheim 1996
  • H. Bjørkvik: Folketap og sammenbrudd 1350–1520, bd. 4 i ANH, 1996
  • Margrete 1. Nordens Frue og Husbond, katalog til vandreutstillinga Kalmarunionen 600 år, København 1996
  • E. Albrectsen: Fællesskabet bliver til 1380–1536, bd. 1 i Danmark-Norge 1380–1814, 1997
  • L.-O. Larsson: Kalmarunionens tid. Från drottning Margareta till Kristian II, Stockholm 1997
  • E. Haug: Margrete. Den siste dronning i Sverreætten, 2000

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Kalkmåleri av ukjend kunstnar, u.å.; Västra Sallerup kyrkje, Eslöv, Sverige
  • Byste (alabast), truleg av Johannes Junge, 1420–23; St. Annen-Museum, Lübeck, Tyskland
  • Statue (heilfigur, alabast), 1423; på Margretes sarkofag, Roskilde domkyrkje, Danmark (bysten 1420–23 er truleg førearbeid til statuen; avstøypingar av begge finst på Fredensborg slott, Danmark; statuen er òg truleg utgangspunkt for teikningar og måleri frå 1500- og 1600-talet i Det Kongelige Bibliotek, København og Kungliga Biblioteket, Stockholm)
  • Måleri av Peiter Hartmann, 1607; Malmö rådhus, Sverige
  • Statue av ukjend kunstnar, truleg ca. 1760; i parken ved Ledreborg slott, Danmark
  • Statue av H. V. Bissen, 1856; Glyptoteket, København
  • Statue (marmor) av H. P. Pedersen-Dan; Christiansborg slott, København
  • Ryttarstatue av Anne Marie Carl Nielsen, 1897; Nordjylland Kunstmuseum, Ålborg
  • Sjå elles ikonografi i DBL3, bd. 9, 1981, s. 417

    Segl

  • Fire ulike segl er kjende: Sekret med dronningportrett og våpna til Noreg, Danmark, Slesvig og folkungane, 1375 og 1376; Majestetssegl med St. Olav og Noregs våpenskjold, 1388 (DN, bd. 1 nr. 511); Sekret med tre kroner, 1390, 1392, 1393; Sekret med krona kvinnehovud, frå byrjinga av 1390-åra og livet ut
  • Fleire avtrykk på dokument i RA, Oslo, Rigsarkivet, København og Riksarkivet, Stockholm. Sjå Chr. Brinchmann: Norske Konge-Sigiller og andre Fyrste-Sigiller fra Middelalderen, Kristiania 1924, med teikningar av segla

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.